Saka skal behandlast i Time kommunestyre allereie tysdag 18. juni, og i eit formannskapsmøte tidlegare same dagen. Saka skal også opp i utval for levekår torsdag, pluss i ungdomsrådet, senior- og brukarrådet og i administrasjonsutvalet.
Kommunedirektøren skriv i sakspapira at dei har jobba med saka gjennom heile året, og heilt fram mot utsendinga. Bakgrunnen for forslag er at kommunen i tre år på rad har brukt meir i tenesteproduksjonen enn budsjettert. I fjor var meirforbruket på heile 52,4 millionar kroner, og kommunedirektøren reknar med at Time vil enda med eit meirforbruk på 25–30 millionar også dette året dersom dei ikkje tek grep.
– Tiltaka vil ha konsekvensar i redusert kvalitet og/eller tilbod på tenester, men kommunedirektøren vurderer dette som forsvarleg og at tiltaka ikkje vil utfordra kommunen sitt lovpålagde tenestetilbod, skriv kommunedirektøren, som slår fast at fleire av tiltaka er gode tiltak som gjerne skulle vore vidareført.
Stort kutt i spesialundervising
Det aller største kuttet, på heile 10 millionar kroner, vil kommunedirektøren gjera med å tenkja annleis kring spesialundervising.
– Det føregår eit omfattande arbeid med å dreia ressursbruken frå individ til fellesskap innan skule. Målet er å endra måten ein arbeidar på, slik at ein reduserer behovet for spesialundervisning. Vedtak om spesialundervisning har vore omfattande og aukande over tid, og har dermed bunde opp store ressursar innan skule. Prosentdel elevar som har spesialpedagogiske vedtak i Time er nå høgare enn landssnittet. Undervisning hadde i 2023 eit meirforbruk på 14,5 millionar kroner, som i hovudsak kan tilskrivast kostnader med spesialpedagogisk opplæring, heiter det i sakspapira til politikarane.
Kommunedirektøren vurderer det som realistisk å kunne redusera desse kostnadane med 10 millionar kroner.
På den opprinnelege kuttlista frå april sto også ei reduksjon i Laget rundt læraren og eleven (LLE) på 1,8 millionar kroner. Men kommunedirektøren skriv no at for å nå måla for kutt i spesialundervisinga, er nett dette tilbodet eit viktig verkemiddel, som dermed ikkje blir kutta.
Desse er for viktige
Nokre andre tiltak sto på den opprinnelege kuttlista, men er ikkje med på den endelege:
- Reduksjon eller avvikling av Ungdomsteamet
- Reduksjon eller avvikling av Familiesenteret
– Årsaka til dette er at dei er ein sentral del av kommunen sitt førebyggande arbeid og lågterskeltilbod. Redusert ressursbruk i desse tenestene kan på sikt føra til større utfordringar som krev endå meir ressursinnsats frå kommunen, heiter det i sakspapira.
- Fritidsklubbane
Kommunedirektøren går ikkje vidare med dei omdiskuterte kutta i opningstidene på fritidsklubbane. I staden føreslår han å leggja ned heile Mekkeklubben på Lyefjell.
– Kommunedirektøren vurderer at eit kutt fordelt på alle fritidsklubbane vil få negative konsekvensar for unge i heile kommunen. Eit alternativ kan vera å avslutta Mekkeklubben for å konsentrera kostnadsreduksjonen her. Unge på Lye vil då framleis ha Lyefjell fritidsklubb med same opningstid som i dag, heiter det.
Her er kuttlista
Så kjem det som har blitt ståande på kuttlista.
– Vurderinga for desse vil vera at behovet kommunen har for å redusera kostnader er større enn eventuelle positive effektar tiltaket har i dag, skriv kommunedirektøren.
To spørsmål krev eigne politiske saker før det blir fatta vedtak:
- Effektivisering av barnehagestrukturen. Kjem i barnehagebruksplanen til hausten.
- Utsetting av nybygg til tre personar innan psykisk helse/rus i Kolheia.
Dette føreslår kommunedirektøren å kutta (heilårseffekt av innsparinga i parentes):
- Endra opptaks- og tildelingskriterium for barnehagane (2,5 millionar kroner)
- Avvikla open barnehage (1 million kroner)
- Redusera behovet for spesialundervising (10 millionar kroner)
- Ikkje leiga symjehall i Klepp til symjeopplæring (200.000 kroner)
- Endra tildelingsmodell til elevar med spesialpedagogiske vedtak i privatskulane (2 millionar kroner)
- Endra leasingavtale for elevane sine iPadar (600.000 kroner)
- Barnevern – redusera omfang av rettleiing til biologiske foreldre og tilsyn ved samvær med barn under omsorg (700.000 kroner
- Avslutta tiltak etter avtale med oppfølgingstenesta (inntil 270.000 kroner)
- Seia opp avtalen med Alternativ til vald (540.000 kroner
- Seia opp avtalen med NOK – tidlegare SMISO, seksuelle overgrep (60.000 kroner)
- Avvikla Mekkeklubben (400.000 kroner)
- Redusera fritidstilbodet til vaksne ved Svendsenhuset (300.000 kroner)
- Redusera nivået på bibliotektenesta (1 million kroner)
- Reversera auke i kulturtilskot (600.000 kroner)
- Bryne aktivitetssenter, effektivisera drifta (800.000 kroner
- Psykisk helse og rus, effektivisera drifta (800.000 kroner
- Redusera standarden i praktisk bistand (heimehjelp) frå kvar tredje veke til kvar fjerde veke + innføra eigenbetaling for praktiske oppgåver utført av heimesjukepleia (350.000 kroner)
- Redusera tilbodet til frivillige lag og organisasjonar (100.000 kroner)