Stemneleiar Jeanette Vigrestad Tuen (framme i midten) leia sjølv oppvisningstroppen Lær på stedet – ein miksa gjeng som brukte 40 minutt av laurdagen på å øva inn programmet sitt.
Foto: Åge Bjørnevik
– Det er ein sprek gjeng, men det beste med denne gjengen er at ingen treng å vera perfekte, sa stemneleiar Jeanette V. Tuen då søndagens marsj til korpsmusikk gjennom Ognas gater var over, og turnarane begynte å gjera seg klare til oppvisninga som avslutta det 95. krinsturnstemnet for vaksne turnarar og gymnastar i Rogaland.
– Her kjem me med den kroppen me har, me dei kleda me har, med dei hoftene me har og kanskje også den ryggen me har etter mange år på jorda, sa Tuen frå arrangørklubben Brusand IL.
Instruktør Tone Helen Malmin Sele gjev teikn. Oppvisningstroppen Klepp Herrer er klare til å få i gang musikken – ABBAs 'Gimme! Gimme! Gimme! (A Man After Midnight)'.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
For ein ting er sikkert: Få idrettsarrangement har så stort spenn i alder blant deltakarane som eit krinsturnstemne. Det var også stort spenn i geografi, med deltakarar frå klubbane Egersund, Frøyland, Ganddal, Haugesund, Havørn, Klepp, Nærbø, Randaberg, Sauda, Sola, Tasta, Vardeneset, Voll, Ålgård, Brusand og ein tilreisande gjestetropp frå Bamble i Telemark.
Turnhelga starta laurdag med treningar, fest – og overnatting på Ogna skule for mange av deltakarane. Søndagen var det marsj med korpsmusikk gjennom Ognas gater, før stemnet blei avslutta med turnoppvisning ute på fotballbanen.
– Me har hatt det heilt fantastisk. Eit veldig godt arrangement, slår Tone Johannessen Røksund frå Sola Turn fast overfor Jærbladet.
Ho er trenar for ein av gruppene som deltok på oppvisninga: kvinner veteran-laget til Rogaland Gymnastikk- og Turnkrets, som har medlemmer frå Brusand, Sola, Haugesund og Vardeneset.
Tone Johannessen Røksund er trenar for veteranlaget for kvinner, med deltakarar frå heile fylket. Her viser ho veg under oppvisninga på Ogna søndag.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Her er nokre få av dei mange på veteranlaget for kvinner, som har deltakarar frå fire ulike klubbar fordelt over heile Rogaland; Brusand, Sola, Vardeneset og Haugesund.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Klepp sin mix-tropp har funne formasjonen.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Eit utsnitt frå oppvisninga til Klepp sin mix-tropp.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Publikum kosa seg med turnoppvisninga.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Den tilreisande gjengen frå Bamble gjorde seg om til cowgirls på slutten. Her takkar dei for seg.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Svein Høyland var speaker.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Det store fellesnummeret, som avslutta oppvisninga på stadion søndag ettermiddag.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Fortroppen i toget – flaggborg og drilltroppen til Nærbø skulekorps.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Nærbø skulekorps med drillkorps leia an då turnarar frå heile Rogaland og litt til skapte stemning på Ogna søndag.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Frøyland stilte med ein eigen turngjeng.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Gjengen frå Nærbø turnforening i raudt. Framføre dei går Eigersund og Husabø skulekorps, eitt av dei to korpsa/drillgruppene som deltok under defileringa.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Den store gjengen frå Klepp i toget gjennom Ognas gater.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Mange klubbar var med på det store turnstemnet på Ogna i helga.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Arrangørklubben Brusand danna baktroppen då turnarane gjekk i tog gjennom Ognas gater.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik