Vipe.

Det er Statsforvaltaren i Rogaland som tysdag melder om det splitter nye tilskotet – som går til bønder som viser omsyn til grupper av hekkande viper i den daglege drifta.

Jorda skal drivast som normalt, men vipene skal ha tilstrekkeleg med fred og ro i hekkinga. Reira må ikkje bli forstyrra eller øydelagde.

Det er sett fleire vilkår for å kunna få vipetilskotet, som blir betalt ut gjennom Regionalt miljøprogram:

  • Det må vera konstatert minst tre vipereir på eigedommen, og avstanden mellom dei alle må ikkje vera meir enn 200 meter.
  • Gruppa av reir må vera meld inn til kommunen eller Statsforvaltaren innan 15. april.
  • Det skal vera teke omsyn til vipa og ført logg over det som er gjort, til dømes med bruk av vipedisk under gjødsling, buffersone frå reira under gjødsling, redusert hastigheit på maskinane i nærleiken av reira etc.

Det førebelse forslaget til tilskotssats er 2000 kroner per reir i eng- og kornproduksjon og 3000 kroner per reir i potet- og grønsakproduksjon.

Statsforvaltaren arrangerer eit eige webinar om det nye tilskotet den 12. februar.

Bakgrunnen for tiltaka er at det har vore ein dramatisk nedgang i vipebestanden dei siste 30 åra. Så stor at vipa har fått status som kritisk truga på den norske raudlista for artar.

Vipa er ein trekkfugl, og dei fleste norske vipene flyg sørover til Frankrike og Spania for vinteren – og det er eit viktig vårteikn på Jæren når vipa kjem tilbake.

Men det hender også jamleg at enkelte individ overvintrar på Jæren, og dermed kan det også nesten like jamleg bli litt skjenn å få for lokalavisa når me år etter år melder at «Vibå æ komen» – trass i at ho har vore her heile tida.