Heilt sidan storbrannen i IVAR IKS sitt sorteringsanlegg for fire år sidan, har dei samvitsfulle av oss på eige initiativ sortert ut plast i eigne sekkar.
I Klepp har kommunen komme på døra for å henta plastavfallet, medan i Time og Hå har det vore opp til innbyggarane sjølve å levera det inn til næraste returpunkt.
Det finst nok òg dei som har slurva, og heller berre hive plasten i restavfallet, slik me kunne gjera før IVAR sitt avanserte sorteringsanlegg på Forus gjekk opp i røyk.
Dei gode nyheitene, for kloden, for dei som syntest det var eit ork å kjeldesortera plasten på eiga hand og for dei som fekk dårleg samvit over at dei ikkje gjorde det, er at du nå igjen kan hiva plastikken i restavfallet.
IVAR sitt nye sorteringsanlegg, som er i bruk frå 1. september, , slik òg det førre anlegget gjorde.
I Klepp fører dette med seg ei anna viktig endring: Då kommunen innførte ordninga med å jamleg henta plast heime hjå folk, vedtok dei òg at dei skulle henta restavfallet sjeldnare: kvar fjerde veke.
Den ordninga blir det slutt på frå 1. september. Då blir det igjen henting av restavfallet anna kvar veke.
I Time og Hå blir tømmekalenderen som før – berre no med opning for plast i restavfallet.
Audun Roalkvam, som er fagansvarleg for gjenvinning i IVAR, understrekar at sjølv om plasten nå kan gå rett i bosset, må folk framleis kjeldesortera papir og papp, mat- og hageavfall, glas- og metallemballasje, farleg avfall og elektronisk og elektrisk avfall.