Sveinsvoll lev av å vera terapeut og kurshaldar. Mykje av arbeidet hennar føregår over nett. Det er òg der ho marknadsfører seg, i stor grad med videoar på Instagram.

Ekkel video

Nyleg fekk ho ei melding av ein Instagram-konto ho ikkje kjende.

Meldinga, som kom frå ein slags vitsekonto med tre følgarar og som offentleg postar KI-genererte filmsnuttar, var at avsendaren, som hevda å vera ein stor fan av Sveinsvoll sine videoar, hadde fått ein video som ein kamerat hadde laga og at denne burde vera noko ho sette pris på.

Sveinsvoll takka høfleg og sa at ho skulle sjå på det seinare.

Då ho opna vedlegget, viste det seg å vera videosnuttar der klipp frå hennar eigne Instagram-reels var klippa saman til ein dialog med ein mann sine reaksjonar. Klippa av mannen er manipulert med ein form for filter.

Innklippa er plumpe og inkluderer ei utsegn frå mannen om at han «har lyst til å valdta henne hardt i ræva».

Sveinsvoll blei ikkje direkte redd, i alle fall ikkje med ein gong, men innrømmer at ho har begynt å kikka seg litt ekstra over skuldra. Ekstra ubehageleg er det å få sånne meldingar når ho bur i lag med små barn.

I utgangspunktet kjenner ho seg trygg i seg sjølv.

– Men blir du overfallen av nokon som er sterkare enn deg, hjelper det ikkje så mykje at du er sjølvsikker, seier ho.

Lite overraskande

Sveinsvoll seier ho blei litt oppgitt, men ikkje veldig overraska, då ho først såg kva det var ho hadde fått.

– Eg har høyrt om mange andre som har fått liknande innhald. Truslar og kjipe kommentarar, både i kommentarfelt og direktemeldingar har nesten blitt daglegdags, særleg for kvinner og minoritetar, men òg politikarar, seier Sveinsvoll.

Ho er avhengig av å bruka sosiale medium til marknadsføring og fortel at dei ho har snakka med driv med det same, meiner at tilbakemeldingar som den ho fekk, kjem meir eller mindre automatisk når ein berre når ut til mange nok folk.

– Det er alltid nokon som er ute etter å øydelegga, seier ho.

Ho har avgrensa forventingar til at saka blir oppklart, men melder saka til politiet av prinsipp.

– Eg vil ikkje at dette skal bli behandla som noko daglegdags, seier ho.

Tilbakemeldinga ho fekk frå politiet, seier ho, var at det var bra at ho melde frå. Viser det seg at same konto har send same typen meldingar til andre, veks sjansane fort for at det blir sett faktiske ressursar på saka.

– Eg vil absolutt tilrå alle andre som opplever liknande å politimelda, seier Sveinsvoll.

– Eit samfunnsproblem

Ho har tenkt ein del på kva som kan ha fått den anonyme kontoen til å senda henne dei ubehagelege videoane.

– Kan henda kjenner dei på det som ein trussel når ei dame snakkar om å styrka andre damer, noko som er ein stor del av det eg driv med. Eg jobbar med å hindra at kvinner skammar seg unødig. For dei som er vande med å gjera kva dei vil, utan konsekvensar, kan det òg vera uvant å bli motsagt, seier ho.

Ho tviler på at trusselen i KI-videoen er bokstavleg meint.

Det er likevel grunn til å vera redd, meiner ho, særleg for den nedkjølande effekten denne typen meldingar kan få for ytringsklimaet. Sveinsvoll kallar det eit samfunnsproblem.

Ho dreg ein parallel til hekseprosessane. Dei brutale offentlege avrettingane ikkje berre hadde direkte påverknad på dei som blei brent på bålet, men på alle kvinner som fekk dei med seg, argumenterer Sveinsvoll.

For å unngå skuldingar om hekseri, trekte kvinner seg tilbake, medvitne om at det var tryggast å ta mindre plass i samfunnet, meiner ho.

Sveinsvoll meiner samfunnet er tent med at fleire stemmer kjem til i debatten.

– Me treng mangfald over alt, anten det er i næringslivet, i politikken eller i styre og stell, seier ho.

Kleppsbuen har fått med seg at det politiske miljøet i Klepp spør seg om kvifor det er så vanskeleg å rekruttera kvinner. Ho utelukkar ikkje at frykta for å få medfart i sosiale medium speler inn.

– Eg trur mange fleire kunne tenka seg å snakka høgare om dei visste at det var trygt, seier ho.

Dystre tal

Ein rapport frå Medietilsynet kan tyde på det same. I ei undersøking frå 2024 kom det fram at 13 prosent av dei spurte hadde opplevd å bli hetsa på nettet i løpet av det siste halvåret. Blant dei yngste respondentane var andelen mykje høgare.

