– Det tok fleire veker før eg innsåg at eg faktisk hadde klart dette, seier Solveig Christine Lærdal. Men her har ho kompetansebeviset, svart på kvitt.
– Det tok fleire veker før eg innsåg at eg faktisk hadde klart dette, seier Solveig Christine Lærdal. Men her har ho kompetansebeviset, svart på kvitt. Foto: Åge Bjørnevik

– Velkomen til Solsikken, helsar Solveig Christine Lærdal (28) med eit stort smil.

Klepp kommune sitt aktivitetssenter i Kleppelundvegen – som sidan 1. mars i fjor har hatt namnet Solsikken – har vore arbeidsplassen til Solveig i seks-sju år.

Ei viktig oppgåve ho har kvar dag, er å få brukarane til å føla seg like velkomne som det Jærbladet gjer i det me kjem inn døra. Og så kokar ho kaffi og te, steller til mat, gjennomfører aktivitetar saman med brukarane og ryddar og ordnar.

Brukarane av Solsikken aktivitetssenter er mykje ute på tur. Pakking av sekkar og å halda orden på lageret er ei av arbeidsoppgåvene til Solveig Christine Lærdal.
Brukarane av Solsikken aktivitetssenter er mykje ute på tur. Pakking av sekkar og å halda orden på lageret er ei av arbeidsoppgåvene til Solveig Christine Lærdal. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Oppfordrar andre

Solveig veit at ho har ei utviklingshemming, men det hindrar henne ikkje i å setja seg mål, læra noko nytt og å utvikla seg vidare kvar einaste dag. No kan ho visa fram eit ganske så ferskt kompetansebevis innan helsearbeidarfaget – og det er ho blant dei aller første med varig tilrettelagt arbeid i Rogaland som har teke.

– Ønsket mitt er at andre skal få vita at dette er mogeleg, og få sjansen til å ta kompetansebevis. Det har vore veldig kjekt og lærerikt å gjennomføra dette, seier Solveig.

No følgjer ho mellom anna spent med på ei venninne som har ei -stilling i Klepp kommune. Venninna har begynt på eit tilsvarande kompetansebevis-løp innan helsearbeidarfaget.

Kompetansebevis er eit papir på gjennomført opplæring, og kan mellom anna brukast for å dokumentera kompetansen i tilfelle der eit ordinært lærlingløp fram mot fagbrev vil vera for omfattande for kandidaten.

– Lærer meir heile tida

Inspirasjonen til å gå i gang kom då Solveig snakka med ein kompis. Han var i tilrettelagt arbeid som tømrar, og hadde tatt kompetansebevis innan det faget.

Kan det la seg gjera også innan helsearbeidarfaget? spurte Solveig seg sjølv for eit par år sidan.

– Eg tok det først opp med mamma, og så sjekka me litt. Så snakka eg med Svanhild her på jobben, og ho prata med fylket. Og så viste det seg at dette var noko me kunne få setja i gang med, fortel Solveig, som er oppvaksen på Klepp Stasjon og no bur på Kleppe.

Driftsansvarleg Svanhild Mæland ved Solsikken aktivitetssenter seier at ordninga med kompetansebevis var noko heilt nytt for henne.

– Me har hatt fleire lærlingar som har teke fagbrev her hos oss, men ordninga med kompetansebevis for dei som dette blir for omfattande for, kjende eg ikkje til. Men eg er veldig glad for at Solveig kom til oss med dette, seier.

Driftsansvarleg Svanhild Mæland (til høgre) er Solveig Christine Lærdal sin leiar på Solsikken aktivitetssenter. Ho fortel at Solveig har fått ei stadig viktigare rollle både for kollegaene og for brukarane.
Driftsansvarleg Svanhild Mæland (til høgre) er Solveig Christine Lærdal sin leiar på Solsikken aktivitetssenter. Ho fortel at Solveig har fått ei stadig viktigare rollle både for kollegaene og for brukarane. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Dei to er heilt samde om at arbeidet fram mot kompetansebeviset har gitt eit løft for Solveig – og for det ho kan bidra med på jobb.

– Når du har jobba ein stund, så gjer du av og til ting på autopilot, utan å tenkja så mykje over det. Etter at eg begynte på kompetansebeviset, tenkjer eg meir gjennom det eg gjer. Korleis eg gjer det, og kvifor eg gjer det – og på den måten lærer eg meir heile tida. Det er viktig for meg, seier Solveig.

– Eg trur me heile livet må setja oss mål og strekkja oss etter dei, både på arbeid og elles. Me blir aldri ferdig utlærte, legg ho til.

