– Kjekt med litt som skjer om sommaren, seier Sigrid Haugstad Harbo (i rosa), som tok initiativ til å ta med systera Anne Wilhelmsen med familie, til skutefesten i Sirevåg. Framme står Sophia og Joshua Wilhelmsen (begge 11) og Sebastian Rosseland Johannesen (12)
– Kjekt med litt som skjer om sommaren, seier Sigrid Haugstad Harbo (i rosa), som tok initiativ til å ta med systera Anne Wilhelmsen med familie, til skutefesten i Sirevåg. Framme står Sophia og Joshua Wilhelmsen (begge 11) og Sebastian Rosseland Johannesen (12). Foto: Snorre Standish Norheim

– Me er ganske mykje heime i ferien i år. Då er det gildt å kunna fylla dagane med kjekke aktivitetar og ting som skjer. Me hadde høyrt om denne skutefesten, som freista med liv og røre, god stemning og kjekke aktivitetar, seier Sigrid Haugstad Harbo.

Ho står på dekket til staselege «Sørlandet» saman med systera si Anne Wilhelmsen, som har lagt fredagsturen til herlege Hå. Ho er utflytta vigrestadbu og busett i Stavanger.

På éin time har gjengen nådd å besøka fleire av seglskutene, treffa på kjentfolk i marknadsgata og høyra musikk frå scena.

Sebastian (12), Joshua (11) og Sophia (11) har prøvd fleire aktivitetar for barn, som inkluderer klatretårn, stempeljakt og båtsnikring i regi av Jæren kystlag og leikar i regi av Hå kommune. Seinare på dagen blir det palleløp ute i vågen.

Starten på dagen har rett og slett vore ganske innhaldsrik. Derfor er det ingen tvil om kva som er neste punkt på programmet.

– Me har gått og kjent på masse god matlukt, slik at me nesten ikkje kan venta med å få kjøpt oss noko mat, seier Haugstad Harbo.

Gjengen har mykje å velja mellom – både Pauserommet, Bogsdalen gard, slaktaren R. Skretting, Sirevåg velforening og Brusand IL har servering, alt frå vaflar til grillmat og fiskesuppe.

Marknadsgata.
Marknadsgata. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Aktivitetar for dei yngste.
Aktivitetar for dei yngste. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Sirevåg bedehus og Bogsdalen gard har matservering. I hagen til Vågen 38 er det ølservering.
Sirevåg bedehus og Bogsdalen gard har matservering. I hagen til Vågen 38 er det ølservering. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Sørlandsidyll.
Sørlandsidyll. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ståande applaus for demenskoret

Arrangementet starta klokka 12:15, då nederlandske «Morgenster» kom glidande inn vågen og ordførar Jonas Skrettingland ønskte velkomen.

Han overlét scena til konferansier Monica Cecilie Høien, som introduserte dagens første musikalske innslag: Hå kommune sitt eige demenskor, Den glade sanger, som heldt sin andre konsert på kort tid.

Etter at koret hadde innkassert ståande applaus, vart publikum lova nye musikalske innslag kvar time fram til klokka vart 17. I kveldinga, klokka 19, står artisten Rita Eriksen på scena.

Ståande applaus for demenskoret:

– Utruleg gildt at så mange folk har tatt vegen. Me skal ha allsidig program utover dagen og skal få ein fin dag. Når me attpåtil har fått vêret med oss, så skal dette bli bra, sa ordførar Jonas Skrettingland.
– Utruleg gildt at så mange folk har tatt vegen. Me skal ha allsidig program utover dagen og skal få ein fin dag. Når me attpåtil har fått vêret med oss, så skal dette bli bra, sa ordførar Jonas Skrettingland. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Monica Cecilie Høien intervjuar dirigent Jofrid Mosland før konserten. Mosland fortalde at koret har hatt tolv øvingar sidan det vart starta tidlegare i år, etter inspirasjon frå NRK-programmet som vart ein stor suksess.
Monica Cecilie Høien intervjuar dirigent Jofrid Mosland før konserten. Mosland fortalde at koret har hatt tolv øvingar sidan det vart starta tidlegare i år, etter inspirasjon frå NRK-programmet som vart ein stor suksess. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
«Morgenster» kjem glidande.
«Morgenster» kjem glidande. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Storfint, uoffisielt, besøk

Tall Ships Races sin venskapsetappe går i år frå Fredrikstad til Lerwick, med eit uoffisielt stopp i Sirevåg på halvvegen.

To av dei tre store norske var mellom seglskutene som klappa til kai: «Sørlandet» frå Kristiansand og «Christian Radich» frå Oslo.

På fleire av skutene vart publikum inviterte til å koma om bord.

Magnus Aspmo og Caroline Bjelland Guillermard med Frida (5), Sondre (12) og Eskil (9) Bjelland Aspmo har tatt turen frå Sandnes, for å vera med på aktivitetar og sjå på seglskutene. Her nyt familien vaflar på «Christian Radich».
Magnus Aspmo og Caroline Bjelland Guillermard med Frida (5), Sondre (12) og Eskil (9) Bjelland Aspmo har tatt turen frå Sandnes, for å vera med på aktivitetar og sjå på seglskutene. Her nyt familien vaflar på «Christian Radich». Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Desse skipa besøkte Sirevåg:

  • «Christian Radich» (Norge)
  • «Sørlandet» (Norge)
  • «Morgenster» (Nederland)
  • «Dar Młodzieży» (Polen)
  • «Capitan Miranda» (Uruguay)
  • «Betty» (Danmark)
  • «Patricia» (Belgia)
  • «Roald Amundsen» (Tyskland)
  • «Westvind af Göteborg» (Sverige)
  • «Alexander von Humboldt II» (Tyskland)
  • «Alba Explorer» (Storbritannia)
  • «Lietuva» (Litauen)
To kvite skuter: «Dar Młodzieży» og «Sørlandet», sett frå «Christian Radich».
To kvite skuter: «Dar Młodzieży» og «Sørlandet», sett frå «Christian Radich». Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Vågen sett frå «Sørlandet». På motsett side ligg «Christian Radich».
Vågen sett frå «Sørlandet». På motsett side ligg «Christian Radich». Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Det største skipet er polske «Dar Młodzieży», som er heile 108,81 meter langt.
Det største skipet er polske «Dar Młodzieży», som er heile 108,81 meter langt. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Risikosport.
Risikosport. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Den nye småbåthamna.
Den nye småbåthamna. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim
Sirevåg viste seg frå si beste side.
Sirevåg viste seg frå si beste side. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim