Andreas Bjorland (KrF) og Svein Arve Nygård (Frp) vart natt til tysdag klappa inn som ny ordførar og varaordførar i Hå.
Andreas Bjorland (KrF) og Svein Arve Nygård (Frp) vart natt til tysdag klappa inn som ny ordførar og varaordførar i Hå. Foto: Håvard Ovesen

For fyrste gang på 99 år, er Høgre største parti i Noreg. Per tysdag morgon, med 99,7 prosent av stemmane talt opp, har partiet fått 25,9 prosent av stemmene på landsbasis.

I Hå vart det endelege resultatet ikkje fullt så høgt: 19,2 prosent. Likevel, med ein framgang frå 2019 på 5,3 prosentpoeng og ein posisjon i kommunestyret som nest størst med 7 representantar (slik det ser ut nå), er det mange gode grunnar for høgrefolk i Hå til å vera godt nøgd med dommen frå veljarane.

– Ein god duo

Om dei er like nøgd med samarbeidsavtalen framforhandla med KrF, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet etter at valresultatet vart klart mandag kveld, er ikkje like sikkert. Varaordførar-rolla enda nemleg hos Frp, kommunen sitt tredje største parti. Ordførar vert Andreas Bjorland frå kommunens største parti, Kristeleg Folkeparti.

Her presenterer påtroppende Hå-ordfører Andreas Bjorland (KrF) og påtroppende varaordfører Svein Arve Nygård (Frp) seg på valgnatten.
Her presenterer påtroppende Hå-ordfører Andreas Bjorland (KrF) og påtroppende varaordfører Svein Arve Nygård (Frp) seg på valgnatten.

Påtroppande varaordførar Svein Arve Nygård (Frp) seier han er klar for jobben.

– Eg ser veldig fram til å jobba med Andreas. Eg trur me kan verta ein god duo. Me har alltid hatt ein god kjemi, sjølv om me har vore usamde i mange saker. Men eigentleg trur eg ikkje me står så langt frå kvarandre, seier Nygård.

Han legg til at ingen av dei «er blyge».

– Ingen av oss er redde for å ta ein kamp, sånn at dette trur eg kan verta spennande, seier han.

Frå troika til kvintett

I forkant hadde dei tre partia som i dag styrer i Hå, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Høgre, signalisert at dei var sine eigne føretrukne samarbeidspartnarar, òg etter valet. Men på sjølve valdagen inviterte dei med seg Framstegspartiet på å verta med frå fyrste forhandlingsrunde etter at førehandsstemmene vart kunngjorde klokka ni.

Etter at det endelege valresultatet for Hå vart klart rundt klokka 23:10 mandag kveld, forsvann representantar frå dei fire partia inn i eit rom på rådhuset for å forhandla. Då dei kom ut ein time og femti minutter etterpå, hadde dei fire partia vorte til fem.

Mange hadde gått heim frå valvaka for å legga seg då Jonas Skrettingland (KrF) og Svein Høyland (Sp) natt til tysdag kunngjorde korleis KrF, Høgre, Frp, Senterpartiet og Ap vil fordela maktposisjonane i Hå mellom seg dei kommande fire åra.
Mange hadde gått heim frå valvaka for å legga seg då Jonas Skrettingland (KrF) og Svein Høyland (Sp) natt til tysdag kunngjorde korleis KrF, Høgre, Frp, Senterpartiet og Ap vil fordela maktposisjonane i Hå mellom seg dei kommande fire åra. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Plutseleg var òg Arbeidarpartiet inne i styringsvarmen. Partiet ligg ikkje an til å få meir enn to mandatar, ein mindre enn dei har i dag, men i forhandlingane sikra dei seg både ein representant i formannskapet og ein i Utval for helse- og sosialsaker.

Arbeidarpartiet vart invitert inn i varmen då Høgre tok fem minutter ute på gangen for å vurdera den vidare tilnærminga til forhandlingane.

Ein kjapp kikk på den førebelse mandatfordelinga, viser at Høgre, med sine sju mandatar, kunne ha sikra eit fleirtal i kommunestyret saman med Frp og Hå-lista.

Njål Sikveland, Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat, seier han sjølv strevar litt med å forstå kva som skjedde under dei intense forhandlingane natt til tysdag.

– Men det var vel litt fram og tilbake og ut og inn av rommet. Då fann vel fleirtalet ut at det var litt skjørt, og spurte om me ville vera med og støtta, seier han.

Då Høgre kom tilbake til forhandlingsrommet var dei som heile vegen hadde vist seg lojale mot fleirtalet einige om ei løysing og fordeling av posisjonar.

Brigt Skrettingland (frå venstre) frå TV-Vest intervjuar dei tre valvinnarane Svein Arve Nygård (Frp), Andreas Bjorland (H) og Trond Knutsen (H).
Brigt Skrettingland (frå venstre) frå TV-Vest intervjuar dei tre valvinnarane Svein Arve Nygård (Frp), Andreas Bjorland (H) og Trond Knutsen (H). Foto: Foto: Håvard Ovesen

– Sikra plass i varmen

Arbeidarpartiet fekk 5,8 prosent av stemmene og ligg an til å få 2 mandat i Hå. Sikveland medgjer at resultatet er skuffande.

