Skulevegring er ikkje skulk eller latskap. Det er elevar som ønsker å gå på skulen, men som ikkje klarer det, seier Eirik Jåtten, rektor ved Vardheia ungdomsskule på Bryne. Det blir stadig fleire som har det sånn.
Skulevegring er ikkje skulk eller latskap. Det er elevar som ønsker å gå på skulen, men som ikkje klarer det, seier Eirik Jåtten, rektor ved Vardheia ungdomsskule på Bryne. Det blir stadig fleire som har det sånn. Foto: Ingeborg Eliassen

– Eg føler meg sjukt gammal når eg seier dette, seier Eirik Jåtten.

– Men kva er det i tida som gjer at dette får lov til å utvikla seg?

48-åringen er rektor ved Vardheia ungdomsskule på Bryne, men òg skulepolitikar i heimkommunen Stavanger, der han representerer Høgre i bystyret og er nestleiar i utval for oppvekst og utdanning.

Nyleg slo han alarm om tiltakande skulevegring i ein kronikk i Stavanger Aftenblad.

Jenter drar fråværet opp på ungdomstrinnet. Ofte er det knytt til psykisk uhelse.
Jenter drar fråværet opp på ungdomstrinnet. Ofte er det knytt til psykisk uhelse. Foto: Foto: Terje Pedersen

– Fråvær var ikkje eit alternativ

Skulevegring er ikkje det same som skulking, presiserer han. Dette gjeld elevar som vil gå på skulen, men som ikkje klarer det.

– Då eg gjekk på skulen, var det òg mange som sleit, men av ein eller annan grunn kom dei seg på skulen. Det var ikkje snakk om å få lov til å ikkje gå.

– Det høyrest ut som du peiker ut foreldra her?

– Nei, eg peiker meir på samfunnet og på kva forventningar me stiller, kva som er greitt og kva som ikkje er greitt. Psykisk uhelse blei ikkje anerkjent då, slik det blir i dag. Men har me gått for langt? Særleg overfor dei som ikkje er lengst ute i diagnosespekteret?

Heime er kjekkare

Det er kjekkare å vera heime i dag enn det var på 1980- og 90-talet, påpeiker rektoren.

– På tv var det berre Trim for eldre og skulefjernsyn. Nå har elevane heile verda tilgjengeleg på sitt eige rom. Den gongen var forventningane frå alle – foreldre, kompisar, lærarar – at ein gjekk på skulen. Viss ein ikkje var på skulen, var det fordi ein låg heime med feber, då var det greitt, seier Eirik Jåtten.

Samfunnet har endra seg enormt sidan dette, ikkje minst med digitaliseringa, legg han til.

– Ubehag er ein del av livet

– For dei som er lengst ute i vegringsspekteret, er det noko heilt anna. Men for ein del handlar det om at me som samfunn har blitt for raske til å seia at noko er for vanskeleg. Av og til må ein gjennom det som er ubehageleg – det er ein del av livet, meiner Jåtten.

Han saknar noko frå si eiga oppvekst:

– Den kollektive forventninga om at ein møter opp. Ikkje fordi nokon tvang deg, men fordi det var sjølvsagt.

Viss ein først har utvikla skulevegring, er det likevel vanskeleg å fiksa sjølv.

– Då treng ein at heile landsbyen står saman for å hjelpa, seier ungdomsskule-rektoren.

Fleire blir borte

Rådet for psykisk helse anslår at 3,6 prosent av barn i Norge har teikn på skulevegring og står i fare for at det utviklar seg, altså omtrent éin i kvar klasse.

Men det finst inga nasjonal oversikt over skulevegring i Norge. Regjeringa har rett nok varsla at den vil innføra eit nasjonalt fråværsregister.

Det finst likevel tal frå Utdanningsdirektoratet som fortel om ein urovekkande trend:

På 10. trinn hadde elevar i skuleåret 24/25 typisk meir fråvær enn i dei to åra før – både på nasjonalt nivå, i Rogaland, og på Jæren.

