Slik ser dei planlagde nybygga i Hattelandsvegen i Klepp ut, men både Statsforvaltaren og fylkeskommunen er kritiske.
Slik ser dei planlagde nybygga i Hattelandsvegen i Klepp ut, men både Statsforvaltaren og fylkeskommunen er kritiske. Foto: Skjermdump

Sidan 2022 har bedrifta Nordcut AS halde til i Hattelandsvegen 94 i Klepp. Bedrifta driv med «plate- og metallbearbeiding med fokus på industri, landbruk, maritimt, og on- og offshore.»

Gjennom bedrifta VIAL AS, eit ingeniørfirma som driv med rådgjeving i infrastruktur og byggeteknikk, freistar firmaet å rive dei gamle lokala og bygge nye på tomta.

I høve søknadspapira skal og bedrifta Banefjell etablera seg i dei nye lokala. Dei driv med jernbanerelatert verksemd.

Motstand i 2024

Både fylkeskommunen og Statsforvaltaren har sett ned foten for planane, jamvel om byggesaksavdelinga i Klepp kommune har stilt seg positiv. Alt i oktober 2024 vart det varsla oppstart av detaljregulering for næringsområdet ved Hattelandsvegen.

I november det året kom Statsforvaltaren med eit fråsegn kor det mellom anna heiter:

«Det er også i arealstrategien til Klepp kommune uttalt at «behov til næringsareal bør kunne dekkast ved omdisponering av areal avsett til bustadområde».

Vidare står det:

«Basert påberekna arealbehov, kan ein i kommuneplan 2022–2033 fastsetja kommunalt jordvernmål: Det skal i kommuneplanen 2022–2033 omdisponerast netto 0 dekar jordbruksareal (LNF) til bustad-, nærings- og fritidsbusetnad. Altså er reguleringsplanen i strid med Klepp kommune sin arealstrategi. På bakgrunn av det ovanståande vil me rå ifrå at kommunen går vidare med planen.»

Lang forhistorie

I søknadsprosessen vert det synt til at området har vore nytta til industri alt sidan 1960-talet. Den gong som ein minkfarm.

Den moderne soga begynte i 2003, då det vart gitt tillating til å oppretta ein maskinstasjon.

I 2008 vart det gitt dispensasjon til riving av eksisterande bygg og oppføring av nytt næringsbygg. Fire år seinare vart det gitt dispensasjon til oppføring av nytt næringsbygg.

Siste kapittel begynte altså med oppstart av detaljreguleringa, hausten 2024.

I LNF-område

Slik stoda er i dag, er berre 18 prosent av tomta bebygd areal. I høve dei nye planane vil dette auke til 51 prosent. I høve regionalplanen til Jæren og Søre-Ryfylke er målet for tomteutnytting ein stad mellom 40-100 prosent.

Kjernen i striden er at området er regulert som LNF-område i kommunen sin arealdel. I tillegg har naboar og bebuarar i området, mellom anna, peika på frykt for auka trafikk, og auka støy frå dei nye lokala.

Rogaland fylkeskommune skriv i ei uttaling frå 10. juli 2026 at: «Fylkesdirektøren vurderer at det omdisponerte arealet, primært ikke driver med landbruksrelatert næring og at vilkår som er gitt dermed ikke blir tilstrekkelig ivaretatt.»

Fylkeskommunen legg til at: «Klepp har avsatt arealer til næringsvirksomhet andre steder i kommunen.»

Kritisk Statsforvaltar

Det er Statsforvaltaren som er mest kritisk til kommunen si handsaming av saka. I utsegna frå 27. juli skriv dei:

«Klepp sin kommuneplan har eit reguleringskrav for tiltak i bygg- og anleggsområde, § 2.2. Det er òg ønska frå vår side at ei næringsutvikling i denne størrelsesordenen skjer gjennom ein planprosess. Det for å sikre at alle omsyn vert belyst og at samfunnsinteressene er vurdert. I dette høvet er planprosessen avbroten og kommunen går heller fram med enkeltvise dispensasjonar per eigedom. Det er ei uheldig framgangsmåte og me står ved vår tidlegare fråråding. Av den grunn rår me kommunen ifrå å gi dispensasjon til søkt tiltak på gnr./bnr. 2/29. (Hattelandsvegen 94)

Me syner til at me skal ha kommunen sitt vedtak tilsendt straks det er gjort.»

Statsforvaltaren er med andre ord kritisk til måten Klepp kommune har gitt dispensasjonar på.

Jamvel om saka skal opp til politisk handsaming, er det per no sterke føringar frå fylkeskommunen og Statsforvaltaren mot det planlagde nybygget i Hattelandsvegen 94.