- Eg kom heim frå USA med lyst til å bu i Rogaland, der eg tenkte det var mange gode jobbsjansar, seier Sondre Høyland Asheim. Men bachelorgraden hans i finans var ikkje nok til å få heiltidsjobb i ein relevant bransje.
- Eg kom heim frå USA med lyst til å bu i Rogaland, der eg tenkte det var mange gode jobbsjansar, seier Sondre Høyland Asheim. Men bachelorgraden hans i finans var ikkje nok til å få heiltidsjobb i ein relevant bransje. Foto: Ingeborg Eliassen

«Min oppfordring til bedriftslederne på Jæren: Våg å ansette oss som med bachelor og brennande iver etter å lære. Ikke tving oss gjennom to år med prokrastinering og teoretisk flisespikkeri bare fordi «master» høres profesjonelt ut.»

Det skreiv Sondre Høyland Asheim i ein kronikk som han sist veke fekk publisert både i Jærbladet og i Stavanger Aftenblad.

23-åringen er glad og overraska over responsen han har fått.

- Tema for mange, men ikkje offentleg

– Eg har fått ganske mange reaksjonar, ja, både masse frå kjentfolk, frå folk eg ikkje har høyrt ifrå på ein del år, og frå ganske mange ukjente, seier masterstudenten på Handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger.

– Mykje er positivt og ein del er konstruktiv kritikk. Det tar eg med eit smil, for alle tenker ikkje likt. Og sjølvsagt er det ikkje alle som opplever situasjonen slik eg gjer det etter eit halvt år på masterstudiet. Men eg trur at ganske mange snakkar om temaet eg tar opp, berre ikkje offentleg: Det er ei veksande mastersjuke i samfunnet, seier Sondre Høyland Asheim.

Stadig fleire har mastergrad

Om det er ei sjuke eller ikkje, er eit eige spørsmål. Men statistikken viser at det er blitt vanlegare å ha mastergrad i Norge:

Av befolkninga i Norge over 16 år, hadde 11 prosent mastergrad i 2024. Men i aldersgruppa 30 til 39 var talet nesten dobbelt så høgt; 20 prosent.

Bakgrunnen for at 23-åringen frå Klepp kaller det ei «sjuke», er eigne opplevingar i fjor sommar, etter at han kom heim frå USA med bachelorgrad i finans og økonomi i bagasjen. Den hadde han fått ved Plymouth State University i delstaten New Hampshire på nordaustkysten av USA.

-  I finans og økonomi er eg redd me tar mastergraden berre for å ha han på CV-en, seier 23 år gamle Sondre Høyland Asheim etter første semester på masterprogrammet ved Universitetet i Stavanger.
- I finans og økonomi er eg redd me tar mastergraden berre for å ha han på CV-en, seier 23 år gamle Sondre Høyland Asheim etter første semester på masterprogrammet ved Universitetet i Stavanger. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

Avslag på over 100 jobbar

Sondre var klar for å kasta seg ut i arbeidslivet, fortel han. I alt søkte han over 100 jobbar – i rekneskap, økonomi og administrasjon og i finans, på strekninga Egersund-Stavanger.

– Svaret var nesten alltid det same: Krav om mastergrad.

Han var likevel på 11 intervju og på enkelte andregangsintervju.

– Sjølv følte eg at tre av dei ville ha vore ein god match, seier Høyland Asheim, som til slutt lukkast: Han fekk deltidsjobb i finansavdelinga i eit programvareselskap i Stavanger. Dei ville at han skulle studera vidare.

- Forstår ikkje logikken

Det gjer han nå. Men som han skreiv i kronikken: «Jeg forstår ikke logikken bak det norske arbeidsmarkedets krav om fem års utdanning for jobbar man fint kunne mestret etter tre, eller kanskje færre.»

Det finst kompetanse ein ikkje kan lesa seg til på Ullandhaug, hevdar han. «I arbeidslivet lærer man hvordan bedrifter faktisk samarbeider, man bygger et navn, knytter kontakter og får en dypere forståelse for bransjen,» meiner den ufrivillige studenten.

«Kan vera for opptatt av formell kompetanse»

Delar av næringslivet kan nok vera for opptatt av formell kompetanse, trur også John Lende, finansdirektør i industriselskapet Aarbakke.

– Formell utdanning kan ta deg langt, men hardt arbeid, personlege eigenskapar og pågangsmot tar deg endå lengre. Arbeidsgivarar kan nok òg bli betre til å gjera det tydeleg dei gongane dei ikkje treng høgare utdanning eller fagkompetanse, skriv han i ein e-post med svar på spørsmål frå Jærbladet.

– Det finst jobbar utan masterkrav

Det finst likevel jobbar som ikkje krev mastergrad, ifølge Lende.

– Sist gong me lyste ut etter controller/rekneskapssjef, var kravet høgare utdanning. Det inkluderer bachelor, skriv han.

Lende understrekar at Aarbakke er svært opptatt av å gi unge sjansar.

– Me tar for eksempel kvart år inn eit stort antal lærlingar i fleire fag. Påfyll av unge gir ein god dynamikk og auka læring i heile organisasjonen, meiner Lende.

