Atta Assad Sharif viser fram ein powerbank lik den som onsdag i førre veke starta ein brann i vaskehallen til Jæren bilpleie på Re.
Atta Assad Sharif viser fram ein powerbank lik den som onsdag i førre veke starta ein brann i vaskehallen til Jæren bilpleie på Re. Foto: Håvard Ovesen

– Beklagar at det er litt rotete, seier innehavar Atta Assad Sharif.

Han viser veg inn i lokala der dei tilsette ved Jæren Bilpleie på Re jobbar på spreng for å rydda opp etter brannen som braut ut i dei tidlege morgontimane førre onsdag.

Den eine sida av hallen har dei klart å reingjera, men den andre sida er tydeleg brannskada.

Mykje øydelagt

Dei har ein stor jobb føre seg før alt er klart for gjenopning.

Til dømes må ein av portane inn til vaskehallen bytast ut og dei andre treng service. Delar av det elektriske anlegget må òg bytast ut, medan dei tilsette sitt pauserom må rivast og taket over hallen bytast ut.

– Eigentleg skulle me ha vore i gang med taket allereie, men på grunn av vêret har ikkje det vore mogleg, fortel Sharif.

Slik ser det ut i den delen av vaskehallen der brannen oppstod. Taket, og pauserommet over venterommet må rivast – og porten bytast ut.
Slik ser det ut i den delen av vaskehallen der brannen oppstod. Taket, og pauserommet over venterommet må rivast – og porten bytast ut. Foto: Foto: Håvard Ovesen

I den eine delen av lokalet har dei samla alt av utstyr og ting som framleis kan vera brukande. Noko er nok vann- eller røykskadd og må hivast, medan andre ting kan reparerast. Utanfor står ein konteinar der dei kastar alt som har vorte øydelagt.

Kor lang tid det vil ta før dei er i gang med normal drift igjen er vanskeleg å seia, men Sharif fryktar at det fort kan ta halvannan til to månadar.

– Eg håpar me kan komma i gang så fort som mogleg, slik at me ikkje mister kundar, seier han og legg til at nå handlar det om å redda bedrifta.

Mykje vart øydelagt i brannen, men for Sharif er korkje det eller dei økonomiske konsekvensane det viktigaste.

– Det som har skjedd, har skjedd. Det viktigaste er at ingen kom til skade, seier Sharif.

Powerbank

Han fortel at brannen oppstod i ein powerbank med batteristartar.

– Eg sette han på lading i to-tre tida på ettermiddagen tysdag. Då eg var innom igjen i sjutida på kvelden, såg eg at han ikkje lyste, slik han skal gjera når han ladar. Eg trudde batteriet sikkert var heilt tomt, så eg tok leidningen ut og sette han i igjen. Då lyste han, fortel Sharif.

Morgonen etter vart han vekka av dei tilsette som fortalde at det hadde vore brann i vaskehallen.

– Eg vart sjokkert, seier Sharif.

– Det viktigaste er at ingen menneske kom til skade, seier Sharif.
– Det viktigaste er at ingen menneske kom til skade, seier Sharif. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ein video frå eit overvakingskamera stadfestar at brannen oppstod etter det som ser ut som ein eksplosjon i powerbanken. Både porten, veggen ved og taket over der powerbanken stod til lading fekk store skadar.

Tre bilar som stod i hallen, og som Sharif sjølv eig, skal ha fått røyk- og sotskadar.

Sharif gjentar at det viktigaste er at ingen kom til skade.

Takk til brannvesenet

Slik såg den verst råka veggen ut dagen etter brannen.
Slik såg den verst råka veggen ut dagen etter brannen. Foto: Foto: Privat

Han nyttar høvet til å komma med eit stort takk til brannvesenet, som han meiner gjorde ein god jobb.

– Dei redda plassen. Det kunne gått mykje verre, seier Sharif.

Han eig òg gatekjøkkenet Kvess, som ligg vegg i vegg. Her vart det til alt hell berre nokre små vasskadar.

Han peiker rundt på alt han har gjort i vaskehallen sidan han tok over i 2018.

– Eg la opp all straumen, eg bygde pauserom og eg laga til eit anlegg i taket. Men sånn er det, eg må ta alt på nytt, seier han.

Sharif seier han har ei god forsikring.

– Men eg hadde aldri trudd det skulle brenna her, seier han.

Denne bilen, som Sharif eig, stod parkert rett der powerbanken begynte å brenna. Veggen i bakgrunnen er på motsett side.
Denne bilen, som Sharif eig, stod parkert rett der powerbanken begynte å brenna. Veggen i bakgrunnen er på motsett side. Foto: Foto: Privat

Han legg til at dei har gode brannvernrutinar og er nøye på å trekka ut stikkontaktar og liknande når dei går for dagen.

– Men akkurat den powerbanken har me tenkt har vore grei å ha klar når me kjem på jobb om morgonen.

– Har lært

Han viser fram ein powerbank lik den som tok fyr.

– Eg hadde aldri venta det. Tenk at ein så liten ting kan gjera så stor skade, seier han.

Nå åtvarar Sharif andre mot å la ting stå på lading over natta.

– Me, og dei rundt oss, har lært av dette. Men det som har skjedd, har skjedd. Me kan ikkje sjå bakover. Me må heile tida sjå framover, seier han.