Slik viser Strawberry fram brakkebyen dotterselskapet Lynra skal driva i Larheia på Lye.
Slik viser Strawberry fram brakkebyen dotterselskapet Lynra skal driva i Larheia på Lye. Foto: Illustrasjonsfoto

Datasentertomta på Undheim er for lita for brakkebyen som skal husa arbeidarane. Derfor har entreprenør fått innvilga dispensasjon til å setta opp ein brakkeby på Lye, med bustader og kantine.

– Å sikra gode arbeids- og buforhold for alle som jobbar i prosjektet har høgaste prioritet hjå oss. Det å bu og eta godt er ikkje berre viktig for trivsel, det er også viktig for å sikra god HMS og god framdrift i prosjektet, uttaler administrerande direktør Mårten Skällenäs i ei pressemelding.

Anbodet med å husa og metta arbeidarane gjekk til selskapet Lynra, der ein jærbu er tilsett i ei leiarrolle.

Kjem med hotellerfaring

For éin månad sidan sa Sølvi Skretting Omland (46) opp på arbeidsplassen der ho hadde vore i 26 år, og jobba med sal, på kjøkkenet og i resepsjonen.

I ein open post på LinkedID skreiv ho at har brukt mange år på å handtera folk, stress, telefonar, problem, drift og alt det som skjer mellom frukost og stengetid.

«Det viser seg visst at det kan kallast 'brei kompetanse'», skreiv ho i ein slags open jobbsøknad, retta mot nokon som leitte etter ei som kan jobba, halda hovudet kaldt og få ting til å gå rundt.

– Eg har gjort mange ting på Bryne Kro & Hotell. Eg har både vore resepsjonssjef, vore i sal og på kjøkket, fortel Sølvi Skretting Omland.
– Eg har gjort mange ting på Bryne Kro & Hotell. Eg har både vore resepsjonssjef, vore i sal og på kjøkket, fortel Sølvi Skretting Omland. Foto: Foto: Privat

Med både vemod, takksemd og litt spenning, forklarte ho, gjekk ho inn i ein ny og ukjent kvardag.

Det gjekk ikkje lang tid før ho vart snappa opp av selskapet Lynra.

– Nå skal du over i noko heilt nytt. Korleis blir det?

– Heilt nytt blir det jo ikkje! Lynra går bevisst inn for å tilsetta hotellfolk, fordi me skal ta med oss servicekjensla over i . Det blir spanande, og så er det ikkje noko kommersielt med dette, som gjer at det blir ein annan måte å jobba på.

Lynra er ein del av hotellkonsernet til Petter Stordalen, Strawberry. Her har Skretting Omland vore innom tidlegare.

– Eg veit at eg kjem til ei god hotellkjede. Det er òg motiverande, seier ho.

For eitt år sidan feira Bryne Kro & Hotell Sølvi Skretting Omland sitt 25-årsjubileum. Ein inspirasjon og ein fantastisk kollega, roste dagleg leiar Mads Ueland (til høgre). Eigarane Einar Otto og Liv-Anne Otto Birkeland og ordførar Andreas Vollsund var med og feira.
For eitt år sidan feira Bryne Kro & Hotell Sølvi Skretting Omland sitt 25-årsjubileum. Ein inspirasjon og ein fantastisk kollega, roste dagleg leiar Mads Ueland (til høgre). Eigarane Einar Otto og Liv-Anne Otto Birkeland og ordførar Andreas Vollsund var med og feira. Foto: Foto: Privat

Milliardsatsing frå Stordalen

– Men så er det jo nytt på den måten at det er dette første anbodet Lynra har vunne i Norge, poengterer Skretting Omland.

Selskapet vart lansert tidlegare i år. Målet er å bruka erfaringane frå hotellverda til å utfordra den tradisjonelle industriservicemarknaden og sikra kvalitetsbustader for arbeidskrafta i industrien.

Selskapet Lynra har fått i oppgåve å husa og metta dei mange hundre arbeidarane som skal bygga datasenteret langs Undheimsvegen. Arbeidarane skal bu i Larheia på Lye. Kantina på éin etasje ligg nede til høgre på 3D-teikninga.
Selskapet Lynra har fått i oppgåve å husa og metta dei mange hundre arbeidarane som skal bygga datasenteret langs Undheimsvegen. Arbeidarane skal bu i Larheia på Lye. Kantina på éin etasje ligg nede til høgre på 3D-teikninga. Foto: Foto: Montasje: JoB Arkitekter

Bransjestaden Estate skriv om Larheia fordi brakkebyen er det første norske prosjektet til Petter Stordalen si nye milliardsatsing.

Ifølge selskapet har dei allereie har signert kontrakt for 3000 rom og ytterlegare 8000 skal vera under forhandling.

– Flaskehalsen for dei store industriprosjekta er ikkje lenger teknologien, men mangelen på kvalitetsbustader. At me nå held fram veksten for Lynra i Norge, er helt i tråd med ambisjonane om å etablere ein ny nordisk standard for drift av mellombelse bustader, uttaler Petter Stordalen i pressemeldinga.

Han argumenterer for at innkvarteringa er avgjerande for å rekruttera arbeidsfolk og talent til store industriutbyggingar i Norden.

Fordi Petter Stordalen prøver seg i eit nytt marknadssegment, har ikkje NTB bilde av han frå ein brakkeby. Eit bilde av hotellnestoren i Gatsby-stil, utanfor hotell Sommerro i Oslo, får duga.
Fordi Petter Stordalen prøver seg i eit nytt marknadssegment, har ikkje NTB bilde av han frå ein brakkeby. Eit bilde av hotellnestoren i Gatsby-stil, utanfor hotell Sommerro i Oslo, får duga. Foto: Foto: Terje Pedersen / NTB

Klar på seinsommaren

I starten av juni fekk Lynra innvilga serveringsløyve til å driva kantine ved byggeplassen på Undheim. Selskapet kjem til å senda ein ny søknad for å driva kantine i brakkebyen på Lye.

Kontrakten i Larheia skal gjelda 12 bustadriggar med totalt 616 rom. Drifta av 88 rom og kantine skal begynna i månadsskiftet august/september i år, opplyser selskapet i pressemeldinga.

– Eg gler meg veldig til å bli ein forhåpentleg god nabo på Lye, seier Skretting Omland.

Mattias Stengl, administrerande direktør i Lynra, uttaler at store industrisatsingar ikkje handlar først og fremst om maskinar, men om menneska som får dei på plass. Derfor legg han stor vekt på bumiljøet.

– Me er overtydde om at trivsel er nøkkelen til både velfungerande medarbeidarar og vellukka prosjekt, og ser fram til å ta med oss både ambisjonen og tankegangen inn i prosjektet i Stavanger.

På Lye skal Lynra stå for den operasjonelle drifta av buanlegget og kantina. På Undheim, ved byggeplassen, driv dei ei mindre personalkantine for dei som jobbar på kontoret til byggeprosjektet.
På Lye skal Lynra stå for den operasjonelle drifta av buanlegget og kantina. På Undheim, ved byggeplassen, driv dei ei mindre personalkantine for dei som jobbar på kontoret til byggeprosjektet. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen (arkiv)