Over halvparten av dei som uteblir frå skulen, har opplevd mobbing, og fire av ti har ingen vener på skulen, viser forsking.
Over halvparten av dei som uteblir frå skulen, har opplevd mobbing, og fire av ti har ingen vener på skulen, viser forsking. Foto: Foto: Gorm Kallestad, NTB

Jenter meir borte enn gutar

I desse tala kan ein sjå kor stort median-fråværet – den vanlegaste mengde fråvær når det er delt på alle elevar – har vore dei siste åra ved ungdomsskulane på Jæren.

– Dei aller fleste kjem på skulen. Det er forventa at dei kjem, og dei kjem, bortsett frå når dei er sjuke. Men så har me desse som ikkje kjem, seier Jåtten.

Ved Vardheia, som har 370 elevar, kan han telja dei mest alvorlege situasjonane på éi hand, seier han. Dei som har mykje fråvær, men som delvis er til stades, er færre enn 10.

Ungdomsskuleelevar kjenner ei verd på sosiale medium der trakassering, mobbing, hatprat og utestenging er vanleg, ifølge rektorar.
Ungdomsskuleelevar kjenner ei verd på sosiale medium der trakassering, mobbing, hatprat og utestenging er vanleg, ifølge rektorar. Foto: Foto: Gorm Kallestad

Fråværet på Jæren

I Time var elevar typisk borte åtte dagar i skuleåret 22/23. I skuleåret 24/25 var fasiten ni dagar.

Jenter drog fråværet opp, i 22/23 så vel som i 24/25: Dei var typisk borte frå skulen i ni dagar i 22/23, og i 10 dagar i 24/25.

I Klepp og Hå er tala noko lågare, men tendensen er den same: Fråveret auka i perioden.

Mobbing, strev – og få vener

Dei som blir borte frå skulen, har sine grunnar, viser forsking ved Universitetet i Sørøst-Norge:

Halvparten har ingen gode relasjonar til vaksne på skulen.

Fire av ti har ingen vener på skulen.

Seks av ti strever fagleg.

Over halvparten har opplevd mobbing.

Hatprat på sosiale medium

Ungdom lever med sosiale medium der trakassering, mobbing, hatprat og utestenging er vanleg. Mange foreldre er heilt blanke på kva ungane deira driv med på Snapchat og TikTok, sa rektor Finn Lea ved Kannik ungdomsskole i Stavanger, til Aftenbladet nyleg.

Vardheia-rektoren ser mykje av det same som sin kollega.

– Det er mykje graps der ute.

Nøkkel: Kva bryr du deg om?

Men det finst ikkje éi løysing på alt som fører til skulevegring, seier han.

– Mange kan hjelpast viss me klarer å finna noko dei bryr seg om og som kan bidra til å slusa dei tilbake, anten det er gaming, hestar eller fotball. Problemet er desto større når eleven ikkje har noko sånt.

Skulevegring har svært høge kostnadar for samfunnet, i tillegg til følgene det har for den det gjeld, seier Eirik Jåtten.
Skulevegring har svært høge kostnadar for samfunnet, i tillegg til følgene det har for den det gjeld, seier Eirik Jåtten. Foto: Foto: Gorm Kallestad, NTB

Labyrint for foreldre

Skulevegring kan vera direkte øydeleggande for ein familie, ifølge Jåtten. Ofte kan det bli ange sjukmeldingar på foreldre. For eleven kan det i verste fall enda med uføretrygd i ung alder.

Time kommune har noko ein del andre ikkje har, meiner rektoren:

Tydelege rutinar for oppfølging av fråvær.

I kronikken kritiserer han systemet i Stavanger, som for mange familiar blir opplevd «som en labyrint der alle aktørene peker på hverandre og ingen tar tydelig eierskap».

