– Dette blir Jærens første «beach club», smiler Terje Berge.
Han speidar ut over det som enno berre er grunnmur. Han og sambuaren Genet van Langen har store draumar for korleis drifta av Bore surf senter ser ut om kort tid.
Snart vil dei ha sjølvbetent kafe og restaurant, moglegheit for skjenkeløyve over lengre tid og fasilitetar til å huse 150 personar til diverse arrangement – alt under tak.
Vann fram etter motstand
Bore surf senter begynte som eit utleigekonsept frå ei lita bod. Gradvis har drifta utvikla seg til dagens situasjon, med telt og utefasilitetar. No blir løysinga meir permanent.
– Me liker godt å vere ute, så me skal ha eit glastak over bygget for å få ei kjensle av å sitje ute sjølv om me sit inne, seier van Langen.
Taket skal famne over tre separate bygg – eitt til servering, eitt til kjøkken/kiosk og eitt til surfesenter. Bebygga areal på tomta blir om lag 670 kvadratmeter.
Dagens løysing var likevel langt ifrå sjølvsagt. Allereie i starten av 2023 søkte senteret om å bygge, men både Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune har på tur og orden slått seg vrange i prosessen.
Etter å ha flytta bygget lengre aust, har surfesenteret no fått dispensasjon frå Klepp kommune til å gjennomføre planane, og bygge i -område.
Tomta der det eksisterande surfesenteret står i dag, skal tilbakeførast til LNF-formål.
Kan også ha ope i uvêr
Planen er å ha faste opningstider, slik at for eksempel turgåarar kan handle seg noko i kiosken sjølv om restauranten er bestilt til eit arrangement. Også på vinterhalvåret vil drifta bli langt enklare.
– No er me avhengige av vêr og vind, det er vanskeleg å ta imot kundar i kafeen viss det ikkje er sol, seier van Langen.
– Med dette bygget blir me litt mindre avhengige av vêret, skyt Berge inn.
Allereie i desember håpar dei å vere klare som vertskap til julebord, ikkje ute i lavvo som før, men altså innandørs.
Bygginga vil skje etappevis.
Rosar kommunen
– Korleis har søknadsprosessen vore for dykk?
– Krevjande, vil eg seie, men det har vore mykje støtte i kommunen, seier Berge, og legg til:
– Det hadde ikkje gått viss dei ikkje hadde vore med på laget og hjelpt til med å finne løysingar.
Han synest det er godt at draumen endeleg blir verkeleg.
– Ser de for dykk at de vil bli ein enda større konkurrent til Boretunet no?
– Det blir eit anna konsept eigentleg, så eg trur ikkje det kan samanliknast, seier Berge.