– Det er ikkje vanskeleg å få avokadoplantane til å veksa, fortel forskar Carolina Palma ved Nibio Særheim. Trass i at dei blir kutta jamleg, lagar plantane ein skikkeleg jungel inne i veksthuset.
– Det er ikkje vanskeleg å få avokadoplantane til å veksa, fortel forskar Carolina Palma ved Nibio Særheim. Trass i at dei blir kutta jamleg, lagar plantane ein skikkeleg jungel inne i veksthuset. Foto: Åge Bjørnevik

Det ser ut som ein skikkeleg jungel inne i eitt av veksthusa til Nibio på Særheim. I november 2023 kom dei første avokadoplantane, som då var ein snau meter lange. No veks dei heilt til taket – trass i at dei blir beskorne kvar månad.

Tidlegare i år, etter at plantane hadde fått seg ein liten kald periode, kom dei første avokadoblomane. Men så blei forskar Carolina Palma og laget rundt henne skuffa: Det kom ikkje noko frukt – eller rettare sagt bær, som avokadoen botanisk sett er.

Men så – etter nokre veker – kom det til syne nokre bitte små, grøne rundingar. Jau då, frukta var på veg.

Her er både dei knøttsmå avokadoblomane, dei små runde knoppane og ein litt større avokado synlege på same staden.
Her er både dei knøttsmå avokadoblomane, dei små runde knoppane og ein litt større avokado synlege på same staden. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Det viste seg å vera ein heil del av dei.

– Det er skikkeleg spennande. Nordmenn er jo veldig glade i guacamole på fredagstacoen, så tenk om me her legg grunnlaget for ein norsk produksjon av avokado, seier Palma med eit smil.

– Mange fordelar med norsk produksjon

Avokado er næringsrik, mettande, smakfull og enkel mat, som sidan 1990-talet har hatt eit stort oppsving både i Norge og på verdsbasis.

Her i landet sender grossistane ut rundt 15.000 tonn med avokado kvart år – og 100 prosent av avokadoen er importert, ifølgje tal frå Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Til samanlikning: Ifølgje den same statistikken går det ut rundt 29.000 tonn med agurk frå grossistane kvart år – og rundt 80 prosent av agurken er produsert i Norge.

Det meste av avokadoen er langreist, frå Peru og Chile, men det blir også importert avokado frå til dømes Columbia, Israel, Kenya, Spania, Mexico og Sør-Afrika.

– Norsk produksjon av avokado vil ha mange fordelar. Blant anna mindre transport, auka sjølvforsyning av mat og lokal verdiskaping. Avokado treng mykje vatn, som det er knapt om mange av stadene der han blir produsert, men som Norge har mykje av, seier Palma.

– Hovudutfordringa for dyrking her i landet, er varme. Det er derfor me knyter forsøka våre opp mot utnytting av spillvarme frå industri, til dømes datasenter. Det finst allereie mykje restvarme her i landet, og det kjem sannsynlegvis til å bli tilgang på meir, seier Palma.

Legg varmerøyr i bakken for søtpotet

I desse dagar legg Nibio på Særheim røyr i bakken under eit stykke av jorda si. Der skal Carolina Palma og co. gjennomføra eit forsøk med dyrking av søtpotet – som knapt er prøvd dyrka i Norge i kommersiell skala – og brokkoli, som er meir velprøvd her til lands.

På stykket bak forskar Carolina Palma skal det leggjast varmerøyr i bakken, med lunka vatn som i temperatur ligg nær kjølevatnet frå eit datasenter.. Her skal ho forska på frilandsdyrking av søtpotet og på om det går an å forlenga den norske sesongen for brokkoli.
På stykket bak forskar Carolina Palma skal det leggjast varmerøyr i bakken, med lunka vatn som i temperatur ligg nær kjølevatnet frå eit datasenter.. Her skal ho forska på frilandsdyrking av søtpotet og på om det går an å forlenga den norske sesongen for brokkoli. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Når det gjeld søtpotet, har den ein lang vekstsesong. Me har lys nok i Norge, men det er ikkje varmt nok i jorda tidleg og seint i sesongen. Men kva viss me tilfører litt varme underfrå i jorda, gjennom rør med kjølevatn? Får me det til då? Og kan me driva med heilårsdyrking? undrast Palma.

– Og med brokkoli – går det an å utvida den norske sesongen, og kan me produsera meir med varme i jorda? Det er noko av det me håpar å finna svar på, fortel forskaren, som skal driva med dyrking av begge vekstane i kontrollerte former, både med og utan undervarme og både med og utan plast over.

Innomhus har Nibio allereie svært så veksevillige søtpoteter i eitt av veksthusa, og i det Jærbladet er på besøk, er tre tilsette i full sving med å ta stiklingar av plantane og stikka ned i små potter med jord.

Stiklingane skal få godgjera og danna rot innandørs i veksthuset, før dei skal plantast ut på det nye forsøksfeltet utandørs.

