Nils Underhaug stikk hovudet inn gjennom eit øydelagt kjellarvindauge, i den einaste bustaden på tomta. I den grad det har vore folk her dei siste åra, har det vore utan godkjenning frå eigarane.
Den store eigedommen langs Arne Garborgs veg har vore forretningsadresse til Johansen Elektriske AS, som eigde han frå tidleg 90-tal og selde han i fjor sommar.
Dei siste åra har elektrikarfirmaet delt eigedommen med Bergene Maskin, som startar 2026 med å riva den gamle bustaden, ei falleferdig løe og nokre næringsbygg.
Trepartssamarbeid
– Nå riv me og klargjer for grunnarbeid. Så raskt dei tekniske planane er godkjende, skal me ut på anbod. Me håper å gå fysisk i gang med infrastrukturen før sommaren og med sal etter sommaren, seier Jan Erik Tuen.
Han er dagleg leiar i Snorres Hage AS, eit selskap skipa i 2023 for å kjøpa, regulera, teikna, bygga og selja bustader på tomta.
Nils Underhaug og faren, Rune Underhaug, har utvikla prosjektet gjennom selskapet Inverto AS. Dei har samarbeidd med arkitektane Dag Ove Fasting og dottera Camilla Sjo Fasting, som har regulert det, og eig ein tredel i Snorres Hage AS.
Alle fire deler kontor på Sandnes. Det er naturlegvis arkitektfirmaet Sjo Fasting som har teikna bustadene.
Den siste tredelen eig brørne Jan Erik og Ernst Morten Tuen frå Sirevåg, som kjøpte seg inn etter at reguleringsplanen var godkjent.
Firmaet deira følger opp sal og alle faga for Snorres Hage AS. ET Bygg er underleverandør og står for tømrararbeidet.
Frå éin til 27 bustader
Reguleringsplanen vart godkjent i desember 2024, etter ein prosess på knappe to år.
– Det gjekk eigentleg ganske radig. Der kan me godt skryta litt av kommunen, seier Nils Underhaug.
I «Snorres hage» kjem det 27 bustader fordelte på rekkjehus, fire einebustader og éin seksmannsbustad. Den siste var eit kompromiss for å auka utnyttingsgraden.
I det store og det heile vart prosjektet slik utbyggarane ønskte. Med ein stor reserve av regulerte leilegheiter på Bryne ville dei unngå å bygga fleire blokker.
3D-skissene er ikkje ferdige, men Camilla Sjo Fasting fortel at bygningane får saltak og luft rundt seg. Einebustadene blir liggande fritt mens rekkjehusa blir bygde i kjeder på to eller tre bustader.
Oppdelinga gjev fleksibilitet når Snorres Hage AS skal bygga ut området, noko som vil skje i fleire trinn.
– Estetisk blir det også ei betre løysing, med naturlege brot, påpeikar arkitekten.
Bilfritt tun
– Me er ferdige med grunnstrukturen neste haust. Dei første bustadene kan flyttast inn i eit snautt år etter at me begynner å bygga, fortel Tuen.
Namnet på prosjektet er ein kombinasjon av gatenamnet, Snorres gate, og det bilfrie tunet som dei fleste bustadene blir bygde rundt.
– Me har brukt energi på hagen. Det er eit grønt tun med naturlege materiale, som me har prøvd å gjera kjekt for alle generasjonar, fortel Underhaug.
Innkøyringa til Bryne frå aust blir fornya når dei slitne bygningane forsvinn – og blir snart endra igjen. Langs den trafikkerte vegen kjem det støyskjerm.
– Ikkje fordi det er eit krav, men det er eit visuelt grep me gjer for å sleppa utsikta ut mot Arne Garborgs veg, fortel Tuen.