– Det var dette me frykta. Men det me frykta aller mest, var at me i tillegg til å gå tilbake skulle verta skyvd enda meir ut i kulda. Sånn sett er me fornøgde med forhandlingsresultatet. Det er gildt å vera i ein fleirtalskoalisjon. Trass tilbakegangen er me inne i varmen og har fått ein plass i formannskapet. Det var det me håpte på, seier Sikveland.

Arbeidarpartiet har tidlegare samarbeida med KrF, Senterpartiet og Høgre om budsjettet, men medlemsskap i den styrande koalisjonen er nytt.

– Dette gjer oss nye høve til å påverka ting i vår retning. Å vera i rommet når saker fyrst vert diskutert, gjer at me kan få våre perspektiv inn tidlegare i prosessen. Då er sjansen større for at det vert vist omsyn til perspektiva våre. Når saker kjem i kommunestyret, er dei ofte litt på plass allereie, seier Sikveland.

Deltakarane på valvaka i Hå studerer resultata intenst.
Deltakarane på valvaka i Hå studerer resultata intenst. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Mangla 450 stemmar

Etter at førehandsstemmene vart kunngjort klokka 21 og Høgre teikna til å verta nest største parti, uttalte ordførarkandidat Knutsen at han framleis ikkje hadde gitt opp ordførardraumen. Få timar seinare, då ordførar Jonas Skrettingland (KrF) og varaordførar Svein Høyland (Sp) presenterte den nye fleirtalskoalisjonen og den påtroppande ordføraren og varaordføraren, sto Høgre utan korkje ordførar eller varaordførar, trass i at dei ligg an til å få 7 av dei totalt 26 mandatane som utgjer fleirtalet i Hå.

Rett nok hadde partiet sikra seg to plasser i formannskapet i tillegg til leiaren i Utval for opplæring og kultur og nestleiaren i Utval for helse- og sosialsaker, samt ytterlegare eitt medlem i kvart av dei to utvala, og to medlemmer i Utval for tekniske saker og næring, men jubelen sto ikkje akkurat i taket hos det nest største partiet i Hå.

Knutsen var sparsom med kommentarane natt til tysdag, men sa til Jærbladet at det ikkje heilt hadde gått som dei såg føre seg.

Tysdag formiddag slår Knutsen fast at partiet trass alt gjorde eit godt val - moglegvis det beste dei nokon gong har gjort i Hå.

– Me mangla vel berre kring 450 stemmar på å verta størst, seier Knutsen, som er særskilt stolt av at partiet hans for fyrste gong vart største parti på Nærbø, kor 22,4 prosent av dei som stemte, stemte på Høgre.

– Spelte og tapte

Likevel, det er ikkje til å komma utanom at utfallet av forhandlingane etter at valresultatet blei klart, ikkje vart heilt som forventa.

– Me kjørte eit spel og tapte, enkelt forklart, seier Knutsen.

Han fortel at gruppa gjekk ut av forhandlingsrommet for å diskutera litt om korleis dei skulle tilnærma seg forhandlingane. Dei var ikkje ute i meir enn fem minutter.

–Men på dei fem minuttene hadde det snudd, seier Knutsen, som begynte å ana at noko var på gang allereie i det dei gjekk ut døra.

Trond Knutsen (H) seier at dei spelte og tapte, men at for han gjer det ikkje så mykje om han er ordførar eller om han sit i formannskapet.
Trond Knutsen (H) seier at dei spelte og tapte, men at for han gjer det ikkje så mykje om han er ordførar eller om han sit i formannskapet. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Då Høgre-politikarane kom tilbake igjen, hadde dei andre partia allereie vorte samde. Forhandlingsrommet var vekk.

– Det var tre mot ein på varaordførar-jobben, men det lever me greit med. For meg er det ikkje stor skil om eg er i formannskapet eller er vararordførar. Eg sit godt i salen eg, seier Knutsen, som sat i formannskapet i to periodar for Hå-lista.

Knutsen seier at dei kunne valt å gå i opposisjon.

– Men eg trur det er smartare å vera i posisjon og kunna påverka, seier han, og lovar at dei kjem til å jobba for å ta ordførarrolla i 2027.

Andreas Bjorland (t.v) frå KrF og Svein Arve Nygård frå Frp vert høvesvis ordførar og varaordførar i Hå. Dette bildet er tatt ein halvtime før vallokala stengte mandag kveld.
Andreas Bjorland (t.v) frå KrF og Svein Arve Nygård frå Frp vert høvesvis ordførar og varaordførar i Hå. Dette bildet er tatt ein halvtime før vallokala stengte mandag kveld. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ikkje endeleg avgjort

Kor mange mandatar dei ulike partia til slutt endar opp med, vert ikkje klart før i 18:30-tida tysdag kveld, etter at dei aller siste stemmane har vorte fintalt og valstyret har hatt møte.

Ifølge Valdirektoratet si nettside valgresultat.no, har Høgre førebels sju mandat, men ligg nært å mista eitt av dei til Senterpartiet, som i så fall vil få fire mandat.

Nettstaden pollofpolls.no gjer sine eigne utrekningar av mandatfordelinga. Dei skriv at Senterpartiet berre er 20 stemmer unna å vinna eit mandat, medan Konservativt berre er 25 stemmer unna å tapa eit mandat.