Fredag kveld skreiv politiet i ei melding til media at dei hadde rykka ut til ei adresse på Lye.
Utrykkinga skjedde etter ei melding om ei alvorleg valdshending. Hendinga var ikkje verifisert, presiserte politiet.
I ei oppdatering 19:16 skreiv politiet at dei jobba med å avklara kva som var skjedd, og at det var avgrensa kapasitet til å svara pressetelefonen.
– Me oppdaterer så snart me har meir informasjon, skeiv operasjonsleiar Helen Rygg Ims.
Stort publikum
Jærbladet kom til staden 19:43, saman med eit stort publikum utanfor Coop Extra.
Rykta florerte, og ingen verka å ha oversikt.
– Eg har vore her ein liten time. Eg såg det då eg kom rundt svingen, sa Simen Fotland om politioppbodet.
– Kva har de høyrt?
– Berre at det er ei valdshending. Resten veit me ikkje.
– Kva tenker du at det er så mykje politi og ambulanse i bygda?
– Eg trudde først det var ei øving, men eg ser jo nå at det er meir seriøst enn det.
Ikkje funne skadde
Operasjonsleiar Helen Rygg Ims oppdaterte media like før klokka åtte.
Politiet gjorde undersøkingar i området. Dei hadde ikkje funne skadde personar.
– Me forsøker å koma i kontakt med meldar og opprettheld innsatsen i området til me har fått ei avklaring, melde Ims.