Nina Bolme Steinsholt held fram som administrerande direktør ut september.
Nina Bolme Steinsholt held fram som administrerande direktør ut september. Foto: Privat / Snorre Standish Norheim

– Eg har nådd ein alder der det er greitt å gå av og bli pensjonist, seier ho til Jærbladet.

Avgangen er dermed ifølge direktøren ikkje relatert til at nesten heile styret i Jæren DPS blei bestemt byta ut av eigaren, Norske Kvinners Sanitetsforening - NKS Rogaland, på ei ekstraordinær generalforsamling 26. juni.

– At eg skal slutte blei bestemt for fleire månader sidan, så det har ingenting med saka å gjere, seier ho.

– Vil bli ei krevjande tid

– Kva tenker du om at styret blei kasta av NKS?

– Eg tenker at det alltid er utfordrande for ein organisasjon når det kjem inn både ny direktør og nytt styre, der det sit berre éin igjen i styret med litt kjennskap til organisasjonen. Det er klart at det vil kunne bli ei krevjande tid, seier Steinsholt.

– Ann Kristin Thorkelsen, som blei avsett som styreleiar, uttalte til Sandnesposten at ho meinte at prosessen var «meget uryddig». Kva tenker du om prosessen?

– Eg vil ikkje uttale meg om det. Me har ein eigar, og i kraft av eigarskapet kan eigar gjere dette. Men det vil jo vere utfordrande for organisasjonen å både få ny direktør og eit heilt nytt styre, det er ikkje til å stikke under ein stol, seier Steinsholt.

Jærbladet har for øvrig, etter at me publiserte den første saka om utskifting av styret, blitt kontakta av fleire tilsette som helsar det nye styret velkommen. Dei gjev uttrykk for at det har vore meir uro på huset enn det den avsette styreleiaren seier i artikkelen.

Ny sjef blei tilsett av førre styre

Nina Bolme Steinsholt held fram som administrerande direktør for Jæren DPS på Bryne ut september, fortel ho.

Ho kan sjå tilbake på over ti år i stillinga.

– Det har vore ei flott tid. Jæren DPS er ein flott arbeidsplass med mange dedikerte arbeidstakarar som verkeleg jobbar kvar einaste dag for å gi gode tenester til pasientar – enten det er pasientar som er på døgnopphald eller poliklinisk behandling, seier ho, og legg til:

– Det har vore spennande, utfordrande, krevjande og kjekt.

Morten Auglend blei 9. juni tilsett som ny administrerande direktør, ifølgje Steinsholt. Tilsettinga av ny direktør blei gjort av styret som no er gått av, fortel ho.

Auglend startar i stillinga 14. september, og overlappar dermed i vel to veker med forgjengaren.