– At ho er her, gjev tryggleik til alle

Men korleis gjekk det til at ho begynte å jobba på aktivitetssenteret på Kleppe?

Kortversjonen er at ho hadde ein jobb på Ganddal – på feil side av Skjævelandsbrua, som ho seier med eit glimt i auget – men den mista ho. Så blei ho gåande heime ei stund. Då ho kontakta Nav, var utsiktene dei hadde for ei ung kvinne med utviklingshemming at ho måtte stilla seg i ein lang kø for å få tilrettelagt arbeid hos Jæren Industripartner. Så ho bestemte seg for å ta eit andre år på folkehøgskule.

Ein samtale med leiaren av miljøtenesta i Klepp blei eit vendepunkt. Avdelingsleiaren såg mogelegheitene for å testa ut Solveig som tilsett ved aktivitetssenteret, og dermed blei det ein prøveperiode først. Så begynte Solveig på folkehøgskulen, men i vinterferien tok ho kontakt med Svanhild på aktivitetssenteret om mogelegheitene for meir jobb etter at skuleåret var ferdig.

– Då fekk eg fast jobb, og sidan har eg vore her. Det er eg glad for. Det er viktig å ha ein jobb, seier Solveig, som går i 75 prosent stilling.

Å koka kaffi er ei av oppgåvene Solveig Christine Lærdal har hatt aller lengst i løpet av sine seks-sju år på aktivitetssenteret. Etter kvart har ho fått stadig nye og meir ansvarsfylte oppgåver.
Å koka kaffi er ei av oppgåvene Solveig Christine Lærdal har hatt aller lengst i løpet av sine seks-sju år på aktivitetssenteret. Etter kvart har ho fått stadig nye og meir ansvarsfylte oppgåver. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Svanhild Mæland slår fast at det er veldig godt for dei andre på aktivitetssenteret å ha Solveig der.

– Me andre er jo ein del ute med brukarane på aktivitetar, men Solveig er alltid her inne. Ho er alltid i godt humør og er alltid flink til å ta imot brukarane. At ho er her, gjev tryggleik til alle, både oss kollegaer og brukarane, seier Svanhild.

– Og så har det vore spennande å sjå på korleis ho har utvikla seg. Når ein tek inn nokon på tilrettelagt arbeid, vil det alltid vera ein del oppfølging i starten. Men etter kvart har me kunna gje Solveig meir ansvar, og ho har blitt meir sjølvgåande. Ho har blitt viktigare og viktigare her på Solsikken, både for oss kollegaer og for brukarane, legg leiaren til.

Også i rådhuset har det Solveig har oppnådd blitt lagt merke til.

– Me er stolte av alt ho har fått til. Dette er stort for henne, men også stort for Klepp kommune, seier Wendy Finnerud, kommunalsjef for helse og velferd, som håpar at det Solveig har gjort også kan opna opp for at andre kan gjera det same, både innføre helse og andre fagområde.

– Det var heilt sprøtt

Løpet fram mot kompetansebeviset starta med å definera kva mål innføre faget det var realistisk for Solveig å oppnå. Og det var ikkje så reint lite.

Desse seks hovudmåla sette dei opp:

  • Vareta brukarmedverknad i arbeidet.
  • Tilbereda måltid som er i tråd med kostråda frå helsestyresmaktene.
  • Gjennomføra tiltak som fremjar trivsel og bidreg til auka livskvalitet for brukarane.
  • Utføra arbeid etter gjeldande retningsliner for hygiene.
  • Kommunisera i møte med brukarar med ulik mogelegheit til å kommunisera.
  • Samhandla i møte med brukarar med ulik mogelegheit til å kommunisera.

Solveig leste og jobba, med Svanhild som rettleiar. Og 11. desember – cirka eitt og eit halvt år etter at ho begynte – var Solveig klar til å gå opp til kompetansebevis-prøven.

Ho var spent og sov ikkje mykje dei siste nettene før.

Måndagen var skrivedag. Då måtte ho planleggja dei praktiske øvingane ho skulle gjennom dagen etter. Tysdagen var praktisk prøve, der dei to sensorane følgde nøye med. Onsdagen var eit kvileskjær, men på torsdagen måtte ho vurdera det ho sjølv hadde gjort på praksisdagen, og svara på spørsmål frå sensorane. Då dette var over, var det ingen tvil: Solveig hadde bestått med glans.

– Det var heilt sprøtt. Heilt galskap. Det tok fleire veker før eg innsåg at eg faktisk hadde klart dette, seier Solveig.

Men det gjorde ho, og no har ho fått kompetansebeviset, der opplæringa ho har vore gjennom står dokumentert i detalj.