Time og Klepp kommune arbeider i desse dagar med ei sak som er av interesse for heile regionen.
Kommuneplanen i Time og Klepp legg til rette for areal- og kraftkrevjande industri nær kraftknutepunktet på Fagrafjell, og politikarane i kommunane arbeider nå med korleis dette kan takast vidare i ein områdeplan.
Time Energipark har utarbeida og betalt for eit forslag til områdeplan.
Utbygging av næringsareal på Kalberg dreier seg om langt meir enn eit datasenter. Det dreier seg om 1200 dekar næringsareal, både for kraftkrevjande industri og for andre verksemder som treng både kraft og næringstomter å byggja på.
I mine møte med bedrifter i jærkommunane vert det mange gonger signalisert uro for framtidig næringsareal på Jæren.
Det gjeld både Klepp, Time og Hå.
Kommunane har ikkje noko større samla næringsareal å tilby. Areal til utbygging vil snart verta mangelvare på Jæren, ein landbruksregion kor produksjon av mat må vega tungt.
Det skal og takast omsyn til alle slags naturtypar, så det vert ikkje lett å omdisponera areal til utbygging på Jæren i åra framover.
Eit stort område på Kalberg, i Time og Klepp kommunar, heilt opp mot grensa til næringsområde i Sandnes, nær både jernbane og godt vegnett er i kommuneplan avsett til utbygging.
Når så dette skal planleggjast vidare, har spørsmål om omkøyringsveg rundt Kverneland og bruk av overskotsvarme frå eit gigantisk og kraftkrevjande datasenter vorte sakene som trugar med å setja ein stoppar for vidare utbygging.
Det var interessant å vera tilhøyrar på møtet i Lokal Utvikling i Time sist veke.
Kommunedirektøren ber om tilbakemelding frå politikarane i ei prinsippsak for å koma vidare i realiseringa av næringsområdet på Kalberg.
- Nokre av politikarane vil helst ikkje ha verken datasenter eller næringsområde på Kalberg.
- Andre vil sikra at heile omkøyringsvegen rundt Kverneland vert realisert, og at mest mogeleg av energien eit datasenter treng kan nyttast til meir enn datalagring. Dei fryktar at når utbyggjar får på plass eit datasenter, har dei ikkje lenger same hast med å gå vidare og fullføra omkøyringsvegen. Ein halvgjort veg vil kunna føra til uhaldbare trafikkforhold på Kverneland.
- Utbyggjar vil på si side ha rekkefølgekrav som gjer det mogeleg å rekna heim ei utbygging på Kalberg. Finansiering av omkøyringsveg til over 1 milliard vert umogeleg å leggja på bordet før ei utbygging kjem i gang og inntekter begynner å koma.
Frå næringssynspunkt ville det vera katastrofalt om ikkje utbyggjar og kommune finn ein farbar veg for å få vidare utbygging av Kalberg-området realisert.
Både kommune og utbyggjar snakkar om trinn i utbygginga, og det må gå an å verta einige om vilkåra.
Jæren treng næringsareal.
Jæren vil og i framtida trengja bedrifter og arbeidsplassar knyta til industri av ulikt slag.
Kalberg vil kunna ha plass til både kraftkrevjande næring, matproduksjon og andre bedrifter som treng energi.
Jærbuen ser vanlegvis muligheter, ikkje berre problem.
Spillvarme frå eit datasenter vil gje muligheter for anna industri, muligheter eg kjenner meg trygg på at jærbuar vil nytta seg av, om dei berre får lov.
Til sjuande og sist handlar dette om å fylgja opp det som er vedteke, om å leggja til rette for arbeidsplassar og vidare utvikling på Jæren.
Vi har vel ikkje tenkt at utviklinga var komen til vegs ende? På Jæren har vi skapt verdiar, brukt dei ressursar og muligheter som kom.
Eit nytt Kverneland Group eller Aarbakke kunne jo alltid finna plass nordover.
Men skal vi ha muligheter på Jæren, må ikkje denne gå frå oss.