Like etter klokka 21 melde politiet at guten er målt til 165 km/t i 80-sona på Nordsjøvegen ved Ogna.
Operasjonsleiar Steinar Knudsen opplyser at farten kan bli endra når videomaterialet blir sjekka.
Ifølge patruljen kan den ha vore nærmare 200 km/t.
– Eg veit berre at dei har han på videoen, men kor lenge han kan ha køyrt, veit eg ikkje, seier Knudsen.
– Har det vore meldingar frå vitne?
– Ikkje tilbake til oss. Det er ei måling gjort under ein rutinepatrulje. Om dei stod stille eller køyrde, er eg usikker på. Men sidan det er video, reknar eg med at dei køyrde.
Risikerer fengsel
Knudsen er ikkje kjent med meldingar om farlege situasjonar. Det er ikkje mistanke om rus, seier han.
Skilta på bilen vart tatt på staden – for utslitne dekk og ein del andre tekniske feil.
Føraren samtykte ikkje til beslag av førarkort. Politiet opprettar sak.
Ifølge riksadvokaten sine retningslinjer om fartsoverskridingar, skal det normalt takast ut tiltale når farten er høgare enn det som gjev høgaste bøtesats.
Den rapporterte farten tysdag kveld er høgare enn det som kan gje bot (125 km/t) eller samfunnsstraff (130 km/t). Ifølge retningslinjene skal det takast ut tiltale om fengselsstraff frå og med 136 km/t i 80-sona.