Fredag kveld stilte Utrykkingspolitiet seg opp langs Ålgårdsvegen i Time. Der målte dei farten på dei som køyrde forbi. For dei fleste gjekk det fint, men sju av dei enda opp med å vedta forenkla førelegg for å ha køyrd for fort i 70-sona.
Den høgast målte farten var 93 kilometer i timen.
Natt til laurdag stansa ein politipatrulje ein ungdom som køyrde ATV på Nærbø. Det viste seg at ungdommen ikkje hadde gyldig førarkort. Ungdommen blir politimeld for forholdet.
Klokka 02:00 natt til sundag var det ein sjåfør som var uheldig i Stokkalandsvegen. Han køyrde av vegen i ein skarp sving og trefte eit steingjerde. Sjåføren skal ikkje ha komme til skade i samband med uhellet.
– Det er ikkje mistanke om ruskøyring, opplyser politioverbetjent Morten Slettebø.
Det er det derimot mistanke om i samband med ei utforkøyring på Vigrestad, omtalt av Jærbladet sundag. Ein bil hadde hamna på taket. Då patruljen kom til staden, klarte dei ikkje lukkast å komma i kontakt med føraren av bilen.
I samband med at bilen køyrde av vegen, sprang eit målingsspann lekk og spruta ut over interiøret i bilen. Etter ei tid med leiting kom politiet over to personar i Sirevåg. Dei var tilsølte med same type måling.
Dei to framsto berusa, men verka ikkje som dei var skada.
Politiet mistenker at dei to var involvert i uhellet, og sørga for at det blei tatt blodprøvar av dei.