Monica Horpestad rosar aktivitetsparken som har kome opp, og trekk fram at det i tillegg til å vere ein flott plass å ta med ungane, er ein fin arena å bli kjend med andre på.
Monica Horpestad rosar aktivitetsparken som har kome opp, og trekk fram at det i tillegg til å vere ein flott plass å ta med ungane, er ein fin arena å bli kjend med andre på. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Me bruker aktivitetsparken mykje, og det er så kjekt å vere her når det er fint vêr, seier kleppsbuen Monica Horpestad.

Saman med dottera Julie Hovland Horpestad leiker ho sisten rundt klatrestativet i aktivitetsparken, som opna i Klepp i fjor.

Duoen nyttar vårsola i aktivitetsparken i Klepp, som no er på veg inn i ein ny høgsesong.
Duoen nyttar vårsola i aktivitetsparken i Klepp, som no er på veg inn i ein ny høgsesong. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Ho elskar å sparke på sparkesykkel, skate og stå på rulleskøyter, seier mora.

Modige 3-åringar på skatebanen

Idar Eriksen og Julie Falkeid har tatt med seg ungane sine Emrik (6) og Oline (3), som står på sparkesykkel og skateboard i skateparken.

Familien har godt selskap av Ruben Helmsgård og Viviann Isachsen, og ungane Erica (3) og Luke (5).

Dei to familiane, som bur i Klepp og på Nærbø, gjer ein aktivitet av å ta ungane sine med til skateparken. Også dei minste, heilt nede i 3-årsalderen, prøver seg på banen.
Dei to familiane, som bur i Klepp og på Nærbø, gjer ein aktivitet av å ta ungane sine med til skateparken. Også dei minste, heilt nede i 3-årsalderen, prøver seg på banen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Dei vaksne er også med på leiken.
Dei vaksne er også med på leiken. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim
Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

«Good vibes only»

Padelbanen er også i bruk når Jærbladet tar runden i parken rundt klokka 18. Utanfor sit Martyna Bell og Natalia Zygola, som har tatt seg ein pause.

– Det er fantastisk med sola. «Good vibes only», ler Martyna, som er busett i Klepp.

Martyna Bell (t.v.) har akkurat tatt fatt på padelracketen. Venninna Natalia Zygola er litt meir erfaren, og starta i fjor, men har for augeblinken ei skada hand som bremser henne.
Martyna Bell (t.v.) har akkurat tatt fatt på padelracketen. Venninna Natalia Zygola er litt meir erfaren, og starta i fjor, men har for augeblinken ei skada hand som bremser henne. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Jose Matias er å finne ved treningsapparata. Han kjem frå Spania, og fortel at han flytta til Klepp i januar. Han og kjærasten har kome hit på grunn av jobb, men også fordi dei liker å reise.

Sannsynlegvis blir dei buande eit par år, før dei flytter til eit nytt land.

– På vinteren var det berre eg i parken. Det ser ut som at folk i Klepp og kanskje Skandinavia gøymer seg på vinteren, og kjem fram på våren, ler han.

Spanjolen Jose Matias flytta til Noreg og Klepp i januar. Kjærasten bur også her. Han synest landet er fint, og set mellom anna pris på surfeforholda på Bore.
Spanjolen Jose Matias flytta til Noreg og Klepp i januar. Kjærasten bur også her. Han synest landet er fint, og set mellom anna pris på surfeforholda på Bore. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Reiser frå Sandnes

Fleire Jærbladet møter bur i Sandnes. Emmely Rolfsen (8) kjem med storesøster Sofie Rolfsen og Kristian Holden. Ingen av dei har vore her før.

– Det er godt at sola endeleg er framme, og det er kjekt å sjå mange folk i parken, seier sistnemnde.

Også Espen Holden med ungane Aurora Helen Rinaldo (9) og Thomas Holden (5) blei med.

Gjengen har testa ut aktivitetsparken for første gong.
Gjengen har testa ut aktivitetsparken for første gong. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Asgeir Nærland og dottera Marie Nærland, som også har tatt turen frå Sandnes, er derimot faste besøkande.

– Me bruker parken ein del. Det er veldig stas, seier far.

Asgeir og Marie Nærland tar hyppig turen sørover til Klepp.
Asgeir og Marie Nærland tar hyppig turen sørover til Klepp. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim