Heilagdagar har skapt kluss for Renovasjonen Næring, som hentar hushandlingsavfallet i Klepp, Time og Hå. Over nyttår blir innbyggarane nøydde til å følga betre med.
Heilagdagar har skapt kluss for Renovasjonen Næring, som hentar hushandlingsavfallet i Klepp, Time og Hå. Over nyttår blir innbyggarane nøydde til å følga betre med. Foto: Snorre Standish Norheim

Fram til nå har kommunane hatt ein fast tømmedag, som er det motsette av ordninga som snart blir innført.

Å ha fast tømmedag har vore praktisk for innbyggarane, men ikkje så praktisk for dei som hentar avfallet.

Dei måtte nemleg jobba doble skift for å henta seg inn etter heilagdagar, for at skjemaet skulle halda.

Det har skapt vanskar med tanke på lovverk og overtid (som kostar), og er forklaringa på omlegginga.

– Alle må ganske enkelt vera klar over at det ikkje lenger nyttar å hugsa at «min tømmedag er onsdag», skriv Time kommune.
– Alle må ganske enkelt vera klar over at det ikkje lenger nyttar å hugsa at «min tømmedag er onsdag», skriv Time kommune. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Heilagdagar skaper kluss

Frå nyttår blir tømmedagen utsett med éin kvardag, kvar gong ein raud dag hamnar på ein vekedag i kalenderen.

Ein raud dag er ein heilagdag eller offentleg fridag. Endringa gjer seg gjeldande allereie på årets første dag.

– Har du for eksempel hatt tømmedag på ein onsdag i 2025, vil 1. nyttårsdag sørga for at tømmedagen hamnar på ein torsdag frå 2. januar, og fram til påske, forklarer Time kommune på sine nettsider.

Endå vanskelegare blir det etter påske. I 2026 er det tre heilagdagar som fell på ein vekedag, skriv Time og Klepp kommune:

– Skjærtorsdag, langfredag og 2. påskedag – det betyr at tømmedagen din vert utsett med tre nye kvardagar. Altså vil din nye tømmedag etter påske vera tysdag, og fortsetta å vera tysdag til neste heilagdag på ein vekedag, som er Kristi himmelfartsdag.

– Det endrar seg

Kort sagt: Tømmedagen blir flytta éin dag fram for kvar heilagdag som fell på ein vekedag, skriv Klepp kommune. Dei rår innbyggarane til å lasta ned appen Min Renovasjon.
Kort sagt: Tømmedagen blir flytta éin dag fram for kvar heilagdag som fell på ein vekedag, skriv Klepp kommune. Dei rår innbyggarane til å lasta ned appen Min Renovasjon. Foto: Foto: Skjermdump

Innbyggarane i Time og Klepp treng ikkje halda styr på dei dynamiske rutene sjølve.

Appen Renovasjon Time kommune, som kan lastast ned til iPhone- og Android-telefonar, sender ut varsel.

I Klepp heiter appen Min Renovasjon.

Innbyggarane legg inn adressa si i appen, og så blir dei varsla kvelden før dunkane skal køyrast ut.

Ingenting blir som før, men kommunane skal syta for at appen alltid er oppdatert.

Tømmekalenderen er også tilgjengeleg på kommunane si nettside.

Hå har andre alternativ

I Hå kommune er det meir krøkkete. Der er alternativa desse:

«Sjekk tømmekalenderen, skriv ut tømmekalenderen, eller legg til ruta di i Google-kalender.»

Denne siste oppmodinga gjeld innbyggarane i alle kommunane:

– Det viktigaste er likevel kanskje at alle ganske enkelt må vera klar over at det ikkje lenger nyttar å hugsa at «min tømmedag er onsdag». For om han er onsdag i dag, så er han kanskje ein annan dag neste veke. Det endrar seg.