Halve tida er han psykolog på Nærbø, den andre halve forfattar.
Men til folk i Hå som måtte vera redde for at det er dei han skriv om i bøkene sine, har Peter Strassegger dette å seia:
– Eg skriv bøker med utgangspunkt i meg. I jobben min er derimot utgangspunktet andre sine erfaringar. Eg skriv sjølvsagt aldri om pasientar eg har hatt. Men dei har gitt meg sjansen til å forstå djupare lag i menneska. Der er alltid nye lag, seier 42-åringen frå Bryne.
Dermed er han skeptisk til influensar-råd om å fiksa livet «berre du gjer sånn».
– Me er samansette. Me lever i konfliktar. Dei kan me ikkje alltid løysa. Men me kan læra å tola dei betre ved å forhalda oss til dei, heller enn å fortrengja og benekta.
Slik driv han terapi, seier han, og slik driv han som forfattar.
I solveggen i Knudaheio, sommarhuset til Arne Garborg, bryt han ut i ei strofe frå diktsyklusen Haugtussa:
«Å heller vil eg
med augo sjå,
enn dauv og blind
gjennom verdi gå
og ikkje det sanne skilja!»
Lufta ut skamma etter morfar
Sjølv har han som forfattar trakka inn i hendingar som framleis gjorde vondt i hans eigen familie på Bryne: Bestefaren sitt val om å melda seg til teneste for nazistane på Austfronten i andre verdskrigen.
«Bestefar var landssvikar», visste han.
– Men når ting er lagt lokk på, veit ein ikkje eingong kva som ligg i dette: Var han som Quisling, som Rinnan, eller kva?
Han grov i kjeldene for det mor hans opplevde som skam, og som for han sjølv kjendest som «indirekte skam».
Prosjektet som blei til romanen Om stein og jord, starta som eit forsvarsskrift for morfaren, men endte som eit oppgjer med ein mann som aldri ga uttrykk for at han angra det han hadde vore med på.
– Det blei mykje trøkk. Folk eg ikkje visste kven var, ringde og sa dei kjende seg igjen og var glade for boka. For mor og meg blei prosjektet frigjerande. Men i slekta er det framleis ulike meiningar.
Den tynnaste boka
Stein og jord var den tjukkaste boka av alle han har skrive.
Nå opnar han grinda til Knudaheio, staden der han har vald å møtast, med sin nye roman i handa. Gris er på 125 sider, den tynnaste han har skrive.
Men om den skal vera rask og lett å lesa, så skal innhaldet ikkje vera like flyktig.
– Målet har vore å skriva ei god forteljing, eit gresk drama på jærsk jord. Det må stå om liv og død på kvar side, seier Strassegger.
Draumen er å få til det John Steinbeck klarte med kortromanen Om mus og menn, som nokon har sagt «tar to timar å lesa og 20 år å gløyma».
Handlinga i Gris er lagt nær Ånå, som kan vera Håelva. Folk har spurt han om det er konkrete folk han skriv om.
– Nei, seier eg då. Dette er ei urforteljing.
På liv og død i landbruket
Rollefigurane i Gris er to bønder; på den eine sida av Ånå ein stor og effektiv grisebonde som følgjer med i tida, på den andre ein liten tomatbonde som har mange idear, men som ikkje heng med i tida og som ikkje får ting gjort.
Han er blitt så lei av at kona har kryssa elva, over til storbonden, som ho har fått ein son med.
Forteljinga er om dei vaksne sitt drama, men som ofte i Strassegger sitt forfattarskap blir ho fortald av ein ungdom.
Denne gongen er det 14 år gamle Patrik, ein gut utan vener, som berre ser at mora har forlate og svikta han og faren.
Igjen dukkar det opp ein slektning - oldefar - som valde feil under krigen; han har etterlatt seg ein skugge av skam som rammar etterkomarane. Igjen handlar det om svik og fornedring.
Men der er også ein fjerde karakter, Patrik si innbilte lillesyster Gislaug.
Ho stengjer ikkje igjen ved å fortrengja smerta. Ho vel å tola livet – akkurat som Gislaug, med kallenamnet Veslemøy, gjer i Arne Garborg sitt Haugtussa-dikt.
Ville fylla eit hol
Strassegger seier han har etterspurt den moderne norske landbruksromanen, som han meiner ikkje finst.
– Dei som kunne ha skrive han, har anten ikkje tid fordi dei er bønder, eller manglar kjennskap til livet som bonde. Dermed blir norsk litteratur fattigare enn han kunne ha vore. Eg kan ikkje skriva ein moderne norsk landbruksroman. Men eg kan skriva eit menneskeleg drama knytt til moderne norsk landbruk, og det har eg gjort.
Far til Strassegger er agronom frå Austerrike. Først då sonen var 12 år, flytta familien derifrå til Jæren, der faren skulle forpakta ein gard. I desse åra plukka ungdommen Peter opp eit og anna om landbruk.