Heller ikkje Trond Gunstensen, økonomisjef i Haaland Industri på Vigrestad, kjenner seg heilt igjen.

– Ut ifrå eigne erfaringar og oversikt, har eg ikkje inntrykk av at det berre er stillingar for masterkandidatar. Eg har sjølv rekruttert til ulike økonomistillingar i fleire år, og eg har aldri hatt krav om mastergrad, skriv han.

Men han legg til:

– Mastergrad gir ei teoretisk fordjuping, og dette kan vera kompetanse som ein del ønsker i stillingane sine.

- Poenget er å jobba sjølvstendig

Dette er også reaksjonen til Jonas Skrettingland, prosjektleiar for Jæren i Næringsforeninga i Stavanger, tidlegare ordførar i Hå - og før det kontorsjef ved institutt for medie- kultur- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger.

- Eg trur ikkje at arbeidsgivarar på Jæren er smitta av mastersjuke. Framleis kan ein komma inn i bedrifter og kvalifisera seg i jobben, meiner han.

Han legg merke til at Høyland Asheim syntest bachelorstudiet var intenst, og at studentane jamt hadde prøver og tett oppfølging som bidro til at dei lærte - men at han opplever det motsette på masteren.

- Det er jo eit poeng med masterprogram at ein sjølv skal løysa oppgåver, tenka sjølv og arbeida sjølvstendig. Ein bør ikkje snakka ned eit masterstudium som vekk-kasta, meiner Skrettingland.

- Må forstå det som ligg bak

I masterprogrammet ved UiS opplever Sondre Høyland Asheim at dei langt på veg repeterer det han lærte på bachelorstudiet i USA, og han ser ikkje meininga i å bli drilla i manuell derivasjon og utrekningar som blir gjort digitalt i arbeidslivet.

Dette er heller ikkje fånyttes, meiner Skrettingland.

- Me treng folk som forstår kva automatikken har gjort. Viss du har lagt inn ein liten formelfeil, må du kunna forstå kva som har skjedd, seier prosjektleiaren. Og legg til:

- Gode folk blir endå betre med utdanning.

Bachelorgraden har ikkje ført til fulltidsjobben som 23 år gamle Sondre Høyland Asheim håpa på. Men han har funne seg ein svært relevant deltidsjobb.
Bachelorgraden har ikkje ført til fulltidsjobben som 23 år gamle Sondre Høyland Asheim håpa på. Men han har funne seg ein svært relevant deltidsjobb. Foto: Foto: Simon Elias Bogen

– Triks å kjenna dei rette folka

Sondre Høyland Asheim si erfaring er uansett at det ikkje er lett å få relevant jobb med ein bachelorgrad i finans.

– I alle fall for ein som har vore i USA i fire år. Det er nok eit triks å kjenna dei rette folka i eit system der det verkar som at mange søknadar går rett i bosset. Eg har òg høyrt at firma som lyser ut stillingar med masterkrav, iblant brukar KI til å sila ut alle som ikkje har dette, seier han.

Han seier at han forstår at nokre yrke krev mastergrad og at mange masterstudium er nyttige og verdifulle.

– Men i finans og økonomi er eg redd me tar mastergraden berre for å ha han på CV-en, meiner 23-åringen.

Har funne «god miks»

Nå har han likevel det han sjølv synest er ein flott balanse mellom studium og jobb.

– Det er fint å jobba deltid ved sidan av studiet, då får eg det beste frå to verder. Når eg jobbar på si, får eg dessutan kopla ein del av det eg lærer på skulen, til oppgåver på jobben. Det er ein god miks. Så nå har eg nettopp gått opp i stilling og skal jobba 60 prosent, seier Høyland Asheim.

Råd frå finansdirektørane

Kombinasjon av jobb og studium er ofte veldig bra, meiner finansdirektør John Lende i Aarbakke. Sjølv jobba han deltid i eit bufellesskap for unge med psykisk utviklingshemming parallelt med studium ved Norges Handelshøyskole, skriv han.

Og at jobben var på eit heilt anna felt enn det han arbeider med i dag, var ikkje negativt.

– Det ga meg verdifull erfaring og verdimessig kompetanse som har vore veldig nyttig seinare, også i jobben eg har i finans i dag.

Til studentar med og utan bachelor- eller mastergradar har økonomisjef Trond Gunstensen i Haaland Industri desse råda:

  • Sett deg godt inn i stillinga.
  • Ta gjerne kontakt med selskapet for meir informasjon enn stillingsannonsen gir.
  • Skriv ein søknad om korfor denne stillinga passar deg, og få fram utdanning, relevant erfaring og personlege eigenskapar. Eit eventuelt intervju skal utdypa søknaden din og gi eit inntrykk av personlegdomen.

Arbeidsgiveren vil prøva å finna ein kandidat som har rett kompetanse eller erfaring og som passar inn i arbeidsmiljøet i selskapet, skriv Gunstensen.

– I ein søknadsbunke skil ein ut dei som kan gi eit godt inntrykk av akkurat dette.