Kine Stokkeland og Signe Helland frå Ålgård og Ola Storhaug Fosse frå Klepp var mellom dei få på Borestranda som hadde klart å få tak i solformørkingsbriller. - Nå ser eg at det står at dei ikkje skal brukast i meir enn tre minutt. Me har brukt dei i ein halvtime. Me får sjå, seier Fosse.
Kine Stokkeland og Signe Helland frå Ålgård og Ola Storhaug Fosse frå Klepp var mellom dei få på Borestranda som hadde klart å få tak i solformørkingsbriller. - Nå ser eg at det står at dei ikkje skal brukast i meir enn tre minutt. Me har brukt dei i ein halvtime. Me får sjå, seier Fosse. Foto: Ingeborg Eliassen

– Det kjentest litt flaut å sitta her med desse når ingen andre hadde, seier Signe Helland.

Ho og følget frå Ålgård, godt plassert på sitteunderlag ved foten av ei sanddyne, såg ut til å vera mellom dei få på Borestranda som hadde klart å skaffa seg solformørkingsbriller til anledninga onsdag kveld:

Minuttane då månen kom mellom jorda og sola.

Parkeringsplassen var full, men på stranda fekk alle uslåeleg utsikt til solformørkinga.
Parkeringsplassen var full, men på stranda fekk alle uslåeleg utsikt til solformørkinga. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Som Solabladet skreiv før det skjedde: Eit lite hakk i solskiva i 19-tida, då månen gradvis begynte å skli inn framfor sola, til den djupaste formørkinga klokka 19.59, og til litt før klokka 21, då det heile var over.

På det meste dekte månen 85 prosent av sola i vårt distrikt.

– Sola har sett ut som ein liten banan. Men nå blei det heilt mørkt, seier Ola Storhaug Fosse frå Klepp. Klokka viser litt over 20.

– Sola er nesten heilt dekt, seier Kine Stokkeland.

Dermed har dei tre fått valuta for dei 40 kronene paret som Signe Helland seier ho kjøpte brillene for på Ålgård tysdag. Onsdag meldte butikkar at dei var utselde, og på Finn kosta dei plutseleg gjerne 1.000 kroner stykk.

Men om dei ikkje hadde dei raskaste eller rette brillene, strøymde folk ut til Borestranda for å få med seg den kraftigaste solformørkinga som har vore synleg i Norge sidan 2015.

Med heimelaga utstyr som ikkje skulle vera farleg for augo, kom denne familien frå Kleppe: Mor Elita Kereisyte og borna Meda, til venstre og Matas.
Med heimelaga utstyr som ikkje skulle vera farleg for augo, kom denne familien frå Kleppe: Mor Elita Kereisyte og borna Meda, til venstre og Matas. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Matas Kereisis frå Kleppe hadde laga seg utstyr sjølv, etter oppskrift i VG, saman med søstera Meda og mor, Elita Kereisyte.

CD-plater er ikkje noko trygt filter under solformørking. Det hadde Bogdan Sosnowski òg høyrt. Men han hadde nå med eit par.
CD-plater er ikkje noko trygt filter under solformørking. Det hadde Bogdan Sosnowski òg høyrt. Men han hadde nå med eit par. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Med ei pappeske, eit kvitt ark og litt aluminiumsfolie kan ein få til ei innretning som ikkje er farleg for augo: Ein står med ryggen til sola og kan sjå formørkinga i gjenskinet på det kvite arket.

– Det er ein gammal metode, seier Elita Kereisyte, som kjenner han frå Litauen.

CD-plater er ikkje anbefalt som filter, ifølge Olaug Skrøppa, optikar og fagsjef i Interoptik. Det er heller ikkje andre improvisasjonar, som fotonegativ, gammaldags svart-kvitt-film, sota glas, plast frå svarte søppelposar – eller vanlege solbriller.

I forkant av solformørkinga åtvara ho mot å sjå mot sola utan godkjende solformørkingsbriller.

– Netthinna har ingen smertereseptorar, og derfor kjenner ein ikkje skaden i det den oppstår, forklarte Skrøppa ifølge NTB.

Resultatet, fortalde ho, kan bli ein form for brannsår midt i det skarpe synet. Følgene kan vera uklart sentralsyn, redusert evne til å sjå detaljar, eller ein sjenerande skugge midt i synsfeltet, åtvara ho.

Sosnowski-familien frå Sola og Polen fekk med seg storslått utsikt under jærhimmelen på ein spesiell kveld: Frå venstre Danuta, Bogdan, Michal og Maria.
Sosnowski-familien frå Sola og Polen fekk med seg storslått utsikt under jærhimmelen på ein spesiell kveld: Frå venstre Danuta, Bogdan, Michal og Maria. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Bogdan Sosnowski frå Sola hadde likevel tatt med seg både familien og nokre gamle CD-plater til Borestranda.

– Om det beskyttar? Truleg ikkje mot dei ultrafiolette strålane, seier han. Det såg ikkje ut til at resten av familien hadde tenkt å prøva utstyret.

– Eg er ikkje eigentleg interessert, men det er fint å vera her. Eg er glad i å vera ved sjøen, seier Danuta Sosnowski.

- Me har prøvd å ikkje sjå rett mot sola, seier kollegaene Juni Myhre og Mona Lise Jensen.
- Me har prøvd å ikkje sjå rett mot sola, seier kollegaene Juni Myhre og Mona Lise Jensen. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Kollegaene Juni Myhre og Mona Lise Jensen jobbar på Klepp Stasjon til dagleg. Denne kvelden hadde dei rigga seg til midt på stranda.

– Eg sa nettopp at eg ikkje var særleg imponert, det var så mykje skyer, seier Myhre.

Begge har solbriller. Men dei har fått med seg åtvaringane, forsikrar Jensen.

– Me har sett litt opp innimydlå, men har vore litt bevisste på at me ikkje skal sjå direkte mot sola!

Sett på nærare hald frå Heiakråfeltet

Jærbladet har fått tilsend bilete frå Rune W. Time frå Heiakråfeltet på Bryne.

Han følgde solformørkinga tett gjennom teleskop, og deler her nokre av bilda han tok fram til klokka 20:12.

– Då tok skyene over, melder han.

Den spede starten klokka 19:05:20. Månen kan så vidt skimtast som ein svart skugge framfor sola heilt nede til høgre.
Den spede starten klokka 19:05:20. Månen kan så vidt skimtast som ein svart skugge framfor sola heilt nede til høgre. Foto: Foto: Rune W. Time
Klokka 19:29:09.
Klokka 19:29:09. Foto: Foto: Rune W. Time
Klokka 19:55:59.
Klokka 19:55:59. Foto: Foto: Rune W. Time
Klokka 20:12:29.
Klokka 20:12:29. Foto: Foto: Rune W. Time