(Dalane Tidende): Onsdag kveld var Kurt Sæstad og ein vennegjeng i Stavanger for å få med seg seglskutefesten Tall Ships Races.
På veg heim igjen til Egersund, oppdaga han at toaletta på toget var i ustand. Ein lapp på dodøra og sperreteip indikerte det.
Sæstad hugsa at toaletta også var ute av funksjon då han for to veker sidan tok toget til Bryne for å besøka son sin.
På heimturen onsdag spurde han derfor ein konduktør om det faktisk var sånn at det ikkje var tilgjengelege toalett på Jærbanen i sommar.
– Ho svarte at toaletta ikkje hadde vore i orden på lenge, og at dei, så langt ho visste, heller ikkje ville bli reparerte med det første, fortel Sæstad.
– Direkte uhøyrt
Han synest tilstanden og Go-Ahead si haldning til kvaliteten på tenesta dei leverer er rystande.
– Passasjerane får inga åtvaring, og det er ikkje hengt opp noko oppslag for å informera og beklaga, bare ein lapp om at toalettet er i uorden. Ein av dei som var med oss på turen onsdag, må av medisinske årsaker bruka toalettet ofte. Han hadde så store problem på heimturen at me vurderte å gå av på ein stasjon før Egersund for at han skulle få gå på do, men han klarte seg, fortel Sæstad.
Han påpeiker at éin time, som togturen mellom Stavanger og Egersund tar, er lenge dersom du verkeleg er tissetrengd eller har andre ærend på toalettet.
– Dette er direkte uhøyrt, meiner Sæstad.
Mange mislykka reparasjonsforsøk
Kommunikasjonsansvarleg Oda Riska i Go-Ahead bekreftar at fleire av togsetta på Jærbanen er utan fungerande toalett.
– For tida er det sånn at dei fleste togsetta manglar fungerande toalett. Ein har prøvd veldig mykje som ikkje har fungert, for å få dei opp og gå igjen. Lokaltoga har bare eitt toalett per togsett, og når det trengst reparasjon, kan det ta litt tid før ein igjen har tilgjengeleg toalett på toget. For å få tømt toalettet i forbindelse med reparasjon, må heile toalettet koplast av, forklarer Riska.
Ho veit at det over helga vil bli sett inn ekstra ressursar i dette utbetringsarbeidet.
– Eg kjenner ikkje utbetringsplanen i detalj, men eg kan forsikra om at dette er eit problem som har høg prioritet i Go-Ahead, seier Riska.
Må halda igjen toget
Ho held fram:
– I utgangspunktet vil me ha toalett som fungerer. Særleg for passasjerar som reiser heile strekninga er det viktig, så situasjonen me har for tida er ikkje ideell i det heile tatt.
– Dalane Tidende har snakka med personar som fortel om tilfelle der toget har blitt halde igjen på stasjonen for at folk skal rekka å gå på toalettet, noko som igjen nødvendigvis betyr forseinking. Er dette ei løysing ein må ty til ofte?
– Det er sjølvsagt ikkje ønskeleg å halda igjen toget, men i ein nødsituasjon vil alltid dei som jobbar om bord gjera alt dei kan for å hjelpa passasjeren. Me må sikra at alle får ei ok reise, seier Riska.