Eivor (5) og Hennie (3) Lomeland frå Kleppe får sitja på ein av veterantraktorane. Ein klassisk, raud Massey Ferguson 35X, viss nokon lurte.
Eivor (5) og Hennie (3) Lomeland frå Kleppe får sitja på ein av veterantraktorane. Ein klassisk, raud Massey Ferguson 35X, viss nokon lurte. Foto: Åge Bjørnevik

– Det me treng i desse tider, er ein god drøs, lått og løye med leik på tvers av generasjonar, kontakt med dyr og med jord. Det gjev glede og tilknyting, seier leiar for Klepp Bygdekvinnelag, Marianne Øvregaard.

Foto: Åge Bjørnevik
Foto: Åge Bjørnevik Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Trass grått og vått vêr ved inngangen til Farmendagen 2026 klokka 12 laurdag ettermiddag, fyltest parkeringsplassen ved Horpestad kultursenter – tidlegare Horpestad skule – seg raskt opp, og arrangørane måtte både ta i bruk ein del av fotballbanen og vegkanten langs Orrevegen for å finna plass til alle som kom køyrande.

Inne på kultursenterområdet var det lagt opp til eit breitt utval av aktivitetar både inne og ute, dei aller fleste med utgangspunkt i gards- og bygdeliv

.

Lisa (6) og Ida (10) Tendenes frå Klepp Stasjon fekk helsa på den kosete kalven.
Lisa (6) og Ida (10) Tendenes frå Klepp Stasjon fekk helsa på den kosete kalven. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Klepp Bygdekvinnelag, Fram 4H, Klepp Bygdeungdomslag og Klepp Bondelag står saman bak Farmendagen, som blei arrangert for første gong i fjor.

Arrangørane håpar at arrangementet kan gje inspirasjon til å læra meir om bondeyrket, og at det kan bidra til å fremja levande og berekraftige bygder.

Orrevegen småbruk – som heldt til berre eit par hus bortføre Horpestad kultursenter – hadde med seg mange ulike fuglar. Dei hadde fått tommel opp av veterinærstyresmaktene, så sant fuglane vart haldne under tak. Her ein kvit og ein spraglete påfugl.
Orrevegen småbruk – som heldt til berre eit par hus bortføre Horpestad kultursenter – hadde med seg mange ulike fuglar. Dei hadde fått tommel opp av veterinærstyresmaktene, så sant fuglane vart haldne under tak. Her ein kvit og ein spraglete påfugl. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Mange ville prøva seg på «mjølking». Kua var ikkje så naturtru, men spenane gav eit godt inntrykk av korleis ein må gjera viss ein vil mjølka for hand.
Mange ville prøva seg på «mjølking». Kua var ikkje så naturtru, men spenane gav eit godt inntrykk av korleis ein må gjera viss ein vil mjølka for hand. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Mor Trine og dotter Sofia Sandven frå Sandnes hadde teke turen til Horpestad. Her plantar dei frø saman. – Me har prøvd oss på både solsikke og gulrot, fortel mor.
Mor Trine og dotter Sofia Sandven frå Sandnes hadde teke turen til Horpestad. Her plantar dei frø saman. – Me har prøvd oss på både solsikke og gulrot, fortel mor. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Arrangørane oppfordrar til å prøva å dyrka sjølv, og stilte med ulike frø og knollar.
Arrangørane oppfordrar til å prøva å dyrka sjølv, og stilte med ulike frø og knollar. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Helene Stangborli frå Fram 4H i Klepp serverer lapskaus til gjestene på Farmendagen.
Helene Stangborli frå Fram 4H i Klepp serverer lapskaus til gjestene på Farmendagen. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Maritha Nielsen er ein av kunstnarane som har atelier på Horpestad kultursenter, og held også på med eit mastergrad på Stord. I den gamle gymsalen har ho drege i gang eit stort prosjekt i samteikning. Her saman med Emely Savannah Arman (9) frå Hommersåk.
Maritha Nielsen er ein av kunstnarane som har atelier på Horpestad kultursenter, og held også på med eit mastergrad på Stord. I den gamle gymsalen har ho drege i gang eit stort prosjekt i samteikning. Her saman med Emely Savannah Arman (9) frå Hommersåk. Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Mykje folk kom til Farmendagen ved Horpestad kultursenter laurdag ettermiddag, trass i grått og vått vêr ved inngangen til arrangementet.
Mykje folk kom til Farmendagen ved Horpestad kultursenter laurdag ettermiddag, trass i grått og vått vêr ved inngangen til arrangementet. Foto: Foto: Åge Bjørnevik