Gerd Signy Omland, kommuneoverlege i Hå, er likevel ikkje så opptatt av ventelistene til fastlegane sine.
Det ho derimot følgjer med på, er kor mange som ikkje har fastlege i Hå det heile.
– Akkurat i augeblinken er det ingen utan fastlege i Hå – men det kan sjå annleis ut i morgon, seier ho til Jærbladet onsdag.
– Det varierer heile tida og beveger seg frå dag til dag. Eg plar sikre at desse blir putta på lister der det snart blir ledig plass.
Totalt var det 4.521 personar på venteliste til fastlegar i Klepp, Time og Hå totalt i slutten av 2024. 5. februar 2026 er talet 4.242.
Mange vil bytte internt i kommunen
I slutten av 2024 sa kommuneoverlege i Time Øystein Fjetland Øgaard til Jærbladet at det ikkje er nok fastlegeplassar i forhold til talet på innbyggjarar i kommunen hans.
– I løpet av dei siste åra har det blitt sprengt kapasitet over alt, sa han.
Han viste til at dei fleste som stod på venteliste då, hadde fastlege i Time eller nabokommunane.
Han meinte at det er valfridomen fastlegemangelen går mest ut over, men forklarte at ventelistene gjerne aukar dersom fleire legar kjem til. Derfor uttrykker ikkje ventelistene alltid reell mangel i kommunen
Mange av dei som står på venteliste, er pasientar som vil bytte internt i kommunen, sa Omland i same artikkel. Øgaard sa at også folkeveksten gjer at ventelistene aukar, hovudsakleg auken av flyktningar.
Dei siste åra ser ein nasjonalt at fleire fastlegar har blitt rekruttert. Det gjeld også lokalt, ifølgje Omland.
– Det er ein trend i heile regionen at fleire legar har ønskt å bli fastlege dei siste åra, seier ho.
– Ønskjer at det skal vere ledige plassar
Frå tid til annan er det fastlegar som får éin eller fleire ledige plassar på lista si. Dette kan for eksempel vere fordi nokon døyr, eller fordi ein stor familie flyttar, forklarer kommuneoverlege Omland.
– Kommunane ønskjer at det skal vere ledige plassar fordi det støtt og stadig kjem tilflyttarar, seier Omland.
– Me har retningslinjer for kor mange plassar det kan vere på ei liste, og me trappar jo opp av og til, med mindre det er vikarstilling. Det kjem også nye plassar frå tid til annan på grunn av at me tilset nye fastlegar.
På lista over fastlegar på Jæren er det Cecilie Lerstøl Cais ved Krossen Legekontor som har flest på venteliste, der 240 er talet. Hanna Hartmark Vaksdal har ni ledige plassar, og er den einaste som ikkje har full liste.
Det finst også ei fastlegeliste utan fastlege ved Sandtangen legekontor. For pasientane på ei slik liste, vil det som oftast vere ein vikar som varetar fastlegen sitt ansvar. Det kan også vere andre legar i kommunen.