Øksnevadvegen, mellom Øksnevad skule på eine sida og rundkøyringa ved Q-Meieriene på den andre, er ein plass Utrykningspolitiet stadig vender tilbake til.

Her er det 60-sone, men ein veg som er såpass rett at fleire tydelegvis lar seg frista til å trø litt ekstra på gassen. Eit kjapt søk i arkivet viser i alle fall at det med ujamne mellomrom kjem meldingar om folk som har fått forenkla forelegg her.

Onsdag føremiddag hadde UP nok ein gong stilt seg opp langs Øksnevadvegen. Resultatet blei heile 17 forenkla forelegg. I tillegg blei ein sjåfør meld til politiet etter å ha fått for mange prikkar på førarkortet.

Den høgaste farten UP målte i løpet av tida dei stod der, var 82 kilometer i timen.

Det er politioverbetjent Thomas Thue ved Jæren politistasjon som opplyser dette til Jærbladet.