Stolleiken i hjelpeapparatet

– Eg håpar at foreldre i Time ikkje opplever dette. Me må for all del unngå stolleiken, der den eine ikkje vil ta i det den andre jobbar med, seier Eirik Jåtten.

– Me opplever av og til at delar av hjelpeapparatet vel å kopla seg av viss tiltaka dei har hatt, ikkje har verka. Men mange av sakene er så kompliserte at me treng alle instansar; skulen har ikkje kapasitet, kompetanse eller ressursar til å stå aleine i dette.

Når alarmen går

I Time går alarmen på skulen med ein gong lærarar registrerer gjentatt fråvær og aner eit mønster i det, ifølge rektor.

– Då begynner mølla å mala. Me koplar fort på foreldre, helsesjukepleiar, familiesenter og BUP, etter vurdering av kva som er aktuelt i det enkelte tilfellet.

Dei snakkar mykje med eleven for å avdekka kva som gjer at han eller ho ikkje kjem på skulen. Viss det er konkrete ting, kan dei prøva ut for eksempel kortare skuledag eller hospitering i annan klasse i ein periode, fortel Jåtten.

– Men for ein del er situasjonen så komplisert at heller ikkje dette er nok. Og spørsmålet er om det nokon gong vil vera nok.

Startar på barnetrinnet

Ungdomsskulen arver ofte skulevegring som har starta på barnetrinnet, ifølge Eirik Jåtten.

– For jenter er fråværet ofte knytt opp til psykisk uhelse. For gutar er det ofte motivasjonen som er utfordringa.

Kvar tredje elev ved Vardheia ungdomsskule vel nå arbeidslivsfag framfor språk. I denne verkstaden lærer ungdommane sveising og dreiing, og materiala kjem frå velvillige bedrifter, fortel rektor Eirik Jåtten.
Kvar tredje elev ved Vardheia ungdomsskule vel nå arbeidslivsfag framfor språk. I denne verkstaden lærer ungdommane sveising og dreiing, og materiala kjem frå velvillige bedrifter, fortel rektor Eirik Jåtten. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Lesekrise

Fleire med skulevegring er ein trend som legg seg oppå andre.

Pisa-undersøkinga i 2022 viste at langt fleire norske 15-åringar også les mykje dårlegare enn i 2018, og at fleire også presterer på lågaste nivå i matematikk og naturfag.

Dette skjer parallelt med at skulegangen er forlenga med tilsvarande to ekstra år sidan 1997-talet, då skulestart blei framskunda frå sju til seks år under ei Arbeiderparti-regjering. Litt seinare, med Høgre i regjering, kom kunnskapsløftet, der målet var at ungane skulle bli betre i lesing, skriving og rekning.

Det motsette har skjedd.

Lesing er framleis like avgjerande for å klara seg i livet, og Jåtten vil ha det på både papir og skjerm.

Tiltak som verkar

Men nå slår pendelen tilbake.

– Dei fleste ser at ungdomsskulen har gått i for teoretisk retning og blitt mindre relevant. Me har kasta masse ressursar inn i dette, utan at me har fått ut det me håpa på, seier Jåtten.

Nå skal skulen ha fleire praktiske fag. Det blir obligatorisk for alle ungdomsskular å tilby arbeidslivsfag.

Dette har ungdomsskulane i Time lang og god erfaring med, ifølge kommunen.

På Vardheia kan elevane velja mellom tysk, spansk, fransk og arbeidslivsfag. Arbeidslivsfag legg opp til at elevar får innsikt og erfaring i kokk- og servitørfag, metall og mekaniske yrke, og byggfag, og at dei både får prøva seg med eiga bedrift og samarbeida med lokale firma.

Arbeidslivsfag kan vera det som gir skulen meining for ein del elevar som strever med motivasjon og med å høyra til, meiner Eirik Jåtten.

– Kvar tredje elev vel dette. For mange er det midt i blinken. Også jentene blomstrar, seier rektoren.