Ivar Vestly sørgjer for at det kjem vasskaraflar på alle borda.
Ivar Vestly sørgjer for at det kjem vasskaraflar på alle borda. Foto: Åge Bjørnevik

Til sommaren blir Bore samfunnshus 55 år – og 1. august kjem maskinane som skal begynna å riva det. Huset skal erstattast med eit nytt sambygg,

– Er det litt vemodig, at de i dag serverer den aller siste søndagsmiddagen i dette huset?

– Nei, absolutt ikkje. Me ser framover, og gler oss til det nye huset skal stå ferdig hausten 2026, slår styreleiar Sigfred Rege fast.

Styreleiar Sigfred Rege rører i grytene inne på kjøkenet.
Styreleiar Sigfred Rege rører i grytene inne på kjøkenet. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Me treff han og resten av dugnadsgjengen søndag formiddag, kort tid før dørene opnar klokka 12

– Frå 12 til 14 pleier her å vera full rulle. I resten av opningstida, fram til klokka 16, roar det seg erfaringsmessig litt meir av, men det brukar å vera nok å gjera, då også, seier Rege.

Serverte over 1000 porsjonar i fjor

Søndagsmiddagane på Bore samfunnshus er ein mangeårig tradisjon. Tre gonger i året – under antikkmessa i hallen på våren og på hausten, pluss fast ein gong før jul – har samfunnshuset servert kortreist, heimelaga mat.

Tone Skjelbred (t.v.) og Anne Gro Pettersen rører i grytene.
Tone Skjelbred (t.v.) og Anne Gro Pettersen rører i grytene. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

I tillegg serverer dei mat til det faste bubiltreffet på Bore i starten av november kvart år.

Dermed er det fire store dugnadsløft med matservering årleg – og desse arrangementa er hovudinntektskjelda til Bore samfunnshus.

Dei åtte i styret for samfunnshuset har jobba i fleire dagar med førebuingane. På serveringsdagen er dei 12 vaksne som jobbar dugnad. I tillegg kjem ni ungdommar frå Bore ungdomsskule, som har denne serveringa som ein del av arbeidslivsfaget sitt på skulen.

Dugnadsfolket på Bore samfunnshus søndag: Framme frå venstre: Gerd Simensen, Oddleiv Sele, Ivar Vestly, Bjørghild Wiig Nese, Tone Skjelbred, Kate Iren Stangeland, Vigdis Nese. Bak frå venstre: Lisbeth Sele, Sigfred Rege, Anne Gro Pettersen og Jon Byberg.
Dugnadsfolket på Bore samfunnshus søndag: Framme frå venstre: Gerd Simensen, Oddleiv Sele, Ivar Vestly, Bjørghild Wiig Nese, Tone Skjelbred, Kate Iren Stangeland, Vigdis Nese. Bak frå venstre: Lisbeth Sele, Sigfred Rege, Anne Gro Pettersen og Jon Byberg. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

I løpet av dei fire timane skal det serverast hundrevis med middagsporsjonar. Rekorden sette dei under mars-serveringa i fjor, med 314 porsjonar. Då gjekk dei faktisk tomme nesten tre kvarter før stengetid.

– Me håpar på ny rekord i dag, slår styreleiar Sigfred Rege fast med eit smil.

Kate Iren Stangeland riggar opp det store dessertbordet.
Kate Iren Stangeland riggar opp det store dessertbordet. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Totalt på dei tre søndagsmiddagane i fjor serverte dei 850 porsjonar, fortel nestleiar Oddleiv Sele. Med dei rundt 180 porsjonane til bubilfolket, var dei oppe i over 1000 middagsporsjonar servert i 2024. Og alt er laga for hand, på samfunnshuset sitt eige kjøken.

– Eple, egg, grønsaker og mjølk får me gratis frå lokale bønder. Det er deira dugnad, og me set enormt stor pris på det. Det gjer at inntektene frå desse middagane blir mykje større, slår Sele fast.

Nestleiar Oddleiv Sele lærer opp ungdomsskuleelevane som skal vera med på dagens servering.
Nestleiar Oddleiv Sele lærer opp ungdomsskuleelevane som skal vera med på dagens servering. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Kjøtkaker, oksesteik og svinesteik med tilbehøyr – og stor dessertbuffé inkludert – er det kundane kan velja mellom søndag.

– Håpar på ein ny giv

I tillegg til middagane er det nokre lag og organisasjonar som brukar Bore samfunnshus jamleg. Det blir også leigd ut til minnestunder etter gravferder, til konfirmasjonar, til bryllaup med meir.

– Her er ikkje lys kvar dag, så me skulle gjerne sett at det blei meir brukt. Me håpar at det vil ta seg opp når dei heilt nye lokala står ferdige. At det skal bli ein ny giv då, seier styreleiar Rege.

Søndagsmiddag-banneret er på plass utføre Bore samfunnshus.
Søndagsmiddag-banneret er på plass utføre Bore samfunnshus. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Samfunnshuset har gitt frå seg grunnen som huset står på til Coop Klepp, som skal byggja ein ny Extra-butikk og ei ny landbruksavdeling der. I andre etasjen blir det over 800 kvadratmeter med splitter nye lokale til Bore samfunnshus – ein eigen seksjon som dei skal overta kostnadsfritt.

Det blir ein del planlagde aktivitetar i huset i månadane som kjem, men dei to konfirmasjonane den første helga i mai blir dei aller siste arrangementa. Då skal møblar og utstyr pakkast ned og fraktast til lager, slik at huset er tomt og klart når rivemannskapa går i gang 1. august.

Nybygget skal stå klart til innflytting 1. oktober 2026, og den første middagen etter opninga er allereie planlagt.

– 16. oktober til neste år opnar det nye rådhuset med kulturhus og kyrkje på Kleppe. Då skal me ha middagsservering her, seier Rege.