Ho er søster til Jerry Lee Lewis, som er kjend for å spela piano med både hender, føter, olbogar og meir til, i tillegg megasuksessen Great Balls of Fire og ein haug med skandalar me ikkje treng komma nærare inn på her.
Rock 'n roll
Linda Gail Lewis er òg musikar. Ho har blant anna gitt ut plater med Van Morrison og norske Stephen Ackles.
Når kjem til Varhaug 21. november, er det saman med Danny B. Harvey.
Stasjoen pub-eigar Olav Madland meiner han er ei av verdas fremste, om ikkje den fremste, rockabillygitaristar.
Det er han som har henta dronninga av rockabilly og den velkjende gitaristen til bygda. Det har han gjort for å feira Stasjoen pub sitt tiårsjubileum.
Paradoksalt er Varhaugs einaste pub for liten til å feira sitt eige jubileum på ein skikkeleg måte. Madland låner derfor Varhaughallen.
Dette er eit arrangement for eit vakse publikum, så Madland trur ikkje han klarar å fylla heile hallen. I staden vil han rigga til ei litt mindre og intim utgåve, og pynta denne, slik at det ser ut som eit rock 'n roll-lokale frå 1950-1960-talet. Blant anna har Madland fått tak i ein gammal Chevrolet.
– Dette blir ei oppleving for historiebøkene, ivrar pubeigaren.
Han lovar rockabilly, 1950-talsrock 'n roll, boogiewoogie, honky tonk, country rock og klassiske Jerry Lee Lewis-songar.
Ti år med hobbybusiness
Stasjoen pub opna i dei gamle lokala til Varhaug Sparebank ein gong på vårparten i 2016. Den gongen var det Ingvar Engelsvold, Odd Dvergsdal og Olav Madland som dreiv han saman. I dag driv Madland åleine.
– Det har stort sett berre vore gildt, heilt frå dag éin. Det verka som om Varhaug var klar for ein pub, seier Madland.
Han har full jobb utanom, men er ofte å finna på Stasjoen når det er quiz, fotballkamp eller andre arrangement.
– Det er ein veldig travel hobbybusiness, seier Madland.
Han har mange gode minne frå ulike arrangement. Ein forsommarkveld i 2019 blei særleg spesiell. Då viste puben Champions League-finalen mellom Liverpool og Tottenham ute, samtidig som det var konsert med Leif & kompisane rett rundt hjørnet.
– Då var det kolossalt med folk i sentrum, mimrar Madland.