Natt til 4. oktober slo ekstremvêret «Amy» inn over Jæren og resten av Sør-Norge.
Når det kjem uvêr til jærs, treff det ofte Obrestad hamn først.
Denne gongen trefte det ei gammal fiskarbu særleg hardt. Den gamle Moelven-brakka tolte ikkje møtet med stormen.
Brakka står på Leif Obrestad sin eigedom. Til Jærbladet fortel han at det var nokre fiskarar som i si tid gjorde ein avtale med far hans om at dei skulle få setta opp ei brakke på eigedommen, og at brakka skulle tilfalla garden når dei ikkje hadde bruk for ho lenger.
Etter stormen i haust, har Obrestad søkt om, og fått, rivingsløyve.
– Eg fiskar ikkje sjølv, så eg har ikkje bruk for ho, seier han.
På spørsmål om når brakka skal rivast, svarar han at han i første omgang må kopla av straumen.
– Så får me ta resten når me får tid, seier han.
Ifølge Norsk Naturskadepool er «Amy» blant dei hauststormane som har gjort mest skade i Norge nokosinne.