Over halvparten av dei spurte hadde i same tidsrom sett andre bli utsett for hets eller nedsettande kommentarar, eit tal som òg går igjen i dei nyaste tala frå Statistisk sentralbyrå.

Ifølge Medietilsynet, oppgjev 16 prosent av dei som har opplevd netthets at dei ikkje lenger deltar i debattar og diskusjonar på nett, medan 33 prosent svarar at dei har blitt meir forsiktige med å delta i denne typen diskusjonar.

Eit par dagar etter at Sveinsvoll leverte inn politimeldinga, fekk ho beskjed om at politiet hadde lagt vekk saka med grunngjevinga ukjend gjerningsmann.

– Det er i praksis fritt fram for folk å sende anonyme truslar, sjikane og liknande, så lenge dei er anonyme, konkluderer Sveinsvoll.

– Må stri mot straffeloven

Kaare André Ødegaard er fagansvarleg i Nettpatruljen i Sør-Vest politidistrikt. Han har ikkje jobba med Sveinsvoll si sak, og uttalar seg til Jærbladet på generelt grunnlag.

Han seier at alle som kjenner seg utsette for noko som ikkje er greitt, bør melda saka til politiet. Han er fullt klar over at mange saker blir lagt vekk, men seier at for politiet sin del er det framleis nyttig, for det gjer ein indikasjon på mørketala. Det kan òg vera med på å styra vidare prioriteringar og tiltak.

– Prosessen med å melda ei sak til politiet har blitt veldig forenkla. Det kan gjerast digitalt over nett, seier han.

Han minner om at dei fleste nettplattformer òg har rapporteringsfunksjonar om nokon opplever noko som ikkje er greitt. Ødegaard oppmodar publikum til å nytta seg av desse.

Første stopp bør i mange tilfelle vera politiets Nettpatrulje, som er tilgjengelege døgnet rundt, både på Instagram og Messenger.

– Der kan du sparra direkte med dei, og få råd om kva du kan gjera vidare, seier Ødegaard.

Fagleiaren seier at ein set seg i ein sårbar situasjon når ein deler mykje på nett, har opne kommentarfelt og liknande.

Han understrekar at det på internett er mykje som kan vera dårleg folkeskikk, uhøfleg og ufint, utan at det fell inn under kategorien straffbart.

– Me i politiet må forhalda oss til om det er brot på straffeloven, seier han.

Hatefulle ytringar er forbodne, men har ein relativt snever definisjon. Trakassering over tid, krenking av privatlivets fred eller skremmande eller truande åtferd er òg straffbare handlingar.

Politiet har avgrensa med ressursar, men om dei tenker det er grunnlag for å gå vidare finst det høve for å henta inn informasjon om avsendarane sine IP-adresser.

– Det er ikkje slikt at det aldri blir gjort, men då er me fort inne i hatkriminalitet eller veldig tydelege truslar, seier Ødegaard.

Sigrid Bonde Tusvik, her fotografert under ein demonstrasjon foran Stortinget for nokre år tilbake, er komikar og samfunnsdebattant og har sjølv fått mange ubehagelege meldingar. – Eg synest at verda blir ein tristare stad når folk får andre til å bli utrygge, seier ho til Jærbladet.
Sigrid Bonde Tusvik, her fotografert under ein demonstrasjon foran Stortinget for nokre år tilbake, er komikar og samfunnsdebattant og har sjølv fått mange ubehagelege meldingar. – Eg synest at verda blir ein tristare stad når folk får andre til å bli utrygge, seier ho til Jærbladet. Foto: Foto: Terje Pedersen, NTB

Mange tar kontakt med politiet for å melda frå om ubehagelege meldingar og kommentarar på nett.

– Men det er ikkje alt som er ei politisak, seier Ødegaard.

– Gjer verda tristare

Sveinsvoll har vore i kontakt med komikar og samfunnsdebattant Sigrid Bonde Tusvik, som har politimeld fleire tilfelle av truslar om drap og valdtekt og vald mot barna hennar.

Tusvik fortel at dette ofte kjem i meldingar frå lukka kontoar, men at det òg hender at ho får meldingar direkte via SMS, Messenger eller direktemeldingar på Instagram.

– Eg synest at verda blir ein tristare stad når folk får andre til å bli utrygge, seier ho til Jærbladet.

Tusvik gjev Sveinsvoll rett i at ytringsrommet krympar inn, særleg for kvinner og minoritetar.

Ho seier at menn òg blir trua, men at truslane sjeldnare er seksuelle.

– Me kvinner blir trua med valdtekt eller at noko skal skje med barna våre. Dette fører ofte til at me held meir kjeft, blir meir varsame og trekk oss tilbake frå offentlegheita, som er synd. Me ender opp som humørlause kjerringar, men det er truslane og kommentarane som gjer oss til dette. Me er eigentleg rause, kule kvinnfolk med ein kjapp kommentar på lur.