«Bryne Kinos utfordring er et alvorlig og vedvarende driftsunderskudd, som påfører Time kommune langt større kostnader enn forutsatt ved kinoetableringen og i senere budsjetter.»
Konklusjonen kjem frå rådgjevingsselskapet Kulturmeglerne, som i eit grundig notat peikar på tre hovudårsaker:
- Det årlege kinobesøket er vesentleg lågare enn forventa ved kinoetableringa i 2018
- Ein svært høy husleigekostnad
- Høg personalkostnad som ikkje kan berast av kinodrifta på dagens besøksnivå
Notatet kjem i samband med eit oppdrag kommunedirektøren fekk knytt til den første tertialrapporten for 2024. Det var i same junimøte som kommunestyret vedtok kraftige kutt for å redusera meirforbruket i kommunen.
Anders Undheim (KrF), som fekk om å sjå på drifta av Bryne kino i eit langsiktig perspektiv, fortalde i formannskapet at han nesten hadde dårleg samvit over at vedtaket hadde resultert i eit grundig notat på fjorten sider.
Kommunedirektøren vurderte at administrasjonen var nøydd til å få utanfrå-blikk, frå personar med kompetanse kommunen ikkje har.
Vanleg med kommunal kino
At det ikkje er ei kommunal oppgåve å driva kino, har vore ei lettvint og hyppig brukt innvending mot Bryne kino.
Kulturmeglerne forklarer at det faktisk har vore svært vanleg at norske kommunar driv kino. Den kommunale kinoeigarskapen er unik for Norge og representerte fram til slutten av førre århundret heile 90 prosent av marknaden.
Då begynte ei konsolidering og privatisering av det norske kinomarknaden.
I Time kom spørsmålet om kommunen er den rette til å driva kino på spissen i 2016, då kommunen skulle sei ja eller nei til å etablera kino i Bryne torgsenter.
25 av 27 representantar sa ja, to KrF-representantar sa nei. Anders Undheim var éin av dei.
– Alle ønsker ein ny kino på Bryne, også eg, men dei fleste meiner at det ikkje er ei kommunal oppgåve å driva den, sa han.
Han følte seg usikker på og var skeptisk til økonomien i prosjektet. Har kommunen undersøkt godt nok om det er mogleg å få private aktørar på banen, undra han.
10.000 færre besøkande i året vil kosta kommunen éin million, påpeika han.
– Kor mykje pengar er me villige til å bruka kvart år? Me må ikkje vera så feige at me sender rekninga til neste kommunestyre. Dette er ikkje ei hastesak. Lokalet vil vera der om nokre månader også. Om det då er leigt ut, så fint, då er det aktivitet.
Han foreslo å utsetta saka og henta inn tilbod på fleirsalskino frå fleire huseigarar på Bryne, og at kinoen skal drivast som eit eige AS, men fleirtalet ville det annleis.
Faktisk godt besøkt
Høgttenkinga om besøkstal under kommunestyret i 2016, og konsekvensane for kommuneøkonomien, er framleis relevant.
Utnyttinga per sete er for låg, grunna eit for lågt totalbesøk ved kinoen. Det må ifølge Kulturmeglerne ligga på 100.000 besøkande i året – 36.000 fleire besøkande enn i 2024 – for at kinoen skal oppnå eit positivt driftsresultat.
Sjølv om Bryne kino stort sett ikkje har vore i nærleiken av å nå besøksmålet som vart sett ved etableringa, skriv Kulturmeglerne at kinoen faktisk er godt besøkt:
«Besøksutviklingen ved Bryne Kino, innbyggertallet og kinobesøk har variert i samme periode [2018 til 2023], men ligger i 2023 på 3,7 og høyt over landsnormalen i 2023, som er på 1,7 i kinobesøk pr capita».
Kostnadene som følger av den 20-årige leigeavtalen, ligg ifølge konsulentane skyhøgt over kommunale kinoar på same besøksstorleik.
Meir enn det seier dei ikkje om avtalen, som går til 2038 og ikkje kan seiast opp, og er årsaka til Bryne kino kjem til å leva i mange år til.
Attraktiv kino
For å greia 100.000 besøkande, må kommunen må anten intensivera oppfølginga av kinoen, eller overføra drifta til ein privat aktør.
I notatet skriv Kulturmeglerne at Bryne kino, med eit styrkt kommersielt driftsfokus- og leiing, har eit potensial til å auka lønsemda med over fem millionar kroner i forhold til resultatet i 2023.
Økonomiske musklar og kommersiell teft er noko av det ein privat aktør kan tilføra kinoen, skriv konsulentane.
«En privat kinodriver vil alltid ha fokus på å utvikle medarbeiderne, kinoanlegget, filmtilbudet og de økonomiske resultatene i kinodriften. Kun ved å lykkes med alt dette, vil en privat driver kunne oppnå de økonomiske målene som ligger til grunn i deres eget business-case for overtakelsen. Potensialet for at en privat driver med kino som kjernevirksomhet lykkes med å nå økonomiske mål, vil ofte være større enn en kommunal etats organiserte kinodrift, som ikke har like store ressurser tilgjengelig fra eier.»
Kulturmeglerne legg til grunn at Time kommune ikkje kjem seg ut av husleigeavtalen, men ser ikkje vekk frå at ein framleigeavtale vil kunna gje ein positiv effekt på kommunens netto kostnader ut leigeperioden.
Mest aktuelle er dei store private kjedene Nordisk Film Kino og Odeon. Sistnemnde har eit sterkt fotavtrykk i regionen.
«Bryne Kino er et ferdig innredet, moderne og velfungerende kinoanlegg, og vil trolig være attraktivt for en privat kinoaktør å drive. Kinoen kan overdras til ny driver gjennom en husleieavtale og fremleieavtale, etter gjennomførte sonderinger og forhandlinger i markedet», vurderer Kulturmeglerne.
Må ha hjelp
Formannskapsmøtet vart lukka for ikkje å svekka kommunen sin forhandlingsposisjon.
Som hovudregel skal offentlege møte vera opne. Kommunelova § 11-5 opnar for å lukka møtet viss «tungtveiende offentlige interesser» tilseier det, og det vil koma fram opplysningar som kunne ha vore viss dei stod i eit dokument.
– Me ønsker å ha ein kino på Bryne. Det handlar ikkje om me skal ha kino eller ikkje, men om kven som skal driva han. Eg synest det er mogleg å sjå på moglegheita om det finst interessentar utanfor som kanskje er meir kompetente enn kommunen, presiserte Anders Undheim då dørene opna etter ein diskusjon utan publikum.
I konklusjonen skriv Kulturmeglerne:
«Hvilket valg man nå vil ta i denne saken vil trolig baseres på hva det mest effektive tiltaket for å sikre en varig, positiv utvikling av kinoøkonomien og kinotilbudets utvikling. Kommunens endelige konklusjon i saken vil trolig ikke kunne foretas før en markedsdialog med interesserte kinodrivere er gjennomført.»
Vurderinga til kommunedirektøren, som fekk støtte i formannskapet, er at kommunen ikkje har kompetanse til å gjennomføra dialogen sjølv. Det ligg an til bruk av ekstern bistand, som skal betalast med midlar frå disposisjonsfondet.
– Det er heilt avgjerande viktig å ha konsulenthjelp, sa Ole Jørgen Alstadsæter (H).
I utval for levekår føreslo Høgre å legga kostnaden på kulturbudsjettet, eit forslag partiet trekte i formannskapet.