Svein Olav Nesse blir pensjonist i mars neste år, og gjev seg etter tretten år i jobben.

– Det er eigentleg ei veldig allsidig stilling. Veldig mykje handlar om dei fire hovudoppgåvene gravplassforvalting, økonomi, personal og kyrkjebygg, sa han til Jærbladet i september.

Han seier det er eit stort spenn, men at det er òg det som gjer det interessant.

– Det er mange oppgåver å gripa fatt i og utfordringar å ta tak i, meiner Nesse.

Kyrkjeverja er dagleg leiar for det kyrkjelege fellesrådet i kommunen, som har ansvar for den daglege drifta av kyrkjene, kyrkjebygga og kyrkjegardane, inkludert økonomi og administrasjon.

Hå kyrkjelege fellesråd engasjerte rekrutteringsbyrået Knif Jobb for å finna ny kyrkjeverje. Søknadsfristen gjekk ut 28. september, og dei fekk ti søkarar.

To har trekt seg, mens ein mann har har god nok grunn til å stå som søkar utan at namnet står på den offentlege søkarlista.

Det betyr at fellesrådet nå kan velje mellom åtte kandidatar.