Det skriv kommunen i ei melding på si eiga heimeside.

Kommunen har over tid følgt opp teikn på fukt i delar av takkonstruksjonen i symjehallen.

– For å få kartlagt omfanget vart det bestilt ei fagleg vurdering av konstruksjonen. I samband med dette er takkonstruksjonen opna opp, og det er gjennomført nærare undersøkingar av dei berande limtrebjelkane. Desse undersøkingane viser at det er behov for sikringstiltak i berekonstruksjonen, skriv dei.

På bakgrunn av dette, og av omsyn til tryggleiken, har dei valt å stengja symjehallen inntil vidare.

– Me arbeider no med nødvendige strakstiltak, og har som mål å opna symjehallen att så snart det er forsvarleg.