– Me syklar, me og, men nokon må arrangera, seier Inge Løland, leiar i Bryne Cykleklubb (til høgre). Berge Hatteland tømmer ut vatn som var til overs etter at 53 sykkelryttarar hadde unnagjort 24,7 km mellom Bue og Fosse bru. Laurdag står eit mykje større arrangement for tur.
– Me syklar, me og, men nokon må arrangera, seier Inge Løland, leiar i Bryne Cykleklubb (til høgre). Berge Hatteland tømmer ut vatn som var til overs etter at 53 sykkelryttarar hadde unnagjort 24,7 km mellom Bue og Fosse bru. Laurdag står eit mykje større arrangement for tur. Foto: Ingeborg Eliassen

Jærbladet kom forbi på fv. 505 rett før den siste turryttaren starta på turen heim, i strålande kveldssol.

Då var ein god gjeng frivillige frå Bryne Cykleklubb i ferd med å demontera partyteltet og rydda vekk det som var igjen av saft, bollar og kaffi etter at 53 sykkelryttarar hadde kome i mål i Tempo Bue-Bryne-rittet.

Dei hadde lagt bak seg 24,7 kilometer med «høy fart fra start til mål», og med «raske partier, full gass og kampen mot klokka», som det står på nettstaden til sykkelklubben.

Frå arrangørklubben deltok sju-åtte ryttarar, ifølge leiar i Bryne CK, Inge Løland.

– Dei andre kom frå Sandnes, Bømlo, Haugesund, Jørpeland, Dalane, og eg syntest eg såg ein frå Vikeså, seier han.

Så fort gjekk det

Tempo Bue-Bryne-rittet er for dei som likar å utfordra eigne grenser, ifølge klubben.

Og mellom dei som pressa seg til kvar si vinnartid, var Leif Bjarne Sjøvoll frå Sunnhordland Sykkelklubb i klassen for tempo-sykler. Han kom i mål etter 28 minutt og 26 sekund. Ingen kvinner deltok i denne klassen.

I klassen for racer (landevegssykkel) kom Håkon Wisløff, M20-24 frå Sandnes sykkelklubb, i mål på 00:28:49. Beste kvinne blei Ine Skjæveland, K40-44, Klepp Cycle Club, på 00:35:10.

Eit år utan uhell

Deltakarane starta enkeltvis, og ingen uhell blei registrert. Røde Kors var i beredskap, men det blei ikkje behov for deira hjelp.

– I år har me ikkje hatt uhell i det heile. Men i ein fellesstart i fjor hadde me ein massevelt der fire-fem ryttarar kom borti kvarandre. Det førte til eit knekt kragebein og ein øydelagt sykkel, seier Løland.

27 hårnålssvingar

Nå rettar mange blikket mot laurdag. Då går det årlege Lysebotn-Bryne-rittet, som er 147 kilometer og som startar med 27 hårnålssvingar og 900 meters stigning. 130 har meldt seg på så langt, ifølge Løland.

Parallelt går rittet Sirdal-Bryne med start på Sinnes, og som består av 101 litt snillare kilometer. Det kom i stand då nokre av medlemmane kom til at Lysebotn-oppstigninga var tung, ifølge Løland. Dette rittet har 50 påmelde til nå.

Slike lange løyper krev mange vakter og mykje logistikk, påpeiker Rolf Østhus. Han er ein av dei som ikkje skal køyra verken frå Lysebotn eller frå Sinnes i år. Nå er den tidlegare aktive turryttaren ansvarleg for påmelding og tidtaking i Bryne CK.

Til saman 180 sykkelryttarar skal prøva seg til helga.

– Dette er eit turritt som halvproffar synest det er kjekt å vinna, seier Østhus. Dei fleste av deltakarane er frå regionen. Men han har òg nokre frå Sørlandet og Bergen, ein gjeng frå Sverige – og ein med adresse Singapore, fortel han.

– Eg reknar med at han jobbar her og ikkje kjem rett derifrå.

«Gullåra» som gjekk over

Påmeldinga i år er omtrent på nivået det har lege på dei siste tre-fire åra, ifølge Østhus. Men 180 deltakarar er langt ifrå tala han opererte med i det han kallar «gullåra».

– I 2011 hadde me nesten 800 påmelde til Lysebotn-Bryne, og i 2012 over 700. Det var dei åra då bedrifter skulle bidra til god helse hos dei tilsette og oppmuntra til å melda seg på Nordsjørittet. Akkurat nå er sykkelritt litt nede i ein bølgedal. Nå er det løping som gjeld, med 10-kilometer, halvmaraton og maraton. Men eg håper sjølvsagt at det tar seg opp igjen, seier Rolf Østhus, påmeldingsansvarleg i Bryne Cykleklubb.