Sophia Edbäck, som står bak det nyaste tilskottet til kafélivet på Bryne, var glad, og kjende seg samstundes litt tom.
– Eg står her med stirande blikk og tenkjer at det heilt sikkert blir eit eventyr, dette også. Huset var meint for oss, seier Edbäck til Jærbladet.
– Glad i brød
Aarresmia, som går under namnet Smiå, blei bygd både som bustad og smie. Huset, som er frå 1891, er det eldste i Storgata på Bryne.
I det 132 år gamle lokalet, som no er kafé, er det mursteinsvegger, for tida eit juletre, stjerner i vindauga og fyr på peisen.
Edbäck håper å skapa same stemning i Smiå som i Drivhuset Bageri & Gårdsutsalg AS på Serigstad ved Bryne, som ho opna sommaren 2020.
Jakob Wredstrøm (30), opphavleg frå København og busett på Bryne, var blant dei første kafégjestene.
Wredstrøm var også til stades då Drivhuset Bageri & Gårdsutsalg AS opna for drygt tre år sidan.
Han tykkjer den nye kaféen i Storgata på Bryne er blitt flott.
– Eg er veldig glad i brød, og eg har ofte kjøpt brød frå Drivhuset. No skal eg ha meg kaffi og bollar. Og så tek eg nok eit brød med meg heim, fortel Jakob, som hadde kona Marlén Wredstrøm (32) og sonen Storm Wredstrøm (ei veke) med seg på kaféopninga.
– Kjem attende
Kristin Grødem (31) frå Bryne og Ada Kristine Noraas (31) frå Kvernaland la også turen innom på opningsdagen. Dei karakteriserer atmosfæren som intim, lun og koseleg.
– Me er venninne med Victoria Bergort, som også står bak kaféen, og me måtte sjølvsagt innom og sjå korleis det har blitt. Me tykkjer det er kjempefint her, og me reknar absolutt med at me vil koma attende, seier Kristin og Ada Kristine, som kjøpte seg gjærbakst og kaffi.
Ordførar Andreas Vollsund, som stod for snorklippinga, ønska Sophia Edbäck og gjengen hennar all mogleg lukke til.
Han tykkjer at det er bra med nye tiltak som skaper meir liv i sentrum.
Kaféen ligg i Smieparken, der Reier Carlsen og Rune Underhaug har sett i stand bevaringsverdige bygg, Aarresmiå og Steinslandhuset. Begge sveitserhusa er over hundre år, og skil seg ut i eit bybilde prega av større og nyare bygningar.
– Fulle hus frå heile Jæren
– Det er fint med nye stader der folk kan trivast. Bryne er eit regionsenter, og eg ønsker at det blir fulle hus, frå heile Jæren, sa han.
Den nye kaféen inneheld også eit møterom med plass til åtte-ti personar. I tillegg er det også eit lite utsal med julevarer.
– Men etter jul blir det sitjeplassar også i dette rommet, opplyser Sophia Edbäck.