Tysdag tok brannfolk frå stasjonen på Bryne turen til Klepp, etter å ha fått melding frå eit hus der om at det kom rare lydar frå omnen.
Det viste seg at det var ein fugl som hadde forvilla seg ned pipa.
– Etter litt forsiktig lirking fekk me fuglen trygt ut att, og børsta av det verste sotlaget, fortalde Rogaland brann og redning IKS på Facebook-sida si onsdag formiddag.
– Akkurat då fuglen skulle sleppast fri, kom to av barna i huset heim frå barnehagen. Dei fekk helsa på dagens litt uheldige gjest – og jubla då han fauk av garde, heiter det vidare.
– Har me kapasitet, vil me gjerne hjelpa
– Har de i brannvesenet ofte slike oppdrag med å redda fuglar ut av omnar?
– Nei, ikkje ofte, men det skjer. Me i brannvesenet skal redda alle typar liv, seier organisasjons- og kommunikasjonssjef Kari Synnøve Vigre i Rogaland brann og redning.
– Me kan ikkje prioritera denne typen oppdrag framføre større hendingar, men har me kapasitet, vil me gjerne hjelpa til. Det er god trening for mannskapa, også, å gjera jobbar som dette, legg ho til.
Bryne er brannvesenet sin fagstasjon for dyreredning i regionen, og stasjonen der har også fast bemanning på dagtid. Det var derfor mannskap derfrå tok turen til Klepp.
– Me kallar ikkje ut mannskap som ikkje allereie er på jobb til denne type oppdrag, forklarar kommunikasjonssjef Vigre.
Kråke eller kaie?
I kommentarfeltet på brannvesenet si Facebook-side har det for øvrig gått ein liten debatt om kva slags fugl det er snakk om. Om det er sjølvaste kråka, eller om det er den litt mindre kråkefuglen kaie? Kommentarfeltet hallar klårt mot at svaret er kaie.
Jærbladet kan ikkje fastslå noko, men eit Google-søk fortel oss at det i Asia finst ein kråkefugl som heiter sotskrike. Er det lov å føreslå at kanskje fuglen i Klepp drøymer om å vera ei slik? Nei, i grunnen ikkje. Det blir rett og slett for usakleg.