Torbjørn Reime (t.v.), Nils Reime og Bjarte Heskja

(Dalane Tidende) I ein verkstadhall på Apeland i Bjerkreim går drøsen engasjert om ulike modellar av Brøyt, hydraulikktrykk og anleggshistorikk.

Torbjørn Reime, som eig og driv Torbjørn Reime Maskin AS i Bjerkreim, har sett fram kaffi, bollar og sjokoladekake. For i dag har han storfint besøk.

– Sjølvaste Heskja'en; ingen kan Brøyt betre enn han. Alle i bransjen kjenner Bjarte Heskja, slår han fast.

EKSPERTHJELP: At han er lam frå brystet og ned hindra ikkje Brøyt-eksperten Bjarte Heskja i å ta turen til entreprenør Torbjørn Reime i Bjerkreim denne veka, med gode tips og instruksjonar om den 44 år gamle gravemaskinen hans. I bakgrunnen til venstre står Heskja sin sjåfør, barndomskameraten Jan Øgaard. Brørne Torbjørn og Nils (kjeledress) Reime står ved gravemaskinen.
EKSPERTHJELP: At han er lam frå brystet og ned hindra ikkje Brøyt-eksperten Bjarte Heskja i å ta turen til entreprenør Torbjørn Reime i Bjerkreim denne veka, med gode tips og instruksjonar om den 44 år gamle gravemaskinen hans. I bakgrunnen til venstre står Heskja sin sjåfør, barndomskameraten Jan Øgaard. Brørne Torbjørn og Nils (kjeledress) Reime står ved gravemaskinen. Foto: Foto: Keth Odland

Kolliderte med røyr, knekte rygg og nakke

Gjesten har med seg eigen sjåfør, barndomskameraten Jan Øgaard. Transport er éin av svært mange ting 72-åringen treng hjelp til. Aksjonsradiusen hans er det den elektriske rullestolen som styrer.

– Eg hadde vore hos bror min på Lyefjell, og på veg heim skulle eg sykla innom ein kar som eg hadde selt ein gravemaskin til. I ein nedoverbakke var det sett opp eit røyr for å sperra vegen. Det hadde ikkje vore der før, og eg såg det ikkje på grunn av sola. Dermed small eg rett inn i røyret, fortel Bjarte Heskja om ulykka den 26. april 2022.

Han brekte rygg og nakke og pådrog seg lungeskade.

– Eg låg i respirator i to og eit halvt døgn. Då eg vakna, kunne eg ikkje snakka før etter fleire dagar. Eg var på sjukehuset i totalt seks månader, først i Stavanger, men lengst på Haukeland i Bergen. Eg har 16 skruar – forhåpentlegvis rustfrie – i ryggen og nakken og er lam frå brystet og ned. Hendene kan eg bruka, men ikkje fingrane; armane prøver eg å trena opp. Men det viktigaste er at hovudet fungerer.

«SJØLVASTE HESKJAEN»: – Ingen kan Brøyt betre enn han, er Torbjørn Reime (t.v.) sin attest om Bjarte Heskja.
«SJØLVASTE HESKJAEN»: – Ingen kan Brøyt betre enn han, er Torbjørn Reime (t.v.) sin attest om Bjarte Heskja. Foto: Foto: Keth Odland

Eige firma i 40 år

Bjarte Heskja begynte å jobba hos Brødrene Søyland på Bryne i 1971. Då firmaet gjekk konkurs i 1981, starta han og fire andre som mista jobben, Rogaland Maskinservice.

– Me dreiv anleggsverkstaden for gravemaskinar og hjullastarar i rundt 40 år før me selde til tre karar som i si tid begynte som læregutar hos oss, fortel Heskja, som heldt fram med å arbeida i firmaet etter at han selde seg ut.

På B & G-oppdrag med sjøfly

Mang ein gravemaskin, ikkje bare på verkstaden på Bryne, men i det ganske land, har fått ny livsgnist og arbeidskapasitet takk vera Bjarte Heskja sin kunnskap om mekaniske finessar.

– Eg reiste mykje rundt på anlegg og utførte reparasjonar og service. Bertelsen & Garpestad var blant dei eg hadde mykje arbeid for. Dei kom med Cessna-flyet sitt og henta meg på Frøylandsvatnet, så flaug me inn på anlegg som kunne vera både avsides og langt unna. Me var skikkelege anleggsfolk den gongen.

VERKSTADKOS: Kaffi og bakst måtte til då Torbjørn Reime (t.h.) fekk fint ettermiddagsbesøk i verkstaden sin på Apeland denne veka. Frå venstre: Nils Reime, Jan Øgaard og Bjarte Heskja.
VERKSTADKOS: Kaffi og bakst måtte til då Torbjørn Reime (t.h.) fekk fint ettermiddagsbesøk i verkstaden sin på Apeland denne veka. Frå venstre: Nils Reime, Jan Øgaard og Bjarte Heskja. Foto: Foto: Keth Odland

Minna er mange, og historiene sit laust i verkstadhallen denne ettermiddagen.

– Ein gong blei eg henta opp til Lofoten for å sjå på ein maskin. Det var opp og ned på same dagen, fortel han.

– Kva? Dagstur til Nord-Noreg? utbryt Torbjørn Reime.

Første oppdrag etter ulykka

Oppdraget på Apeland er Heskja sitt første etter den ulykksalige sykkelturen for fire år sidan.

– Eg har lege litt lågt etter ulykka, men eg har gode kameratar som tar meg med på køyreturar for å sjå på det som går føre seg rundt forbi, ikkje minst hos alle kontaktane og kjenningane mine i anleggsbransjen. Då Torbjørn spurde om eg ville koma opp til han i Bjerkreim for å sjå på den fine Brøyten hans, kjende eg at det var noko eg hadde lyst til, seier han.

Den 44 år gamle, men skinande nylakkerte maskinen til Torbjørn Reime er totalrenovert, men alt fungerer likevel ikkje prikkfritt.

– Eg skal sjå på hydraulikktrykket; sjekka nokon innstillingar og justera litt. Eg har laga ein perm til Torbjørn med diverse instruksjonar og trykkinnstillingsskjema, seier den tilreisande eksperten.