Stemmen på Kvernaland er den einaste staden som ikkje hamnar i beste kategori når Time kommune no har målt tarmbakteriar i åtte badevatn.
Stemmen på Kvernaland er den einaste staden som ikkje hamnar i beste kategori når Time kommune no har målt tarmbakteriar i åtte badevatn. Foto: Jorunn Erga Steinsland (arkiv)

Sist veke, tysdag 21. juli, tok Time kommune den andre av tre vassprøvar frå åtte populære badeplassar i kommunen.

No er resultata her.

Vatnet viser temperaturar frå drygt 18 til drygt 20 grader, så sjølv om det er blitt litt kaldare i lufta, har ikkje temperaturen i vatnet falle så mykje.

Vasskvaliteten blir også klassifisert som «god» på sju av dei åtte stadene:

  • Eivindsholtjødna.
  • Frøylandsvatnet, ved Sandtangen.
  • Frøylandsvatnet, ved Gåsevik.
  • Tjoratjødna (ved badeplassen) på Lyefjell.
  • Melsvatnet, ved den austre badeplassen.
  • Tjålandsvatnet (ved utløpet).
  • Åsvatnet (ved badeplassen).

– Framleis er Stemmen på Kvernaland den einaste av dei åtte badeplassane som har status «mindre god kvalitet», melder Time kommune på Facebook måndag morgon.

Det inneber at det er melolom 100 og 1000 tarmbakteriar per 100 milliliter med vatn.

– Det betyr ikkje at det er farleg å bada der, men at verdiane er litt høgare enn me gjerne skulle sett. Uansett bør du sjølv sjekka om vatnet er klart før du hoppar uti, og ikkje bada dersom det er grønt eller grumsete. I tillegg må det ikkje flyta algeflak eller belegg på vatnet, forklarar Time kommune.

Det tredje trinnet på skalaen som blir brukt om badevatn, er «ikkje akseptabel kvalitet» – over 1000 tarmbakteriar per 100 milliliter.

Tjoratjørna, Melsvatnet, Tjålandsvatnet, Åsvatnet og badeplassen i Gåsevika i Frøylandsvatnet har så godt som ingen tarmbakteriar, ifølgje Time kommune.

I Eivindsholtjørn og i Sandtangen-enden av Frøylandsvatnet er prøvane framleis innanfor krava for «god kvalitet», men ikkje langt innanfor.

Neste og siste prøve for sommaren skal takast 18. august.