Før Gris gjekk i trykken, hadde fleire andre dessutan lese manus, mellom dei to grisebønder.
– Så folk kan ikkje ta deg på noko jordbruksfagleg?
– Eg har gjort så godt eg kan, smiler han.
– La dei andre byggja ned matjorda!
I 2003, då han var 19 år, sto Strassegger på 16. plass på Time SV si liste til kommunevalet.
Det var på den tida han òg sto i kiosken på Bryne kino og selde billettar, popkorn, kaffi, snop og baconcrisp i lag med den to år yngre Andreas Vollsund.
I motsetning til kompisen blei det ingen partipolitisk karriere på Strassegger. Han flytta til Oslo og blei psykolog og forfattar.
Men eit politisk menneske er 42-åringen enno – på vegner av jorda, naturen og miljøet.
– Eg flytta heim i desember 2017. Ein dag på toget heim frå jobb møtte eg Bothild Åslaugsdotter Nordsletten. Ho fortalde meg om matjorda og kor truga ho er. Det hadde eg ikkje tenkt på før; her er jo matjord over alt? Men det er ikkje det – berre tre prosent av jorda i Norge er dyrka. Så eg blei riven med. Når folk seier at me må bygga ut, ellers vil andre gjera det, så seier eg: Ja, korfor ikkje la andre gjera det!
Litteraturfestivalen som feirar bonden
Ut av dette engasjementet, hans og andre sitt, er det kome ein heil festival: Jorddøgn, jordbruket og naturen sin eigen litteraturfestival på Jæren.
Det er ein festival som vil «feira bonden og jorda, som grunnlaget for mykje av samfunnet vårt, for språk- og kulturuttrykka våre».
Og ettersom natur og miljø er truga, er det avgjerande å finna ein berekraftig og ny grøn veg, utan at utviklinga kollapsar, meiner dei.
Strassegger er framleis med i programkomiteen etter å ha vore festivalsjef dei to første åra. Det er kjekt og krevjande, seier han.
– I litteraturmiljøet blei Jorddøgn fort ein nasjonalt anerkjent festival. Men me ville ikkje ha ein liten festival for kulturfolket i Stavanger, Sandnes og Bryne. Me har jobba mykje med å få bøndene med.
Det har vore gjennom grep som dette: Samtale mellom ein forfattar og ein grisebonde frå Varhaug. Møte om bondens økonomi og skilnaden på raude og svarte tal med Jæren sparebank.
– Me har òg flytta scena til gardar for å visa fram det fine me har, ennå.
Ein appell til kino-kompisen
1. januar 2021 skulle Strassegger ha halde tale i Time-ordføraren si nyttårsmottaking i Storstova.
Det var pandemi, og arrangementet blei avlyst, men Jærbladet publiserte teksten, som var ein slags bøn til hans gamle kamerat i kiosken på kinoen, Andreas Vollsund, som i mellomtida var blitt ordførar.
– Eg ba han som gammal ven om å tenka meir langsiktig, ikkje berre om økonomisk berekraft, men òg om økologisk berekraft. Eg skulle ønskt at han tok det litt meir til seg. For eksempel når det gjeld datasenter: Der prøver ein å skapa ei næring, men kor er det lange perspektivet? Korleis vil dette sjå ut for neste generasjon?
På Etterstad i Oslo levde han meir økologisk og åt mindre kjøt, fortel han. Gjennom Jorddøgn er han blitt mindre kritisk til stordrift i landbruket.
- Eg har fått kontakt med dei som driv meir konvensjonelt. Jau då, det er intensivt og stort. Men det er ikkje amerikansk. Det er mykje god dyrevelferd her, med lite bruk av antibiotika. Eg er blitt stolt av landbruket på Jæren.
Særleg grisebønder har følt seg stempla etter tv-dokumentarar om uverdig dyrehald, mellom anna på Jæren.
- Dei fleste bankar ikkje grisane sine, slår Strassegger fast.
- Og bak kvar dyretragedie er det som regel ein menneskeleg tragedie.
Ikkje lenger på flyttefot
Der var psykologen igjen. Deltidspsykologen.
Det var sånn han ville ha det: Halvt forfattar, halvt psykolog.
Sidan han og kona frå Austlandet drog opp teltpluggane i Oslo i 2017 og flytta til Bryne, er to barn blitt til tre. «Eitt til to år» som dei ville bruka til å sjå korleis dei treivst på Jæren, er snart blitt til ni.
Han trener sonen sitt gutelag i Bryne FK. Han er blitt lokalpatriot.
– Det er eit mykje rikare liv her, med alle slags folk. Eg trur ikkje me kjem til å flytta igjen, seier Peter Strassegger.
Han trekk pusten.
– Med mindre dei byggjer datasenter overalt!