Det er ein vanleg torsdag formiddag, men mykje action i heimen på Kleppevarden.
Tvillingane Sune og Sander Tjelta Jensen er i full aktivitet. Den eine piler rundt i stova med ein gåstol, medan den andre får litt hjelp av mor Siri Tjelta i rutsjebanen.
Slik ser kvardagen til trioen ut også dei neste fire månadene. Foreldreparet har nemleg fått innvilga kommunal kontantstøtte frå april, og mottar denne fram til barnehagestart i august.
– No har me litt romslegare økonomi dei neste månadene, så det var veldig greitt, seier Tjelta.
Foreldra søkte om barnehageplass til tvillingane i mars, i den same som storesøstera, men fekk ikkje plass før i august.
– Då me hadde permisjon, prøvde me å spare til den tida me skulle gå utan foreldrepengar.
– Får maks ut av det
Gutane blir 20 månader i april.
Nasjonalt har foreldre rett til kontantstøtte når barnet er mellom 13 og 19 månader.
I november blei det vedtatt at kommunal kontantstøtte for barn mellom 20 og 23 månader skulle bli vurdert i samband med budsjettbehandling.
I desember blei det klart at Kristeleg Folkeparti fekk ønsket sitt gjennom i budsjettforhandlingane med resten av fleirtalet.
– Eg synest jo at det er heilt topp at Klepp kommune har denne støtta. Det gjer jo at familien kan velje sjølv kva som passar dei, om dei vil gå heime lenger, at dei ikkje blir litt tvungne til å velje noko anna fordi økonomien stoppar, seier tvillingmora.
Barn som ikkje går i barnehage, kan motta 6038 kroner i månaden i Klepp.
Tjelta får dobbelt opp – og barnehageplass til tvillingane i Storhaug barnehage, saman med storesøstera, når pengestøtta er ferdig.
– No er det ikkje så mykje bekymringar på om dei neste månadene skal gå rundt, seier Tjelta.
– Me får maks ut av det.
Blei letta
Silje Nygård, kommunalsjef for barn og unge i Klepp, opplyser at kommunen har innvilga søknader for 20 barn sidan oppstarten i januar.
Ho legg til at alle som innfrir vilkåra får kontantstøtte.
Tjelta fortel at ho synest det er veldig kjekt å gå heime med tvillingsønene sine. To gonger i veka går dei til småbarnstreffet Småtroll på frivilligsentralen i Klepp, og ein dag til Blå Kors sin møteplass på Bryne.
Firebarnsmora var spent då saka om kommunal kontantstøtte var under behandling haust, og politikarane var ueinige om nødvendigheita av eit slikt tiltak.
Lettelsen var stor då avgjerda kom.
– Me er veldig fornøgde med at Klepp kommune har utvida kontantstøtta, og at dei legg til rette for at småbarnsfamiliar skal få moglegheit til å velje kva som passar deira familie best, utan at et skal gå for mykje ut over det økonomiske.