– Det er ei smart avgjerd. Det er fint for barn og unge at dei kan vera med og markera at noko trist har skjedd, seier ordførar Andreas Bjorland i Hå til Jærbladet.
– Skular og barnehagar vil halda ope, og større arrangement vil gå som planlagt. Men me oppfordrar alle til å visa respekt og å markera at kongen er død, seier ordføraren.
Då kong Olav døydde, 17. januar 1991, var Bjorland skulegut og hugsar at han blei sendt heim.
Det vil altså ikkje skje denne gongen. Desse føringane kjem frå Statsforvaltaren og gjeld generelt.
– På skular og barnehagar vil alt gå som normalt, med markeringar på skulane, stadfester også ordførar Andreas Vollsund i Time.