Då kommunedirektør Trygve Apeland onsdag presenterte sitt forslag til budsjett og økonomiplan for Time, føreslo han å setta investeringar som ny symjehall og oppussing av Hognestad skule på vent, til fordel for styrking av dei kommunale tenesteområda.
Apeland la vekt på at Time står føre ei eldrebølge dei komande åra, og sa han vil styrka tenesteområdet for helse og velferd med 17 årsverk.
– Me opplever ein betydeleg vekst i den eldste delen av befolkninga i Time. I tillegg merkar kommunen at sjukehuset skriv pasientar tidlegare ut enn før, og at det er behov for tyngre helsefaglege tenester. Me må førebu kommunen på å handtera denne auken og sikra at desse får gode tenester, sa Apeland.
Vil styrka Sivdamheimen
Sjukepleiarane Kariann Lura og Line Helleland ønsker signala frå kommunedirektøren velkomen.
Dei to jobbar ved Sivdamheimen, Lura i demensavdelinga og Helleland ved Vibå dagsenter.
I forslaget til budsjett og økonomiplan legg kommunedirektøren opp til å styrka Sivdamheimen med seks nye årsverk og ein auke i budsjettet på 2,3 millionar kroner.
I forslaget er det òg sett av 16 millionar kroner til å oppretta fleire sengeplassar.
– Travelt på golvet
Lura seier til Jærbladet at ekstra bemanning vil bety mykje.
– Det er ikkje til å stikka under ein stol at det er travelt nede på golvet, seier Lura.
Ho seier at dei alltid gjer sitt beste, men at dei av og til føler at dei ikkje heilt strekk til.
– Og då er det ikkje pasientane det går ut over. Dei får det dei skal ha, men vert det for travelt, slit det på dei tilsette, seier Lura.
Ho seier dei jobbar iherdig for å oppretthalda dei gode tenestene i kommunen.
– Ekstra folk ville betydd mykje, seier ho.
– Må ha nok tid
Forslaget frå kommunedirektøren er, enn så lenge, berre eit forslag. Det er politikarane som til sjuande og sist bestemmer korleis kommunen sine pengar skal brukast.
Lura håpar forslaget frå kommunedirektøren står seg gjennom dei politiske rundane fram til budsjettet er vedtatt.
– Det er ofte du høyrer snakk om alt som skal verta betre. Eg håpar det vert handling bak det, elles vil helsearbeidarane slita framover. Skal me oppretthalda dei gode tenestene me leverer i dag, må tenesteområdet styrkast. Viss ikkje, slit personalet seg ut, seier Lura.
Ho har sjølv halde presentasjon om demensomsorg for kommunedirektøren og håpar han har henta med seg noko frå presentasjonen i budsjettarbeidet.
Lura seier til Jærbladet at ho ikkje er sikker på om folk flest er klar over kor viktig det er at dei som jobbar i eldreomsorga har nok tid til disposisjon.
– Dette er ikkje eit maskineri som kan gå. Her treng me tid til å finna dei flotte hjarteromma som oppstår av og til, seier ho.
Tyngre oppgåver, men gjevande jobb
Oppgåvene innan eldreomsorg vert tyngre. Det vert fleire eldre, og dei bur heime lengre. Når dei får sjukeheimsplass, er dei gjerne sjukare enn dei var før. Det er, som Lura var inne på, ingen løyndom at omsorgsyrke er travle.
Helleland, som har vore sjukepleiar i fem år, var likevel ikkje i tvil om karrierevalet.
– Det gjev mykje å kunna hjelpa andre, seier ho.
Helleland meiner at dei gode augneblinka og dei positive sidene gjer jobben gjevande, trass i dei utfordringane som finst i helsevesenet.
Lura har vore sjukepleiar i eit år.
– Det betyr mykje å sjå andre få gode augeblink. Men det er òg ein krevjande jobb å vera ny i. Ofte dukkar det opp uventa utfordringar, som krev at me snur oss rundt fort, seier ho.
Kommunedirektøren: – Framleis krevjande
Då kommunedirektør Trygve Apeland presenterte forslaget sitt til budsjett og økonomiplan onsdag, sa han at han aldri før har lagt inn så mange årsverk i eit tenesteområde på ein gong.
– Men så kan eg seia med ein gong at det ikkje nødvendigvis er noko som dei i helse og velferd vil oppleva at no fekk dei endeleg dei folka dei treng, sa han.
Ifølge Apeland handlar det i stor grad om å legga inn årsverk som allereie i dag er i bruk.
– Dette tenesteområdet vil framleis ha det krevjande med å ha nok årsverk til den tenesta dei leverer på dei ulike områda, sa han.
Lura og Helleland er uansett takknemlege for at kommunedirektøren vil styrka tenesteområdet deira.
– Me håpar inderleg at det vert noko av, seier Lura.