I loftsetasjen står CNC-maskinen han bruker til å laga skilt og former med. Det er ei stund sidan den var favoritten, nå for tida støypar han større og større figurar i bronse.
– Målet mitt er å læra nye. Når eg lagar ein figur, eller eitt eller anna, er det alltid med ei forandring eller forbetring.
Han har skrive hugselapp for å koma på alt han gjort sidan 2019, då han gjorde om garasjen til verkstad. Det nyaste innkjøpet er ein laser, som til og med kan skriva på stein.
Grødeland har dokumentert reisa på «Kenneths garasje», ei side på Facebook der venar, kjende og ukjende kommenterer dei kreative påfunna.
Tidkrevjande prosess
3D-skrivaren inne i huset bruker fort ei veke på å printa plastfigurane Grødeland nyttar til å støypa gipsformene med.
Etter at gipsen har tørka, brenn Grødeland vekk plasten, slik at han sit att med former til å hella det smelta metallet i.
– Eg kan ikkje seia det hardt nok, tryggleiken er det aller viktigaste. Får du smelta metall på deg, gjer du det ikkje ein gong til, seier Grødeland.
Sjølv har han gått klar av ulukker, fordi han alltid tenker tryggleik først. Ytst har han på verneklede av kevlar, av same type som blir nytta i smelteverka, og forkle av lêr. Inst har han bomull, som ikkje tar fyr.
Funkar ikkje alltid
Fordi skulpturane han lagar er blitt så store, må dei lagast i fleire delar. Det gjer at same prosesse må gjerast i fleire omgangar, før delane kan sveisast saman.
Skulpturane blir støypte hòle, og så tynt som mogleg fordi materialet krympar. Likevel er det ikkje alltid resultat blir som venta
– Det er jo grævla surt. Eg har brukt ei veke på noko, og så går det gale dei siste to minutta! Det er berre sånn det er.
Skulpturane er ikkje ferdige før dei er pussa, slipte og filte. Arbeidet med kua tok mange veker å laga etter arbeidstid.
Grødeland har eit godt forhold til naboane, men tok til seg hint om at lyden frå ein durande kompressor kan bli slitsamt i lengda. Derfor har han kjøpt det mest stillegåande utstyret som er å oppdriva.
Raber frå Nordsjøen
Med tanke på timane som er gått, er ikkje 8000 kroner ein upris for ei ku. Særleg sidan Grødeland har brukt om lag ein tredel berre på silisium og kopar, for å gje kua same kvalitet som profesjonelle kunstskulpturar.
– Dette er den første kua eg har selt. Elles har eg gjeve dei vekk som gåver, bønder liker det veldig godt.
På mindre jobbar bruker han gjerne «raber» frå Nordsjøen, som han har tatt med arbeidsgjevaren Baker Hughes.
– Det var det som gjorde at eg begynte. I oljeserviceindustrien har me veldig mykje verktøy som me kasserer. Eg begynte å ta heim bronsen og smelta.
Grødeland er elektroingeniør med kontorjobb på Forus, og ønskte å driva med noko heilt annleis på fritida.
Derfor begynte han med mekanisk arbeid. Alt han har lært om fresing, sveising og støyping har han funne på YouTube.
Utrangert utstyr får mellom anna fått nytt liv i form av hundar, kattar og myser. På eit tidspunkt hadde han så mange dyrefigurar at han begynte å dela dei ut under halloween.
– Det kreler av sånne figurar i hus og heim rundt i Verdalen. Eg vart kvitt dei og ungane vart fornøgde.
Kjent att på Rema
Kua og oksen er laga med digitale teikningar han har kjøpt på nettet. Derfor er det bjøllene han designa sjølv han er mest kry over.
– Det er hundre gonger så gjævt som kua, seier han.
Bjøllene vart raskt selde ut, etter at komikaren Tore Kåstad kjøpte ei og la henne ut bilde på Snapchat.
Endå større verksemd vart det under Haydom-auksjonen til Ingvar Kvia – bodrunden tok av og enda på 25.000, hugsar Grødeland.
Etterspurnaden har gjort han har laga mange fleire enn tenkt. Nå som han er passert tjue , og vel så det, er han begynt å gå litt lei.
Likevel var det ikkje bjølla, men responsen på bronsekua i sosiale medium, som i eit lite millisekund gav han kjensla av å vera kjendis.
Dagen etter salsannonsen med kua, vart Grødeland stoppa på Rema i Verdalen og spurt om ikkje det var han frå garasjen.
– Det var ei ny oppleving. Det har eg ikkje opplevd før!