– Utvida driftsbasen i Bryne sentrum? seier Andreas Vollsund spørjande.
I starten av oktober kontakta eigedomssjef i Bane Nor Eiendom, Kari Aandal, Time kommune med tanke på å gjera nettopp det.
Tankane var nye for ordføraren, som ikkje hoppar taket over eit forslag som går i motsett retning av det formannskapet har vedtatt.
– Me meiner at det ikkje bør vera ein driftsbase til tog midt i smørauget av Bryne. Det bør me rett og slett utvikla for innbyggarane og tenester til dei. Så det vil eg, som eit utgangspunkt, vera negativt innstilt til. Eg meiner spesielt at Bryne, som har avgrensa med areal, verkeleg bør få utnytta dei gode, sentrumsnære områda der driftsbasen er i dag.
– Trur du at de blir høyrde på dette nokon gong, eller trur du driftsbasen blir verande til evig tid?
– Det håper eg verkeleg at me blir, og eg meiner at det er kamp eg tenker me må ta framover. Det seier seg sjølv, for dei ønsker jo utbygging innanfrå og ut i byane. Og dette er det verkeleleg inst i kjernen. Eg tenker at det ikkje er rett med ein driftsbase i sentrum av regionsenteret på Jæren. Å flytta den ut av Bryne, meiner eg er ei viktig sak som me bør stå samla om.
Vurderer å utvida
Tre ting skjer samstundes rundt jernbanestasjonen på Bryne:
- Dobbeltsporplanen skal behandlast i jærkommunane
- Time skal revidera sentrumsplanen for Bryne
- Bane Nor Eiendom har kontakta kommunen om å utvida driftsbasen
Eigedomssjef Kari Aandal seier at Bane Nor Eiendom treng meir lagerplass.
– Me har allereie fått godkjent nokre nye garasjar som skulle stått inn mot gjerdet, ut mot veggen. Me tenkte at det kanskje kan vera betre å forlenga bygget litt, i staden for å føra opp garasjane me har fått godkjent. Viss me bestemmer oss for å gjera det, vil me prøva å gjera det i same stil som godsbygget er i dag. Det vil rett og slett sjå ryddigare og betre ut, seier ho.
I eit møte om utvidinga har kommunen signalisert at ny løysing er ryddigare og betre for byen enn garasjane som allereie er godkjende.
Samstundes minte kommunen om planarbeidet som føregår, og at kommunen ønsker at driftsbasen på sikt blir flytta ut av sentrum.
Har fremja motsegn
Bane Nor ønsker ikkje å gjera det lettare for andre aktørar å utvikla stasjonsområdet.
I høyringsrunden i vår fremja dei motsegn til sentrumsplanen på Bryne. Der hadde Time kommune føreslått å disponera om jernbaneareal på sentrumssida til samferdsel (rundt busstasjonen) og kombinert bygge- og anleggsformål (rundt driftsbasen).
Bane Nor er skeptiske til å gjera endringar i arealformål før dobbeltsporplanen er endeleg vedtatt. I motsegna kravde dei at sentrumsplanen regulerer heile arealet som baneformål.
Forsøkte å utfordra
Formannskapet i Time har, gjennom eit høyringssvar til dobbeltsporplanen i fjor haust, forsøkt å utfordra plasseringa av driftsbasen. Dei har spelt inn at alternative plasseringar bør vurderast.
«Driftsbasen stenger for muligheten å få til en god byutvikling og bør, mener TK, helst ligge utenfor sentrum. Dette er en vesentlig sak for kommunen», står det i referatet frå eit møte kommunen hadde med Bane Nor i sommar.
I forslaget til dobbelsporplan understrekar Bane Nor at driftsbasane mellom Skeiane og Nærbø ikkje blir påverka av planen.
Samstundes delte dei oppfattingar om stasjonsområdet på Bryne, i planforslaget som har vore på høyring, som Time kommune er meir enn samd i:
«Det er en driftsbase ved Bryne stasjon. Hvis dette kan legges utenfor sentrum så vil arealene kunne frigjøres til byutvikling. Arealene tett på stasjonen er sannsynligvis de mest verdifulle i Bryne.»
Ønsker vidare bruk
Bane Nor har vore klare på at dei først vil kunna akseptera ein annan arealbruk når deira interesser er varetatte.
Og i motsegna uttrykte dei tydeleg at dei ikkje ser føre seg å flytta driftsbasen på Bryne med det første:
«Bane NOR har ingen planar eller middel til å flytte driftsfunksjonane, og kan ikkje akseptere at området blir gitt eit formål som er i strid med dagens bruk.»
Dei vurderer driftsbasen som eit viktig område for drifta av jernbanen, og skriv at han er i dagleg bruk som både arbeidsstad og som verkstad for jernbanens maskinar.
«Den har ein hensiktsmessig plassering med tanke på utrykking, feilretting og vedlikehald. Bane NOR har ingen planar eller middel til å flytte driftsfunksjonane», står det i motsegna.
Rikkar seg ikkje
Formannskapet i Time vedtok 1. oktober ei sak om korleis motsegnene til sentrumsplanen kan møtast. Saka vart samrøystes vedtatt.
I eit drøftingsnotat som svarer på forslaga frå kommunen, datert 7. oktober, fortel Bane Nor kva som skal til for at dei skal trekka motsegna.
Kommunen må gå med på å droppa alle omdisponeringar frå jernbaneformål i sentrumsplanen. Det gjeld både arealet rundt busstasjonen (samferdsel/kollektivknutepunkt) og arealet rundt driftsbasen (blandet formål).
Bane Nor viser til dobbeltsporplanen, som seier noko nærmare om kva slags tiltak som er akseptabelt rundt busstasjonen:
Innanfor området vert kollektivknutepunkt med stasjonsbygg tillate, parkeringsanlegg for bil og sykkel, «kiss&ride», drosjetilbod, kiosk/bevertning eller liknande, samt gangbru over jernbanen når dette ikkje er i konflikt med nødvendig areal for drift av jernbane med tilhøyrande funksjonar. Slik bruk vil verta avklart gjennom reguleringsplan.
Bane Nor skriv at dei kan akseptera at den same føresegna blir lagt inn i sentrumsplanen.
Men dei vil ikkje tillata større grep før «jernbanens fremtidige arealbehov» er avklarte – og dei vil først sjå på nærmare avgrensingar av stasjonsområdet i samband med detaljregulering.
Om den delen som gjeld busstasjonen, skriv Bane Nor i drøftingsnotatet:
«Vi utelukker ikke at området i fremtiden vil kunne ivareta de funksjoner som kommunen har ønsket.»
Får ikkje røra driftsbasen
Samstundes avviser dei kontant forslaget frå kommunen om å utvida føresegnsområdet til å inkludera driftsbasen.
Bodskapen er den same som i motsegna frå i vår. Då skreiv Bane Nor at det ikkje kan forskotterast annan bruk av jernbaneareal inntil framtidige behov er avklarte på strekninga og det er avklart om jernbanen treng areala vidare.
Avdelinga for plan og forvaltning har hatt møte med Bane Nor om drøftingsnotatet. Oppfattinga etter møtet er at Bane Nor ikkje kjem til å justera på nokon av vurderingane sine.
I november–desember eller tidleg på nyåret, får politikarane ei sak om korleis kommunen skal stilla seg til motsegnene til sentrumsplanen. Planavdelinga ønsker ikkje å føregripa kva kommunedirektøren vil føreslå i saka.