Kolumbus - ved direktør for anskaffelse og drift - er ute med eit forsvar mot inntrykket av manglande skuleskyss i Time kommune sine austre utkantar.

Skal teksten overbevisa «enkelte familiar» om at endringane i skuleskyssen handlar om kvalitetsforbetring og ikkje nyslipte spareknivar?

Langs den farlege Undheimsvegen bur ein femteklassing som sidan skulestart 19. august har sakna både offentleg skyss og forklaring på kvifor ingen lenger kjem og hentar han.

Familien har mista ein oldefar, eit trettitals kattar, minst éi ku og nesten ein hund i krysset mellom Undheimsvegen og Risavegen, ifølge Knut Undheim.
Familien har mista ein oldefar, eit trettitals kattar, minst éi ku og nesten ein hund i krysset mellom Undheimsvegen og Risavegen, ifølge Knut Undheim. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Sidan storebrørne starta sitt utdanningsløp, har Jæren Maxitaxi – med mottoet: «Me æ adle veie» – vore trufaste og velkomne gjestar i gardsrommet.

Skyssansvarlege ved høvevis Undheim skule og Time kommune har uttrykt like stor forbausing over skyssen som forsvann.

Det er jo ikkje slik at skulevegen har blitt mindre farleg.

Det er heller ikkje slik at ombordstiging på bussar i eit land med høgrekjøring kan føregå utan kryssing av veg om ein bur på venstre side av denne.

Rogaland fylkeskommune eig og finansierer Kolumbus, som har som formål ‘å gjøre Rogaland til et bedre sted å bo og leve’.

Kolumbus administrerer kollektivtilbodet i fylket og opnar dei ulike rutene for konkurranseutsette anbod – ei organisering med preg av såkalla new public management (NPM). Managementet har gittraude årsresultat på hhv 50 og 80 mill dei siste par åra.

I februar 2025 kunne fylkesordførar Ole Ueland forkynna forverring av kollektivkrisa. Busskontraktane for Nord-Jæren, Jæren og Dalane låg an til å verta vel 30 prosent dyrare f.o.m. 01.07.26 grunna generell prisvekst, kostbart materiell, sjåførmangel og nullutsleppskrav.

Individuelt tilrettelagt og særskilt skuleskyss for Jæren har ei eiga kontrakt for kjøreområdet Lye/Undheim. Denne kontrakten gjekk ut 30.06.26.

Kven tok avgjerda om å endra skyssen? På kva grunnlag vart avgjerda teken, og kvifor fekk verken familiar, skule eller kommune informasjon?

Noko Kolumbus ikkje har lagt skjul på er at dei aktivt har jakta på innsparingar i skuleskyssen – snarare står det tydeleg å lesa i årsrapporten for 2025 (side 11):

«Kolumbus arbeider kontinuerleg med tiltak for å redusere kostnadene med skoleskyss.»

I same rapport (side 20) finn ein like påfallande at prisen på fjorårets skuleskyss og samla administrasjonskostnader i selskapet summerte seg ganske likt – hhv NOK 157 og 155 millionar.

Dei tre vise apane har sitt opphav i Japan på 1700-talet og illustrerer ein ganske enkel moral – ikkje sjå, høyr eller sei noko du vil angra på.

Handteringa av skuleskyssaffæren kan gje assosiasjonar til ein mindre vis variant av dei tre apane:

Vil ikkje sjå problemet, vil ikkje høyra protestane – og kommuniserer heller ikkje kva som faktisk har skjedd.

Har kolumbusdirektørane vore ute på dei ville vegane våre? Kvifor denne forakta for «fleksibilitet og løsningsorienterte sjåfører»?

At skysstilbodet er meir «forutsigbart, rettferdig og likt» er ikkje brukarerfaringa denne hausten.

Familien til femteklassingen har mista ein oldefar, eit trettitals kattar, minst éi ku og nesten ein hund i krysset mellom Undheimsvegen og Risavegen – og ser helst at 10-åringen ikkje ofrast for spareprogrammet til eit fylkeskommunalt skysselskap, men overlever barneskulen.

Slik sett er sikkert ikkje foreldre til bygdebarn så ulike dei i byen.