– Det var heilt umogleg å sove, det var så mykje bråk. Me har gått i «halvsvima» her, seier småbarnsmora.
Utover kvelden og natta måndag, onsdag og torsdag for to veker sidan, måtte husstandar langs delar av Jærvegen og Stasjonsvegen finne seg i bråk frå fresing og asfaltering.
Familien Dahl bur like ved rundkøyringa som fører inn til legevakta og Jærhagen.
«Vi beklager ulempene som arbeidene fører med seg», heiter det i meldinga Dahl mottok klokka 10.52 same dag som arbeidet starta.
– Dei rigga seg til rundt klokka 20, og heldt på med ganske bråkete arbeid heile den første og andre kvelden og natta. Eg trur klokka var sånn 05.30 på morgonen då det blei stille, seier ho.
Les svaret frå Rogaland fylkeskommune seinare i saka.
– Pliktene tar ikkje pause
Dahl reagerer på at tekstmeldinga plinga inn så tett opp mot arbeidsstart 31. august.
– Eg skjønnar at vegarbeid må gjerast, eg har ikkje noko imot det. Men eg reagerer på den korte varslinga og at det var så lite informasjon om arbeidet. Det stod ikkje noko om kor lenge det skulle vare, for eksempel, seier ho.
Den seinkomne beskjeden utelukka også å finne ein annan plass å sove dei tre nettene.
– Og det er vanskeleg å reise vekk, for det er skule og barnehage. Pliktene tar ikkje pause sjølv om fylkeskommunen skal gjere noko på vegen. Det var ei tøff veke, seier trebarnsmora, som sjølv har sjukmelding frå jobben i kommunens miljøteneste akkurat no.
– Det rista og vibrerte i heile huset, og ungane var mykje urolege heile den første natta, seier ho.
Høyr eit av Dahls lydopptak frå huset:
Nytt nattarbeid – utan beskjed i forkant
Etter mykje frustrasjon, sende Dahl ein e-post til fylkeskommunen – midt i andre arbeidsnatta, klokka 01:08.
Mellom anna spurde ho om det var planlagt arbeid på natt utover datoane ho så langt hadde fått beskjed om.
Under intervjuet med Jærbladet onsdag 9. september, nesten ei veke seinare, har ho ikkje fått svar. Halvanna døgn etterpå, fredag morgon, opplyser ho at det igjen har vore utført arbeid på nattetid i rundkøyringa – akkurat som frykta.
Denne gongen skal det ha skjedd utan varsling i det heile.
– Eg synest det er så merkeleg.
Uvarsla arbeid var justeringar
Christian Ellingsen Gryte, prosjektleiar i samferdselsavdelinga til Rogaland fylkeskommune, skriv i ein e-post til Jærbladet fredag at arbeidet i rundkøyringa blei gjennomført på natta av omsyn til trafikktryggleik og framkome.
Fordi strekninga har mykje trafikk på dagtid, blei løyvet gitt for klokka 20.00 til 06.00.
Han forklarer at rundkøyringa var ein sentral del av arbeidsområdet, og at arbeidet måtte gjennomførast over fleire netter fordi det måtte skje i rett rekkefølge.
Han skriv at det som no gjenstår er å merke vegen.
Det uvarsla arbeidet natt til fredag 11. september var mindre utbetringssarbeid, ikkje nytt asfaltarbeid, ifølgje Gryte.
«Rogaland fylkeskommune var ikkje nøgd med delar av utføringa, og entreprenøren vart derfor beden om å gjennomføre nødvendige justeringar,» skriv han.
– Burde vore sendt ut tidlegare
Gryte forklarer at asfaltarbeidet blei utført på «relativt kort varsel», fordi det har vore mykje ustabilt vêr som har gitt få eigna arbeidsvindauge dei siste vekene.
Samstundes har entreprenøren eit omfattande arbeidsprogram som skal gjennomførast i løpet av asfaltsesongen. Framdrifta må derfor fortløpande tilpassast fleire forhold.
I tillegg til varslinga på tekstmelding, skal det ha blitt sett opp informasjonsskilt i området før oppstart. På grunn av sterk vind og kraftige regnbyer, som skal ha gjort dette vanskeleg å utføre som planlagt fredagen før arbeidsstart, skal skilta ha blitt sett opp laurdagen før i staden.
Fylkeskommunen vedgår at dei i etterkant ser at varslinga til naboane kunne vore betre.
«SMS-varslinga i forkant av asfaltarbeidet burde vore sendt ut tidlegare enn det som vart gjort, og det beklagar vi. Vi meiner også at det burde vore sendt ut varsling før utbetringsarbeidet natt til 11. september. Informasjonen som vart gitt kunne dessutan vore meir detaljert når det gjeld arbeidstider og omfanget av arbeidet,» skriv Gryte.
Dei vil no gå gjennom rutinane sine saman med entreprenøren for å sjå korleis varsling og informasjon til naboar kan bli betre ved framtidige arbeid.
Målet er at råka innbyggjarar skal få tydelegare, meir fullstendig og meir føreseieleg informasjon i forkant av planlagde arbeid, skriv han.
«Vi har forståing for at nattarbeid kan opplevast belastande for bebuarar i området. Samtidig var nattarbeid nødvendig av omsyn til trafikktryggleik og framkome på denne strekninga, og vi beklagar ulempene arbeidet har medført for dei som bur i nærleiken».