Andre tenåringar vil kanskje velja senga eller sofaen og ein skjerm når dei først har fri frå skulen.
Ikkje Sine Pommeresche og venninna Elena Lie. I alle fall ikkje denne dagen.
Dei to 16-åringane, Elena frå Ogna og Sine frå Brusand og Bryne, starta tysdagen i Vardheia på Bryne.
Etter frukost, litt over klokka åtte, la dei i veg sørover langs fv. 44, til fots, med joggesko på føtene og pulsklokke rundt handleddet.
Målet: Å gå 100.000 skritt.
– Korfor det? spør Jærbladet, som finn dei sør for Varhaug etter over 17 kilometer og 25.000 steg. Det same spørsmålet hadde vener av Elena på Tryggheim vgs. visst stilt. Svaret er det same.
– Me har alltid hatt lyst! Og så ville me drøsa. Det er gildare å snakka når ein går, enn når ein sit, seier Sine.
Kanskje går samtalen endå lettare med vind i håret og sol i ansiktet?
– Å gå utløyser dopamin, lukkehormonet, seier jentene.
Dei to er glade og lette i steget. Dei går på sykkelveg, og trafikken drønnar forbi nokre meter unna. Himmelen er høg. Den skarpe vårsola er endeleg på plass, midt imot, og vinden på langt nær så kald som han har vore den siste tida.
– Det er mest for varmt med jakke, meiner venninnene.
Tre gongar er dei blitt sett av kjende, som har tuta i det dei har passert på vegen. På 10.000 og 20.000 skritt har dei også posta litt på TikTok. Sine si mor veit dessutan om at dei er ute og går, og nokre vener på Tryggheim. Elles er det ikkje veldig mange som er informert om ekspedisjonen.
– Det er betre å snakka om det når det er gjort, seier Sine.
Dei har sett seg eit mål.
– Det hadde vore gildt å nå fram til Eigersund, og å nå 100.000 skritt viss me får det til. I haustferien gjekk me 60.000 skritt, frå Ogna til Klepp, og me kunne nok ha gått lenger, trur dei.
Den turen tok ni timar, hugsar dei.
- Men me hadde lang pause på McDonald's på Kleppe.
Denne gongen berre går dei, og tar ting litt som det kjem, seier venninnene.
Oppakninga er begrensa. Sine ber på ein felles sekk, og i den er der berre vatn og kakao etter at dei har sett til livs litt kjeks dei hadde med.
Det dei ikkje har av niste, skal dei ordna undervegs. Dei ser for seg eit farsemåltid der framme, på Vigrestad, eller kanskje på Brusand?
På Ogna ventar dessutan ein middagsinvitasjon hos familien til Elena. Den har dei tenkt å ta imot.
– Og resten av påska, skal de flata ut?
– Me har ikkje tenkt så langt. Men me skal nok finna på noko!