Eit vanleg månadskort for vaksen i éi sone går frå 791 til 550 kroner, medan to soner går frå 1210 til 900 kroner. Ungdomskort (U23) for alle soner går frå 305 til 225 kroner.
– Dette er eit kraftig priskutt som vil merkast for folk som reiser kollektivt kvar dag. Når månadskorta blir monaleg billegare, får folk meir igjen i lommeboka - og buss og tog blir eit endå betre alternativ i kvardagen, seier Erlend Jordal (H), Svein Erik Indbjo (FrP), Anne Kristin Bruns (KrF) og Kjartan Alexander Lunde (V) i ei pressemelding.
Det er Venstre sin gruppeleiar, Kjartan Alexander Lunde, som har sendt ut meldinga. For han er det særleg positivt at prisreduksjonen også kjem pendlarane på Jærbanen til gode.
– Jærbanen er sjølve ryggrada i kollektivtilbodet på Jæren. Når det blir billegare å ta toget til jobb, skule eller studiar, blir skinnegangen også ein litt lettare veg gjennom månadsbudsjettet. Eg håpar dette gjer at endå fleire vel toget i kvardagen, seier Lunde.
Mange som kan ta æra – og gjer det
Dei billegare billettane kom på plass etter forhandlingane mellom Ap, Sp, SV, Rødt og MDG om revidert nasjonalbudsjett i vår. Allereie til statsbudsjettet som blei vedteke i fjor, kom det i forhandlingane på plass ei ny ordning for billegare billettar, med over 600 millionar kroner i potten. Ordninga blir forvalta av Jernbanedirektoratet og er øyremerkt billegare kollektivbillettar – etter søknad frå fylka.
I revidert nasjonalbudsjett blei potten auka med nær ein halv milliard kroner, og særleg SV og MDG har trekt fram dei billegare kollektivbillettane som eit viktig politisk gjennomslag.
I Rogaland skryt no fleirtalet – Høgre, FrP, KrF og Venstre – av at det er dei som gjennomfører kutta her i fylket. Det er altså eit breitt spekter av parti som kan vera med og ta sin del av æra, nasjonalt og regionalt.
Til Rogaland kom det 48 millionar gjennom statsbudsjettet for 2026 og 38,1 millionar ekstra gjennom revidert nasjonalbudsjett.
Dei nye prisane gjeld fram til 9. april 2027, men dersom Stortinget løyver meir pengar til ordninga, kan perioden bli forlengd.
Dei nye prisane
Her er nokre av dei nye prisane i Rogaland:
- Vaksen 1 sone: 550 kr (791 kr i dag).
- Vaksen 2 soner: 900 kr (1 210 kr i dag).
- Ungdomskort (U23), alle soner: 225 kr (305 kr i dag).
- Student, honnør og militær 1 sone: 275 kr (396 kr i dag).
- Student, honnør og militær 2 soner: 450 kr (605 kr i dag).
- HjemJobbHjem 1 sone: 450 kr (573 kr i dag).
- HjemJobbHjem 2 soner: 710 kr (868 kr i dag).
- 365-dagarskort: 5500 kroner for ei sone og 9000 kroner for to soner (mot 7910 og 12.100 i dag).
Prisane på månadskort i Rogaland blei sist sett ned frå og med 11. april i år. Før det steig prisen to gonger på nokre månader, først 1. oktober og deretter ved nyttår.
Etter «to steg fram og eitt tilbake»-reduksjonen i april var dei fleste periodebillettane framleis dyrare enn det dei var før 1. oktober i fjor. Men med den nye prisreduksjonen – to steg fram og to tilbake – blir prisane no liggjande ein god del lågare enn det dei gjorde for eitt år sidan.