Anne Kvitvær (nærmast), Joan Homet og Martine Hana Løken på Nibio Særheim tek stiklingar av søtpotetplantar og plantar dei i små pottter. Søtpotetene skal brukast i forsøket med utandørs dyrking på Særheim.
Anne Kvitvær (nærmast), Joan Homet og Martine Hana Løken på Nibio Særheim tek stiklingar av søtpotetplantar og plantar dei i små pottter. Søtpotetene skal brukast i forsøket med utandørs dyrking på Særheim. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

– Vår jobb er å vera i forkant

Nibio har mange prosjekt gåande parallelt. I fjor jobba Palma til dømes med forsøk på å dyrka ulike typar melon.

Dei konsentrerer seg langt frå berre om eksotiske og framande artar, heller. Store norske veksthusproduksjonar som tomat og agurk forskar dei på heile tida, mellom anna med forsøk på CO₂-fangst i veksthusa.

– Me er tett på næringa. På den måten kan me dra nytte av deira kunnskap og erfaringar, og dei kan dra nytte av oss, seier Palma.

Over jorda er søtpotet ei ganske så heftig klatreplante, med veldig vakre blomar.
Over jorda er søtpotet ei ganske så heftig klatreplante, med veldig vakre blomar. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Carolina Palma sin jobb som forskar – i tett samarbeid med medarbeidarane som tek seg av det daglege plantestellet – er å dokumentera kva som fungerer og kva som ikkje fungerer.

– Me kan tillata oss å prøva og feila for å finna ut kva som er mest effektivt. Målet på sikt er at gartnarar som driv kommersielt, skal kunna byggja på denne kunnskapen, slik at dei slepp å begynna heilt frå botn av, seier Palma.

– Ein viktig del av vår jobb med nye sortar er å vera i forkant, gjerne 10–20 år før det blir aktuelt for gartneri å gå i gang med produksjon, legg ho til.

Nibio på Særheim er ein internasjonal arbeidsplass med mange nasjonalitetar. Carolina Palma er portugisisk, og tok ein bachelorgrad i agronomi heime i Portugal. Så gjekk turen til Nederland og ein master i veksthusproduksjon. Doktorgraden sin tok ho i Danmark, og då jobba ho med såkalla vertikaldyrking. Før ho kom til Nibio på Særheim hausten 2023, jobba ho for Nestlé-konsernet med dyrkingsmetodar for kaffi og kakao.

Kasta ut avokado for pasjonsfrukt

Tilbake til avokadohuset: Då NRK i påska kunne melda at avokadoen på Særheim var den første i Norge, fekk forskaren fleire e-postar med bilde frå folk som hadde dyrka avokado heime.

– Eg er glad for at folk er engasjerte. Så lenge plantane får nok lys, varme og vatn, er dei veldig villige til å veksa, også i Norge, seier Palma med eit smil.

– Det eg kan seia, er at så vidt eg kjenner til, har ingen andre norske forskingsinstitusjonar drive med forsøk på avokadodyrking i den skalaen me gjer her, legg ho til.

Denne bitte lille avokadoen fall ned, og kjem aldri til å veksa seg til moden frukt – eller bær, som avokadoen botanisk sett er.
Denne bitte lille avokadoen fall ned, og kjem aldri til å veksa seg til moden frukt – eller bær, som avokadoen botanisk sett er. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

To av veksthusa på Særheim har vore fylte med avokado. Her får plantane veksa i kontrollerte former, under ulike vekstvilkår. Nokon har fått veksa i jord, nokre i steinull, nokre i trefiber og nokre rett i dunkar med gjødsla vatn (hydroponi).

– Me har akkurat konkludert med dyrking i jord har vore klart mest vellukka, så me har nett rydda avokadoplantane ut av det andre veksthuset, der me prøvde med andre vekstmedium. Der skal me no i staden gå i gang med eit nytt forsøk med pasjonsfrukt. Og så held me fram med forsøket på å dyrka avokado i jord, fortel Palma.

Pollineringa er eitt av punkta dei må jobba meir med. Denne gongen brukte dei humler, i tillegg til at dei pollinerte ein del for hand.

– Humlene var nok for store og tunge for dei små avokadoblomane, så me må prøva med bier, og kanskje også med fluger, for å sjå kva som blir best, seier Palma.

Når dei har hausteklar avokado, veit ho ikkje sikkert. Når avokado blir dyrka ute på friland, kan det ta åtte månader. I veksthus går alt raskare.

– Det me veit sikkert, er at avokadoen ikkje blir heilt spisemoden så lenge han heng på planta. Han må plukkast og ettermodnast, slår forskaren fast.

Dr. Carolina Palma trivst godt når det gror, som her i avokadoveksthuset på Særheim.
Dr. Carolina Palma trivst godt når det gror, som her i avokadoveksthuset på Særheim. Foto: Foto: Åge Bjørnevik