Denne maten kan i framtida kome frå eit storkjøkken i kommunen, framfor barnehagen sitt eige.
Denne maten kan i framtida kome frå eit storkjøkken i kommunen, framfor barnehagen sitt eige. Foto: Hanne Undem (arkiv)

– Før prosjektet blir sett i gang, blir det gjennomført ei utgreiing om framtidig storkjøkken og avklart i kva grad det skal vere matproduksjon i kvar enkelt barnehage, føreslår ho.

– Resultatet av dette kan påverka kva standard kjøkkena i ulike barnehagar skal ha.

Produksjonskjøkkenet på Kleppheimen blir nemnt i sakspapira.

Kommunedirektøren skriv at det er for liten kapasitet der, og ikkje tilstrekkeleg areal til å utvide dette dersom det seinare skal etablerast fleire sjukeheimsplassar på sjukeheimen.

Ei utsetting av oppgraderinga av barnehagekjøkkena, vil ho bruke til å greie ut framtidige løysingar under eitt, for heile kommunen.

Mange tusen porsjonar i veka

Kommunedirektøren forklarer at innbyggjarar i institusjon får levert varmmat og deler av brødmaten frå kommunen sitt storkjøkken på Kleppheimen.

Kjøkkenet produserer også noko varmmat til heimebuande, og leverer mat til Time kommune sine institusjonar og bebuarar frå Gjesdal på Kleppetunet.

Maten som blir servert i barnehagane, blir laga i barnehagane på deira eige kjøkken, på same måte som i SFO og i skulekantine.

Mange tusen porsjonar varmmat og brødmat blir servert frå ulike einingar i Klepp i løpet av ei veke.

– Det krev høg kompetanse og fagleg fokus for å sikre at alle dei ulike brukargruppene kommunen produserer mat til får rett næring tilpassa sine behov. Det er også høge krav til produksjonslokala der maten skal lagast. På bakgrunn av dette er det behov for å sjå all matproduksjon i kommunen under eitt, skriv Fjermestad.

Saka skal til behandling i alle hovudutvala i starten av mars, og til kommunestyret 23. mars for endeleg behandling.

Fleire alternativ

Fjermestad har ikkje ei klar anbefaling enno, men har sett saman ei arbeidsgruppe som ser på fleire alternativ.

For eksempel er det nokon kommunar som har sentralisert matproduksjonen for heile kommunen i ei eining, som leverer varmmat og brødmat til alle einingar. Andre har eigne storkjøkken som produserer mat til delar av kommunen, og meir lokal produksjon i andre delar.

Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad trur det kan vere ressursar å spare på å sentralisere matproduksjonen i barnehagen. Biletet er frå Ådalen barnehage i Time, som kutta ut ultraprosessert mat.
Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad trur det kan vere ressursar å spare på å sentralisere matproduksjonen i barnehagen. Biletet er frå Ådalen barnehage i Time, som kutta ut ultraprosessert mat. Foto: Foto: Alise Lea Tiller (arkiv)

Nokon har sett produksjon av varmmat ut til andre, men står for å varme opp maten og lage den til, og brødmat sjølv i dei ulike einingane.

– Arbeidsgruppa si klare anbefaling er at Klepp ser på ei lokal løysing for matproduksjonen, enten at det blir løyst av kommunen sjølv, eller av tilbydarar som held til lokalt, heiter det.

Dette for å sikre at tilbodet av råvarer lokalt blir nytta, at ein held på lokal mattradisjon og sikrar tett oppfølging.

Optimal nytte av Sporafjell og Markå

Den største produksjonen av mat i kommunen i dag skjer i barnehagane, ifølgje saksdokumenta.

– Tilstanden på kjøkkena varierer frå barnehage til barnehage, og det er avdekt eit behov for større utbetringar på fleire av desse viss ein skal halde fram med dagens produksjon.

Det er berre Sporafjell og Markå, heilt nye barnehagar, som ikkje treng kjøkkenoppgradering. Men Fjermestad meiner at det bør bli tatt med i vurderingane korleis kjøkkena der kan nyttast optimalt.

Det blir også etablert ein kafé i Plogen kulturhus, som ho vil vurdere om kan bli sett i samanheng med annan matproduksjon.

– Det er allereie sett av midlar i budsjettet til utbetringar, men kommunedirektøren har valt å avvente utbetringane og sjå på matproduksjon i barnehagane i lag med den andre produksjonen av mat i kommunen. Det kan vere ressursar å spare ved å sentralisere matproduksjonen i barnehagen, skriv ho.

Ho vedgår at det, uansett om noko eller heile matproduksjonen i barnehagane blir sentralisert, alltid vil vere behov for noko laging av mat i kvar eining.

– Dette vil kunne medføre noko investering i kjøkkena ute i einingane, men dette må avklarast i det vidare arbeidet.

Kommunedirektøren konkluderer med at det i den vidare utgreiinga må bli sett på potensial for å samle drifta i eigen regi og moglege løysingar for drift av andre enn kommunen sjølv. I utgreiinga må det også vurderast å utvide eit eventuelt kommunalt tilbod med leveranse til andre.

– Det som likevel er viktig for kommunedirektøren, i dei vidare vurderingane, er at Klepp kommune får ein berekraftig og framtidsretta matproduksjon der ressursane vert nytta på best mogleg måte.